mandag 21. desember 2009

Kladdmuffins/brownies

Dette er skikkelig snop for den søtsugne, samtidig som dei er kjappe å lage. Dei skal dette saman i midten, så ikkje fortvil om dei ser misslukka ut!

100 gr smør, 2 1/2 dl sukker, 2 egg, 2 1/2 dl fin melmiks, 1 krm salt, 1/2 ts bakepulver, 2 ts vaniljesukker, 4 ss kakaopulver. Piska kremfløyte eller vaniljeis i valfri mengd. 7 store muffinsformer.

Sett steikeovnen på 200 grader. Smelt smøret. Visp egg og sukker til kvit og luftig eggedosis. Hell i det smelta smøret. Bland saman melmiks, salt, bakepulver, vaniljesukker og kakaopulver, og rør det tørre i eggedosisen. Sett muffinsformene på ei steikeplate og fyll dei 2/3 eller mindre med muffinsrøre. Steik muffinsane nederst i ovnen i ca 20 minutt. Før servering fyller du gropa på muffinsane med piska krem eller is. Snadder!!

Pizza

Nå som me alle er innesnødd her heime så passar det fint å lage ein god pizza og kose seg med. Eg prøvde ein god del før eg fann ei oppskrift på pizzabunn som eg syns var god. Denne pleier å bli ganske bra.














1 pk fersk gjær, 2 ss fiberhusk, 5 dl lunka vatn, 3 ss olje, 1 ts salt, 2 dl jyttemel, 6 dl mel (kan godt blanda lyst og grovt mel).


Smuldre gjæren i ei bolle og blande i væska. Ha så i fiberhusk og visp dette godt ut i vatnet (bruk gjerne miksmaster), la det stå i nokre minutt. Bland det tørre, ha i vatnet og olja. Rør deigen godt saman, gjerne i kjøkkenmaskin. La deigen heve lunt i om lag ein halv time. Kna deigen litt sammen og kjevle den så ut på ovnsplate. Botnen kan nok med fordel forsteikast i ti minutt før du tek på fyllet. Ha på ønska fyll, steik den så i ca. 20 minutt ved 200 til 230 grader, alt etter smak og behag.

fredag 18. desember 2009

Eplekake m/mandler

Denne kaka er veldig god, men det tar litt tid å laga den til.

100 gr malte mandlar, 3 egg, 175 gr sukker, 150 gr mel, 1 ts bakepulver, 4-6 epler, 100 gr smør, perlesukker og kanel.

Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland inn malte mandlar, mel og bakepulver. Skrell epla. Det eine eplet raspar du og har i røra saman med smelta og avkjøla smør. Ha røra i smurt form, 26 cm. Legg eplebåtar i mønster, strø på perlesukker og kanel. Steikes i 30-40 minutt på 180 grader på nederste rille. Dersom du dobblar oppskrifta passar det til langpanne.

torsdag 17. desember 2009

Enkelt brød...

Av og til er det greitt å kunne lage eit brød som er litt kjappare å hive saman enn bondebrøda:

Ein pakke semper m/fiber (eventuelt Toro grov), 5 dl vatn, 1 ts salt, 1 pk tørrgjær, 1 dl olje, 1 ss fiberhusk, nokre handfull med linfrø/sesamfrø/hakka mandler/havregryn. Varierer her og med egg eller sirup.

Hiv alt i ei bolle og bland saman med mixmaster. Dette blir ikkje ein deig som kan eltast, den skal være temmeleg rennande. Ha i ei smurt form, la heve ein halvtime. Pensle med egg/melk/vatn og ha på ønska frø osv. Steik i 30-40 minutt på 200 grader.

Bondebrød

Dette er ei grunnoppskrift som du kan lage brød eller rundstykker av. Det blir to eller tre brød, alt etter størrelse på formene. Deigen skal kunne knas og jobbes med, veldig god.

12 dl vatn, 1 pk fersk gjær, 3 ss fiberhusk, 200 gr jyttemel, 200 gr semper mix, 1 pk semper m/fiber, 1 pk toro glutenfri grov melblanding, 1 ts salt, 1 dl olje og 2 ss sirup.

Varm væska til 37 grader tilsett gjær, bland så i fiberhusken (bruk gjerne mixmaster for å unngå klumpar). Bland det tørre, tilsett væska og elt godt. Forhev i 20 - 30 minutt. Bak ut med jyttemjøl til passe konsistens. Ha i smurte former og etterhev i 15-30 minutt. Pensle med egg, vatn eller melk og ha på ønska frø eller maldonsalt. Steik på 180-200 grader i 35-40 minutt.

Du kan sjølv velge kor grovt eller fint brødet skal bli etter kva mjølblandingar du bruker. Eg har forsøkt å ha i raspa gulrot, egg, melk, nøtter og frø med stort hell (ikkje alt på ein gang såklart!).

Heisann!

Eg har lyst til å dele oppskrifter med dei som enda ikkje har funne gode oppskrifter som fungerer. Er ikkje sikkert det vil komme oppdateringar jamleg, men det får me sjå... :-) Kom gjerne med oppskrifter som de har testa ut.