mandag 20. februar 2012

Fastelavns-boller med eigen vri

Då var fastelavn passert, og fasten nærmer seg styggeleg... Fastelavn er sju veker før påska og markerer starten på fasten. (For dei som driv med sånt...) Fastelavn vert markert på forskjellig vis rundt om i verda, her heime er det mest vanleg med boller, bjørkeris og karnevalskledde ungar. Eit anna namn på fastelavn er fleskesøndag, sidan skikken var å feite seg opp før fasten. Dagen etter kalles fleskemåndag, eller blåmåndag!! Etterfølgande tysdag vert kalla feitetysdag, eller kanskje meir kjent: Mardi Gras. Mardi Gras markerer slutten på karnevalstida, og onsdagen etter innleder fasten. Har då og det noko meir nøkterne kallenamnet askeonsdag. 


Det har nok blitt bakt mange boller og piska nokre liter krem i dei norske heimar i helga. Eg har og laga boller, men med ein litt annan vri enn den klassiske "fastelavn - bolla". 


Oppskrift:
100 g smør, 500 g mel, 1 1/2 ss jyttemel, 1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 4 1/2 dl vatn,  2 ss sukker, 1 ts salt og 1 ts kardemomme. 


Smøret smuldres i melet. Eg nytta tørrgjær i dag og hadde difor alt det tørre i ei bolle, tilsatte så vatnet og jobba alt saman til ein jamn deig. La heve i 30 minutt. Kna deigen godt saman. Del i emner og form til ønska boller. Eg klappa dei flate og fylte dei med marsipan, sjokolade og nøtter. La heve 15-30 minutt og steik i 12 minutt på 250 grader.






Bollane vart svært gode og kan absolutt anbefalast. Oppskrifta er eigentleg til hamburgerbrød, difor lite sukker. Ut frå denne deigen kan ein lage alt mogleg: pinnebrød, hamburgerbrød, boller, pitabrød osv osv... Det er berre å ta vekk krydder eller tilsette meir sukker for søte boller. 




torsdag 16. februar 2012

Morsdag

Nå har morsdagen kome og gått for i år... Morsdag er ein skikk som starta i Amerika på tidleg 1900 - talet. Skikken er blitt svært kommersialisert av handelsstanden i løpet av åra. Dagen vert markert på forskjellige tider og måtar i forskjellige land. I Norge er morsdag andre søndagen i februar.


Korleis markerte du den?? Då eg var mindre var tradisjonen å smørje nokre skiver som eg drog inn i senga til mamma og pappa. Dei siste åra har det vore meir vanleg at eg lagar ei kake og tek turen innom på besøk. I år vart det ei bløtkake med aprikosfyll og litt alternativ topping. Det vart litt lite då eg hadde lagt ut sjokoladen, så eg rota i posen med smågodt og fann mamma sin favorittgodis: aprikos. 



Dei sel jo bukettar overalt til morsdag, så det var enkelt å ta med ein bukett heim og. Men trur du ikkje foreldra mine hadde reist på middagsbesøk til bror min, så eg kom til eit tomt hus!! Fantastisk bra planlegging gitt. Det var bare å ta kaka under armen og kjøre heim igjen (dei kom innom og et kaka på vegen heim). :)




Elles så ventar eg i spenning på at hunden min skal få kvelpar. Kryssar fingrane for at dei kjem nå snart!!




onsdag 8. februar 2012

Improvisert biffmiddag og tacosuppe/gryte

Av og til vert det testing av nytt tilbehør til middagen. Då opnar eg kjøleskapet og tek det eg tilfeldigvis har liggande. Som oftast vert det ein grei kombinasjon. :) Sist eg testa dette var til ein biffmiddag. Eg hadde eit stykke ytrefilet som eg skar opp i forholdsvis tynne skiver. Hadde på salt og pepper og steikte dei raskt i varm panne. 


Har fått litt dilla på pommes frites siste tida, så det vart potetsorten. Av grøntfor fann eg gulerot og litt restar med broccoli. Strimla gulerota opp med grønsaksskrellaren og steikte dei og broccoli med litt salt og pepper. Slettes ingen dum kombinasjon! 



Restane etter tacomiddagen i helga kan bli ei svært så god suppe/gryte. Om det vert suppe eller gryte avheng berre av mengd væske du har oppi. :) Starta med å frese litt løk, chilli, og gulrot. Tok i restane av tacokjøttdeigen og resten av tacosausen. Ein boks med hakka tomater. Lot det koke nokre minutt. Hadde til slutt oppi sukkererter. 



Ved servering må det tilsettas rikelege mengder ost, rømme og knuste taco/nachochips. 



Slettes ikkje dum som lunsj heller! :)