tirsdag 15. november 2011

Adventskalender!



Nå har eg fått overlevert årets adventskalender! 





Det er ei venninne av meg som har laga den, og eg er litt usikker på kva den inneheld. :) Så vidt eg veit så skal kvar luke f.eks. innehalde ein kakesort som skal bakes, eller pynt som skal lages. Blir spennande å sjå!! Sjølv om eg har denne flotte kalenderen, så må eg nok ha ein Pondus-kalender og! :) 


onsdag 9. november 2011

Heimesnekra pytt-i-panne

I dag har det vore heimesnekra pytt-i-panne til middag. Skikkelig sop-i-hop etter som kva eg hadde i kjøleskapet og kva eg gjekk forbi hyllene i butikken. I dag vart innhaldet: kjøttdeig, sopp, løk, tomatbønner, hakka tomater og broccoli. Ser nok ikkje så flott ut på bildet, men smakte faktisk overraskande godt! Som tilbehør lagde eg meg kvitløksbaguettar med å ta halvsteikte baguettar, smøre på kvitløkssmør for så å steike dei. Enkelt og snadder!!!








tirsdag 8. november 2011

Test av nytt snop og ferdig håndarbeid...

Nå er det alt for lenge siden forrige innlegg! Beklage så mykje, men har ikkje hatt "blogger-ånden" over meg siste tida. Det har ikkje blitt uttesting av nye oppskrifter heller, men har fått testa ut noko nytt snop som eg plutseleg snubla over i butikken; Sjokolade-egg! Me har vel alle eit forhold til Påske-egga??? 



Sjokolade-egga har ein litt annan layout enn påske-egga, og har sjokoladekrem i staden for smørkrem. Slettes ikkje dumt, men må nok sei at påske-egga framleis er favoritten! 



Har faktisk gjort ferdig eit lite håndarbeidsprosjekt sidan sist! Legg opp 35 masker, strikk rillestrikk passeleg lenge...



Sy saman med eit lite opphald, og du har pulsvarmarar! Enkelt og fort gjort! 




Det er av og til fascinerande kva resultat min firbeinte venn klare å få, f.eks. ut av ein tom tennbrikett-boks med litt tørrfor oppi... Syns nesten eg måtte vise bildet av total kaos! :)