mandag 29. november 2010

Eg vann, eg vann!!

Eg vann gevinst på jobben før helga, så det sto pakke å venta på kontoret mitt i dag!! Fantastisk kjekk måte å starte veka på! :) Eit flott kremmarhus laga av kollegaen min, Solveig Hansen. Var utruleg flott! I tillegg var det med ei lita søt engel.


Gevinsten var nesten som eit kinderegg, for eska som gåva låg i var kjempefin og kan nyttast ved eit seinare høve... :)

Var i tillegg innom Nille på vei heim og snopa med litt pynt til kontoret mitt:


Blir fin i vinduskarmen min! :-)

søndag 28. november 2010

Ukesoppsummering!

Tida går forsvinnande fort. Sidan sist så har eg klart å komme meg på siste HarryPotter filmen, The deathly hallows! Eg har vore fan av Harry Potter sidan dei første bøkene kom. Filmane vert ikkje det samme som bøkene, men det er samtidig imponerande effektar!


Filmen er bra, men er nok som nokon skildra den: ein ventefilm. Blir kjekt når den neste filmen kjem til våren! Gledar meg.

Elles så har me unnagjort årets julabord på ei helg. Vart litt kjedeleg når det vart to kveldar på rad på samme plassen, men mykje kjekke folk. Fekk i samme slengen feira bursdagen min, med opptil fleire bursdagssangar lørdagskvelden! Har nå laga ferdig den obligatoriske kaka til kollegaene på jobb i morgon:


Eg har faktisk testa ut Regal sin ferdige pakke, sjokoladekake med glasur og seigmenn til dekor. Fann ut at den måtte testast når den faktisk er glutenfri! :-) Kaka vart svært så god, min sambo kategoriserte den faktisk som den beste sjokoladekaka han hadde smakt. Det som var nedtur var når eg skulle dele ned opp i stykker, og glasur og deig festa seg som berre det til kniven! Det vart skikkeleg stygt på midtstykka! Kjem nok heller til å nytte oppskrifta eg fekk av ein kollega til seinare høve! :-)

Nå sit eg og nyt ei stove som er ferdig pynta til advent. Det einaste som manglar nå er nokre sviblar, amaryllis og julestjerner. For å få plass til desse (og alle nissane osv) har orkideane mine fått ny plass enn så lenge:


Det vart eigentleg ikkje så dumt, ganske fint å ha dei samla. Er spennande å sjå kor lenge dei vert ståande med blomar. Til nå har dei stått i mange månader og det er berre den eine av desse som har byrja visne.

Kjenner at det vert ein tidleg kveld i dag sidan det vart rangling to kveldar på rad etter juleborda!! :-)

mandag 22. november 2010

Produktiv helg.

Hadde eit lite raid i helga, med julebakst og rundstykker.
Oppskrifta på rundstykker er henta frå boka Glutenfri bakst av Charlotte Andersson. Det er ei bok som har svært mange gode oppskrifter! I oppskrifta står det at røra skal få same konsistens som bløtkakerøre og at dei skal settast ut med to spiseskjeer. Eg syns ikkje dette såg ut til å være ein god ide og fann difor fram store muffinsformer som eg klatta røra oppi. Resultatet vart slik:


Rundstykker:
50 g gjær, 6 dl melk, 3 ss rapsolje, 2 ss fiberhusk, 1 dl fibrex/sukkerroefiber, 1 ts knust bokhvete, 2 ss honning, 1 ts salt og ca 7 dl glutenfri fin brødmiks. Solsikkekjerner og sesamfrø til topping.

Smuldre gjæren i ei bolle. Hell over den kalde melka og olja. La maskina gå nokre rundar så gjæren løyser seg opp. Bland i fiberhusk, fibrex/sukkerroefiber, bokhvete, honning og salt. Rør om og la det stå i 10 minutter. Tilsett mel litt etter litt, deigen skal være ei løs røre. Ha røra i store muffinsformer. La heve i 1 1/2 time. Stek på 250 grader i 10-12 minutter.

Det såg ikkje så imponerande ut, men smaken var god!
Nordlandskaker:
200 gr (2 dl) lys sirup, 200 gr margarin, 3 egg (romtemperert), 350 g sukker, 4 dl kefir, 4 ts hornsalt, 2 ts vaniljesukker, 3 pk Toro fin kakemiks.

Smelt sirup og smør, avkjøl. Visp egg og sukker til eggedosis. Rør hornsaltet ut i kefiren, vend det i eggedosisen sammen med smeltet sirup og smør. Tilsett vaniljesukkeret iblandet litt av melet. Bland inn resten av melet. Dekk deigen til og la den stå kaldt 3-4 timer, eller over natta. Kjevle ut til 2-3 mm tykke leiver. stekes på varm takke eller tørr og ren stekepanne. Avkjøl på rist.

