torsdag 19. desember 2013

Årets pepperkaker

Denne oppskrifta eg har forsøkt i år fann eg inne på facebooksida "Norsk Cøliakiforening". Eg halverte den då det er ei stor oppskrift, men den originale er:

3 dl vatn, 0.5 dl lys sirup, 2 ss kanel, 2 ss nellik, 2 ss ingefær, 0.5 ts pepper, 750 gr sukker, 450 gr margarin, 2 ss natron, 900 gr jyttemel (den originale) og 500 gr Toro kakemiks. 

Bland saman og kok opp vatn, sirup, krydder og sukker. Ta gryta av plata og rør inn smør og natron. Rør til det vert kaldare og margarinen har smelta heilt. Arbeid inn jyttemelet. La deigen stå over natta, gjerne i romtemperatur, og kna så inn resten av melet. Det er jyttemelet som gjev rett konsistens, så ikkje bytt det ut. Steik kakene på 200 - 225 grader i 5 minutt. 

Eg lagde først ein deig som eg hadde alt melet i, og lot stå i kjøleskapet over natta. Den deigen var for det første knallhard og vanskeleg å få utav panna. For det andre var den ekstremt smulete og umogleg å kjevle utan at du kjørte den ei stund i mikroen. Me laga difor ein ny deig der me ikkje tok i toro-melet og lot deigen stå i romtemperatur. Då var deigen svært god å jobbe med.  


Elles så er det meste av julepynten komt opp. Det viktigaste var vel sambuaren min sin kalender som har følgt han sidan han var liten gut. Det har jammen sin sjarm når det føl med frå barndommen. 


Det er ikkje mange dagar igjen til jul nå, men ha ei fortsatt god førjulstid! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar