tirsdag 8. november 2011

Test av nytt snop og ferdig håndarbeid...

Nå er det alt for lenge siden forrige innlegg! Beklage så mykje, men har ikkje hatt "blogger-ånden" over meg siste tida. Det har ikkje blitt uttesting av nye oppskrifter heller, men har fått testa ut noko nytt snop som eg plutseleg snubla over i butikken; Sjokolade-egg! Me har vel alle eit forhold til Påske-egga??? 



Sjokolade-egga har ein litt annan layout enn påske-egga, og har sjokoladekrem i staden for smørkrem. Slettes ikkje dumt, men må nok sei at påske-egga framleis er favoritten! 



Har faktisk gjort ferdig eit lite håndarbeidsprosjekt sidan sist! Legg opp 35 masker, strikk rillestrikk passeleg lenge...



Sy saman med eit lite opphald, og du har pulsvarmarar! Enkelt og fort gjort! 




Det er av og til fascinerande kva resultat min firbeinte venn klare å få, f.eks. ut av ein tom tennbrikett-boks med litt tørrfor oppi... Syns nesten eg måtte vise bildet av total kaos! :)






1 kommentar:

  1. Såg dei egga men syntes dei såg veeeeldig søtt ut... Så eg sto over :-) Den hunden din er fantastisk effektiv , det må eg sei !!

    SvarSlett