Viser innlegg med etiketten Julekaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julekaker. Vis alle innlegg

torsdag 19. desember 2013

Årets pepperkaker

Denne oppskrifta eg har forsøkt i år fann eg inne på facebooksida "Norsk Cøliakiforening". Eg halverte den då det er ei stor oppskrift, men den originale er:

3 dl vatn, 0.5 dl lys sirup, 2 ss kanel, 2 ss nellik, 2 ss ingefær, 0.5 ts pepper, 750 gr sukker, 450 gr margarin, 2 ss natron, 900 gr jyttemel (den originale) og 500 gr Toro kakemiks. 

Bland saman og kok opp vatn, sirup, krydder og sukker. Ta gryta av plata og rør inn smør og natron. Rør til det vert kaldare og margarinen har smelta heilt. Arbeid inn jyttemelet. La deigen stå over natta, gjerne i romtemperatur, og kna så inn resten av melet. Det er jyttemelet som gjev rett konsistens, så ikkje bytt det ut. Steik kakene på 200 - 225 grader i 5 minutt. 

Eg lagde først ein deig som eg hadde alt melet i, og lot stå i kjøleskapet over natta. Den deigen var for det første knallhard og vanskeleg å få utav panna. For det andre var den ekstremt smulete og umogleg å kjevle utan at du kjørte den ei stund i mikroen. Me laga difor ein ny deig der me ikkje tok i toro-melet og lot deigen stå i romtemperatur. Då var deigen svært god å jobbe med.  


Elles så er det meste av julepynten komt opp. Det viktigaste var vel sambuaren min sin kalender som har følgt han sidan han var liten gut. Det har jammen sin sjarm når det føl med frå barndommen. 


Det er ikkje mange dagar igjen til jul nå, men ha ei fortsatt god førjulstid! 

torsdag 5. desember 2013

Sprø småkaker/havreflarn

Årets første julekaker vart i år mamma sine sprø småkaker. Dei liknar på havreflarn, men skal eigentleg innehalde rosiner. Det er verken eg eller forloveden særleg glad i, så dei vart droppa. 

Du treng:
220 gr melange, 400 gr sukker, 1 ts vaniljesukker, 1/4 ts salt, 120 gr glutenfrie havregryn, 2 egg, 85 gr kokkosmasse, 240 gr toro lys kakemiks, 2 ts bakepulver og 1/2 ts natron. 

Rør smør og sukker kvitt. Bland det tørre saman og ha oppi. Du kan ikkje bruka håndmiksar, då deigen vart ganske tung. Eg tok den ut på benken og knadde den saman. Trill deigen eller ta den med teskjeier og set ut på plater.  


Steik kakene på 180 grader i 12-13 minutt. Kakene er svært skjøre når dei kjem ut av ovnen, så la dei kvile eit minutt før du tek dei over på rist. 



søndag 16. desember 2012

Lefsebakst

I helga har eg hatt mor mi på besøk, og me har baka forskjellige sortar lefser og kaker. Det vart ein svært så lang dag. Me laga kvite, tynne lefser (og kalla mjølkelefser), nordlandskaker og potetekaker. 


Kvite tynne lefser - og kalla mjølkelefser:
5 dl lunka mjølk, 125 gr smelta smør, 1 ts hjortesalt, 1 ts bakepulver, 2 ts xanthan gum (dette hadde eg ikkje), 1 dl sukker, 1 egg, 1/4 ts salt og 1 1/2 pakke semper fin miks. Bland alt og ha i nesten 1 1/2 pakke semper. Deigen skal være fast og løsne frå bolla. 

Emna skal kjevles så tynne at du kan "sjå" benkeplata gjennom leiva. Ha godt med mel på bordet når du kjevler. Eg syns deigen var heilt grei å jobbe med, sjølv om eg ikkje hadde xanthan gum. Leiva skal berre steikast på eine sida. Den skal akkurat ha fått farge, men ikkje være brun! Dersom du ikkje smører dei med ein gang, må dei pakkast godt inn i plast. Smøres helst same dag. 

Fyll: 300 gr prim, 300 gr soft, 200 gr sukker, 200 gr raspa brunost og litt vatn. Når leivane skal smøras må dei være fuktige. Dette for å unngå at dei knekk når du brettar dei saman. Det kan være nok å legge ein fuktig klut under lefsene medan du smører dei, viss ikkje kan du smøre leivene med ein fuktig klut og la det trekke inn i nokre minutt. Dei skal ikkje være våte, berre fuktige. Smør lefsa med fyllet på den sida som var ned då du steikte, brett saman og nyt!! 


