onsdag 9. november 2011

Heimesnekra pytt-i-panne

I dag har det vore heimesnekra pytt-i-panne til middag. Skikkelig sop-i-hop etter som kva eg hadde i kjøleskapet og kva eg gjekk forbi hyllene i butikken. I dag vart innhaldet: kjøttdeig, sopp, løk, tomatbønner, hakka tomater og broccoli. Ser nok ikkje så flott ut på bildet, men smakte faktisk overraskande godt! Som tilbehør lagde eg meg kvitløksbaguettar med å ta halvsteikte baguettar, smøre på kvitløkssmør for så å steike dei. Enkelt og snadder!!!








1 kommentar: