Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reise. Vis alle innlegg

torsdag 26. oktober 2017

Glutenfritt på reise


Før var det ei stor utfordring å reise nokon plass, og å ha cøliaki. Eg anar ikkje kor mange pølser utan brød eg har ete opp gjennom åra mine med cøliaki, kor mange tørre brødprodukt eg har fått servert og kor mange svette nistepakkar eg har ete med laaaange blikk på det dei andre kan ete. Den siste tida nå har eg vore både på Haukeland sjukehus og til Haugesund i forskjellige ærend. Eg har nå fått nokon nye erfaringar eg har lyst å dele med dykk :) 

På Haukeland har eg hatt ei ganske dårleg erfaring tidlegare. Eg huskar ikkje akkurat når, men det er nok byrja å bli ein del år sidan. Eg huskar at det rundstykket eg då fekk servert var så tørt at eg faktisk gjekk og bedde dei om å smake på det sjølv. Denne gongen derimot vart eg svært så positivt overraska. Eg kjøpte meg ein smørbrød som både såg innbyande ut og som smaka godt! 



På Amanda storsenter i Haugesund har Joe&Juice opna eit utsal. Dei har glutenfrie baguettar som er svært gode! Eg har testa dei eit par gonger og har fått svært godt inntrykk av deira handtering av glutenfri mat. Dei hadde gode rutinar og eg følte meg svært trygg på at baguetten eg fekk var glutenfri. 


Det er blitt veldig mykje enklare å ta ein liten stopp på bensinstasjonane og nå. Svært mange har glutenfrie pølsebrød og hamburgerbrød, samt panini. Alle desse tinga er singel-pakka og eg opplever som oftest at det er gode rutinar rundt handteringa av dei glutenfrie produkta. 


Det er jo til og med gode tilbod på Ikea. Dei siste gongane eg har vore der har eg plukka ein svært så godkjent frukost :) I tillegg har dei laga til smørbrøda sine slik at du tek eit fat med pålegg, så finn du deg brød i etterkant og danderer sjølv smørbrødet. Fantastisk måte å gjere det på!


Syns det er kjekt å sjå utviklinga som har vore berre på dei få åra eg har hatt diagnosa. Det vert spanande å sjå kva åra som kjem bringer. 

onsdag 29. januar 2014

Oppsummering av ferien på Lanzarote

Då har me hatt to veker på Lanzarote, med ganske så jamt over grått, vått og vindfullt vær. Me har ikkje hatt ein full solskinnsdag på fjorten dagar! Men me hadde bedre vær enn det var heime, så sånn sett klagar me ikkje. :) Me testa ut litt forskjellige restaurantar medan me var der, og eg skal forsøke å gje ei lita oppsummering. 

Første kvelden var me nede i hamna i gamlebyen på ein restaurant som heiter La Sirena. Det var svært god service og kjekt personal. Eg hadde ein paella, men vart dessverre noko skuffa. Den lukta mykje meir krydra enn det den var. Eg syns den vart litt tam. 

Eg hadde i forkant av reisa lasta ned appen til TripAdvisor og sjekka om det var nokon restaurantar som vart anbefala for oss med cøliaki. Blant anna vart Indisk Aroma nemnd. Den ligg i hovudgata. Me forsøkte ein mixed-grill som hadde litt av kvart. Den er absolutt å anbefale, samt at dei verka til å ha god kontroll på glutenfritt. Me var og innom der ein kveld og henta med oss take away og fekk då beskjed om at dei laga all maten glutenfri - utanom naan brøda. 


La Casa del Parmigiano var og nemnd i TripAdvisor. Den ligg heilt i enden der hovudgata startar/endar. Dei har eigen glutenfri meny med både pasta og pizza. Eg tenkte eg skulle være litt vågal og prøve ein pizza med egg og bacon på. Lite ana eg at egget var kakka oppå, rått!!!! Eg sklei egget diskre av og åt omlag halvparten, men det baud meg eigentleg kraftig imot!


Sjølv om me ikkje hadde det heilt store været, måtte me ha oss ein ispause ein dag. Det var ein liten som jobba iherdig for å få tak i mamma og pappa sin is!! :)


La Cascada Grill i gamlebyen oppdaga eg hadde merka i menyen sin "anbefalt som glutenfri rett". Dei hadde forskjellig på menyen, men ikkje pizza og pasta. Eg prøvde meg på ein dagens som var ein kylling rullade med bacon inni. Eg vart litt overraska når det vart servert med brun saus og dampa/kokt kål til, men det smaka godt. 


Siste dagen vår var me på restauranten Playa Mar i hovudgata. Det prøvde eg ein kyllingrett med bacon, kaktus og geitost oppå ein kyllingfilet. Det var svært godt! Absolutt ein restaurant som er verdt eit besøk. 


Det som er litt stas når du reiser vekk, er at plutseleg så kan du oppdage nokre "norske vatnhol". I Puerto del Carmen finn du Vikinghuset som er drive av norske Rita og mannen hennar. Dei har nokre svært så norske rettar, som kjøttkaker, men og tradisjonell tapas. Dei har eigen glutenfri meny, og eg nytta høvet til å prøve ein tallerk med tapas. 


Eg hadde på førehand fått med meg at Rita kan skaffe glutenfritt brød, og ho skaffa meg to stykk. :) Eg er litt usikker på om det kan være surdeigsbrød? Dei var ganske så grove og kompakte, men eg syns det er ganske greitt når alternativet er å berre ete loff. 5 € stykket, så ganske lik pris som heime. 