Nordlandskaker:
200 gr (2 dl) lys sirup, 200 gr margarin, 3 egg (romtempererte), 350 g (knapt 4 dl) sukker, 4 dl kefir, 4 ts hornsalt, 2 ts vaniljesukker og 3 pakkar toro lys kakemiks. 


Smelt sirup og margarin over svak varme, avkjøl til lunkent. Visp egg og sukker til eggedosis. Rør hornsaltet inn i kulturmjølka. Vend mjølka inn i eggedosisen saman med smelta sirup og margarin. Tilsett vaniljesukker iblanda litt av melet. Bland inn resten av melet. Dekk deigen til og la den stå kjølig i 2-3 timer, eller over natta. Dryss litt mel på benken. Ta nokon emne om gangen, og kjevle ut 2-3 mm tjukke leivar. Varm takke eller tørr og rein steikepanne til ca middels varme. Steik lefsene gyllenbrune på kvar side. Avkjøl på rist. 

Potetekaker:
Eg har inga oppskrift, mor mi blanda i hop etter augemål. Me kokte opp fem-seks litt små poteter med skalet på. Skrelte dei og mosa dei. Hadde i jyttemel til passe deig. Ein liten klump smør og ei klype salt. Kjevla svært så tynne og steikt på tørr takke. 



torsdag 5. januar 2012

Verdens beste peppernøtter (skorne peppernøtter)

Dette er ein av julekakene eg er vant med at mammo lage. Me kallar dei for peppernøtter, men eg har forstått på kollegaer at dette er det dei kallar skorne peppernøtter. Du treng: 250 gr smør, 125 gr sirup, 1/2 dl fløyte, 250 gr melis, 400 gr mel, 2 ts natron, 2 ts malt nellik, 1 ts kanel, 1/2 ts pepper og 100 gr hakka mandlar. 




På svak varme koker du opp smør, sirup, fløyte og melis. Bland i resten av ingrediensane. Trill deigen til pølser og la ligge i kjøleskap over natta. Skjær i skiver og steikes på 200 grader i 10 minutt. Eg hadde gjerne i for lite mel, for dette vart ikkje velluka. Det vart pepperflarn...




Kollegaene mine var delte på synet om dei var gode eller ikkje. Nokon meinte dei nesten smaka som karamell, andre syns ikkje dei var etande. :)




fredag 23. desember 2011

Potetmelstoppar og ambrosiabrød

Då er jula komen for i år, på rettmessig vis med Grevinnen og Hovmesteren! Lika fantastisk år etter år. "Same procedure as last year miss Sophie?".  Då e me klar for jula!!

Eg har ein plan om å få legge ut oppskrifter på julekakene eg har laga i år jamt og trutt frametter.

Glutenfrie potetmelstoppar:


Du treng: 250 gr smør, 250 gr sukker, 1 egg, 500 gr potetmel, 125 gr mel, 4 ts vaniljesukker og 1 ts bakepulver. Rør smør og sukker kvit. Deigen knas saman. Den vert ganske tung, så eg pleier sleppe den ut på benken og kna den saman for hånd. Trill ut til små kuler som du trykker ganske flate med ein gaffel. Kulene veks i omnen, så pass på å lage dei ganske små! Steik dei ved 180 grader i omlag ti minutt. Du skal kunne sjå at dei er blitt gylne under. Vær forsiktig då dei er porøse, men få dei over på rist til avkjøling.


Ambrosiabrød/julebrød


Du treng: 5 dl melk, 125 gr margarin, 2 dl (brunt) sukker, 200 gr rosin, 1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 2 egg, 500 gr semper miks, 100 gr jyttemel. Dersom du vil, kan du ha i sukat. Kok opp melk, margarin, sukker og rosiner, avkjøl. Rør ut gjæren i melka, pisk så inn fiberhusk. La stå medan du måler opp mel. Pisk egga lett saman. Alt eltes godt saman. Hev til dobbel størrelse. Du kan velje om du vil ha dei i vanlege brødformer, eller lage dei som runde brød. Etterhev og pensle med egg. Steik ved 200 grader i ca 20 minutt.  