Krotekaker:
4 dl kefir eller cultura, 1 ts fiberhusk, 1 dl rømme, 2 ts natron, 1 ts hornsalt, 2 ss lys sirup, 700 gr semper eller finax melmix(rød /blå) og 50 gr jyttemel.

Ha kefir eller cultura og rømme i ei bolle, tilsett fiberhusk, natron og hornsalt, rør godt sammen og la det svelle. Ha i sirup og mel, elt godt og la det stå i kjøleskapet 3-4 timar eller natta over. Del deigen opp i 18 emner, Kjevles ut med krotekjevle og stekes på takke, Avkjøl lefsene, legg dem i stabler.

lørdag 13. november 2010

Giveaway hos Frk Wickstrøm...


Frk Wickstrøm skal ha giveaway der ei shoftshell jakke frå Ilse Jacobsen er gevinst! Klikk dykk inn her og ta lodd! :)

fredag 12. november 2010

Fredagskveld!

Måtte bare dele eit bilde av hunden min som eg tok i dag. Eg hadde kjøpt nye tyggeleiker til ho, som ho måtte vente med å ta til eg hadde teke bilde. Ho er ganske flink til å vente, men vert litt frustrert og då gjespar ho. Det vart sjåande litt feil ut:

Snerr!
Ho ser jo så farleg ut, men alle som har helst på Akeela veit ho er svært så snill!

Noko meir presentabel.
I dag hadde eg både firbeinte og to beinte i hus som var svært så fornøyd. Akeela fekk to nye tyggeleiker til å ødelegge, medan sambo fekk ein stim med kardinaltetra og planter til akvariumet (tidleg bursdagspresang). Vanskeleg å sei kven som vart mest nøgd, ho som låg og gnurka på golvet eller han som inspiserte akvariumet med stjerner i augene.... 

Eg er forresten ferdig med priosjekt "leggvarmere". Må sei at eg vart ganske så nøgd med reslutatet:


Håpar den som skal få dei og vert nøgd. Har jo mange prosjekt liggande som eg burde få ferdig, men kjenner eg meg sjølv rett så vil eg byrje på eit nytt prosjekt ganske snart.... :)

I kveld skal det bare være avslapping og kos med gullrekka. :)

mandag 8. november 2010

Julekaker

Mandagskos!
 
Tenkte eg skulle legge ut oppskriftene til kakene eg var med å lage i helga:

Sandnøtter (potetemelstoppar):
250 gr smør, 250 gr sukker, 1 egg, 500 gr potetemel, 125 gr mel, 4 ts vaniljesukker og 1 ts bakepulver.
Smør og sukker røres kvitt. Ha i resten, og kna deigen sammen.Trill ut små kuler (pass på å lage dei ganske små), trykk ned med ein gaffel. Steik på 180 grader til dei er gylne under, 10-15 minutt. Kakene er svært porøse medan dei er varme, legg dei forsiktig over på rist.

Mor mi påstår sandnøttene vert betre når dei vert laga med det glutenfrie melet!

Nøttetoppar:
200 gr sukker, 200 gr malte mandlar/hasselnøttkjernar og to egg.
Pisk egg og sukker til eggedosis. Ha i malte nøtter, pass på konsistensen. Sett ut med teskjei. Pass på å lage dei små nok, dei sig litt utover under steiking. Pynt med ei heil hasselnøtt. Steik på 175-200 grader i ca 10 minutt.

Sprø kakevaflar/harde vafler:
4 egg, 250 gr sukker, 250 gr smelta smør, 500 gr potetemel, 3 ts bakepulver.
Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker. Ha i smelta smør, potetemel og bakepulver. Stivpisk eggekvitene og rør dei forsiktig inn.

Brune pinnar:
200 gr smør, 200 gr sukker, 1 eggeplomme, 1 ss lys sirup, 1/2 ts kanel, 1 ts vaniljesukker, 1 ts natron og 300 gr mel. Eggekvite, perlesukker og hakka mandlar.
Rør smør og sukker godt saman. Bland i resten. Elt deigen og del i seks delar. Trill pølser og trykk flate. Pensle med eggekvite, strø på sukker og hakka mandlar. Steik i 10 minutt på 175 grader. Skjær pølsene opp i pinnar medan dei framleis er varme.


Enjoy!!!

lørdag 6. november 2010

Snikstart!

I dag har eg reist heim til Åkra. Hadde ein fin kjøretur over eit haustfarga fjell:




 Mor mi har mine bøllefrø av tantebarn på overnatting i helga, og me har benytta anledninga til å bake julekaker:

Harde vafler, pappa sin favoritt!
Nøttekaker
Sandnøtter/potetemelstoppar
Det vert ikkje baka fleire sortar i dag, men kanskje det vert nokre brune pinnar i morgon. Det kjem an på om dei søte små bøllefrøa er meir opplagt i morgon. Dei har sitte å gjespa om kapp, så reknar med det vert ein tidleg kveld etter taco og diverse obligatoriske program som x-factor og den utrolige reisen...