Ha ein fortsatt flott vetle julafta!!




mandag 19. desember 2011

Glutenfrie brune pinnar

Krise!!! Eg har ødelagt dei brune pinnane mine!!! Sukk... Me kan jo starte innlegget som om alt vart vellukka... :) Du treng 200 gr smør, 200 gr sukker, 1 eggeplomme, 1 ss lys sirup, 1/2 ts kanel, 1 ts vaniljesukker, 1 ts natron, 300 gr mel. 



Rør smør og sukker godt saman. 



Bland i resten av ingrediensane og jobb deigen saman. Del deigen opp i seks deler. Trill pølser som du trykker flate. Sjølv om pølsene ser små ut, lag seks og ha tre på kvar plate!



Pensle med eggekvita og strø på hakka mandlar og perlesukker. Steik i 10 minutt på 175 grader midt i ovnen. Del i pinnar medan dei er varme. 



Kjenner eg er litt usikker på kva eg har gjort gale i dag. For det første lagde eg bare til tre pølser som eg la på same brettet... Ingen god ide. Ser at dei er blitt tynnare enn sist, samt at dei ikkje stivnar som forventa då dei vert kalde. 




Jaja, det er ikkje alt som vert vellykka! Men smaken er likevel god!!!




søndag 11. desember 2011

Glutenfrie pepperkaker

I går vart pepperkakedeigen kjevla, utstikka og steikt. Det har blitt grunnlag til eit pepperkakehus og litt pepperkaker. Deigen var enkel å lage, men trur ikkje den blir min favoritt. Syns ikkje den smakte "skikkeleg" pepperkake, meir sirupsnipp. Men det kan jo være at den blir nokon andre sin favoritt??










Oppskrifta er som følger: 250 g sukker, 250 g smør, 250 g sirup, 2 dl kremfløte, 2 ts ingefær, 1/2 ts pepper, 1 ts kardemomme, 4 ts bakepulver og 750 g mel. 


Sukker og margarin røres kvitt. Bland i sirup. Pisk kremfløten. Bland det tørre sammen. Den stivpiska fløten og det tørre blandes vekselvis i. La deigen kvile over natta. Steikes ved 175 grader i ca 8-10 minutt. 


Deigen smaka som sagt litt meir sirupsnipper enn pepperkaker etter mi meining. Det ser og ut som at delane som er steikt til pepperkakehus, ikkje kjem til å tole å bli montert. Det spørs om eg anten kjøper eit "vanleg" glutenholdig pepperkakehus, eller om eg bare lar det ligge for i år. 


Nå blir det kamp med håndballdamene med noko godt i glaset og snopeskåla... :)




mandag 8. november 2010

Julekaker

Mandagskos!
 
Tenkte eg skulle legge ut oppskriftene til kakene eg var med å lage i helga:

Sandnøtter (potetemelstoppar):
250 gr smør, 250 gr sukker, 1 egg, 500 gr potetemel, 125 gr mel, 4 ts vaniljesukker og 1 ts bakepulver.
Smør og sukker røres kvitt. Ha i resten, og kna deigen sammen.Trill ut små kuler (pass på å lage dei ganske små), trykk ned med ein gaffel. Steik på 180 grader til dei er gylne under, 10-15 minutt. Kakene er svært porøse medan dei er varme, legg dei forsiktig over på rist.

Mor mi påstår sandnøttene vert betre når dei vert laga med det glutenfrie melet!

Nøttetoppar:
200 gr sukker, 200 gr malte mandlar/hasselnøttkjernar og to egg.
Pisk egg og sukker til eggedosis. Ha i malte nøtter, pass på konsistensen. Sett ut med teskjei. Pass på å lage dei små nok, dei sig litt utover under steiking. Pynt med ei heil hasselnøtt. Steik på 175-200 grader i ca 10 minutt.

Sprø kakevaflar/harde vafler:
4 egg, 250 gr sukker, 250 gr smelta smør, 500 gr potetemel, 3 ts bakepulver.
Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker. Ha i smelta smør, potetemel og bakepulver. Stivpisk eggekvitene og rør dei forsiktig inn.

Brune pinnar:
200 gr smør, 200 gr sukker, 1 eggeplomme, 1 ss lys sirup, 1/2 ts kanel, 1 ts vaniljesukker, 1 ts natron og 300 gr mel. Eggekvite, perlesukker og hakka mandlar.
Rør smør og sukker godt saman. Bland i resten. Elt deigen og del i seks delar. Trill pølser og trykk flate. Pensle med eggekvite, strø på sukker og hakka mandlar. Steik i 10 minutt på 175 grader. Skjær pølsene opp i pinnar medan dei framleis er varme.


Enjoy!!!