Eg testa ut eit for meg ukjent glutenfritt brød som eg fann på ein spar-butikk. Eg syns det hadde eit ganske så nusseleg namn, men det var ikkje mykje å skryte over. Ein litt tørr loff med ein noko snodig ettersmak. 


Dei første gongene me var innom denne Spar-butikken (på biosfera senteret), så hadde dei berre brødet frå Bimbo. Omlag halvvegs ut i ferien var det tydeleg at butikken hadde fått påfyll av varer. 


Dei hadde då fått inn dei grove baguettane til Shcär, samt nokon lange lyse baguettar eg ikkje har sett heime. Med påfyll i hyllene vart utvalet betrakteleg betre! :) Dei er ganske så flinke med merking av gluten i Spania. Fann merking både på cola og juice. :D


Siste kvelden tusla eg og min kjære eit godt stykke bortover hovudgata og kom til ein kombinert matbutikk og kafe; DosMil. Eg spurte med lite håp om dei hadde noko glutenfritt i kafeen, og stor vart overraskinga då eg vart vist bort i hjørna i disken kvar det sto tre forskjellige kakestykker. Det såg ut til at to av dei var sukkerbrød med forskjellig frukt oppå, medan det siste var litt meir udefinerbart. Eg konkluderte med at det var nok ei slags mandelkake med krem i. Det vart litt mektig etterkvart som eg jobba meg gjennom stykket. 

Ei anna kjekk oppleving var at dei på Flesland nå har fått inn glutenfri panini på Narvesen. Eg kunne gå inn og få meg noko anna enn pølse utan brød!! Det var vel ikkje heilt den store gourmet-opplevinga, men det var heilt greitt og magen reagerte ikkje på den. Oppsummert: svært nøgd! :D  

onsdag 15. januar 2014

Restaurant Casa Cabana på Lanzarote

Akkurat nå er eg og familien på Lanzarote, i Puerto del Carmen. I går var me på ein restaurant som heiter Casa Cabana i gamlebyen. Dei har merka kva rettar ein kan få glutenfrie og/eller laktosefrie, noko som var svært mange. Dei har og glutenfri pasta.

Då me hadde bestilt kom dei med ei skål brød til min bedre halvdel, med beskjed om at dei øyeblikk kom med brød til meg og. Eg fekk rett etterpå ein varm og god liten baguett. På tida det tok meg å dele baguetten og ete eine halvdelen så var forretten komen på bordet. Eg prøvde ein salat med fetaost, pære og valnøtter. Kjempegod! Den bedre halvdelen min prøvde noko som het "potato nachos", som var ei skål med friterte potetskiver, toppa med chillibønner, salsa, rømme og ost. Stor suksess!

Til hovudrett prøvde eg "Hawaiian Chicken". Ein delt kyllingfilet med cajunkrydder, toppa med ananasring, bacon og ost. Snadder! Den bedre halvdelen min prøvde "Baconwrapped pork loin". Svinemedaljongar surra med bacon og calvadossaus. Også svært godt! Me fekk ei skål med grønnsaker og ei skål med poteter på bordet til oss begge. Det var kokte eller dampa gulrøtter, blomkål og broccoli (akkurat passe tilberedt), og potetmos og ovnsbakte poteter.

Alle dei tilsette som var innom bordet vårt var smilande blide og profesjonelle. Det var tydeleg at dei kunne dette med glutenfri mat. Restauranten er kanskje litt dyrare enn andre, men du kan på ein del av rettane velge ein mindre porsjon for ein billegare penge. Absolutt verdt turen!! Sjekk ut heimesida deira: www.casacabanalanzarote.co.uk




Bon apetit! :)

tirsdag 9. juli 2013

Skudefestivalen 2013

I helga var eg, min bedre halvdel, kulen og hunden på Skudefestivalen i Skudeneshavn på Karmøy. I år hadde festivalen 20-års jubileum og hadde mange konsertar og artistar. Blant anna var Erik og Kriss, Kurt Nilsen, Temet Nosce og Bjørn Berge tilstade. Eg har fått forklart at Bjørn Berge er eit stort namn innan blues, men ikkje ein eg kjenner til. Einaste me var på var Pakkers på laurdagen. Det skulle være irsk på norsk, men det vart ikkje heilt den store innartiaren for min del. Dei var flinke, for all del, men det vart ikkje det eg tenkjer på som irsk musikk. 

Skudefestivalen er ein kosleg festival i ein flott "gammal" by. Dersom du er heldig og får sol og fint vær (noko me hadde), er det så absolutt verdt turen! Det er mange flotte gamle hus, og mange små smau å tusle inn i. I festival helga er det maaaange små kafear og galleri å tusle inn i. 

Me hadde for anledninga leigd oss hytte på campinga rett før Skudeneshavn, Skudenes camping. Hadde liksom ikkje heilt lyst å ligge i telt når eg hadde tre veker igjen til termin. :) Hytta var eigentleg overraskande stor og greitt utstyrt i forhold til kva eg forventa. Det var eit ganske greitt stort inngangsparti, der det var eit par stolar. 


Nett på oppsida av hytta var det og tillaga eit fint uteområde, som nok sikkert er eit fellsområde for hyttene. 


Før ein kom inn i hytta var det og eit påbygg som vart ein slags vinterhage der det og var stolar og bord. 


Hytta elles besto av eit rom som var stove med kjøkkendel, eit soverom og eit bad. Sofaen var temmeleg så elendeg, godt utslitt i putene. :)


Eit kjøkkenbord med stolar til.


Kjøkken med ganske så ny induksjonskomfyr og steikeomn. 


Familiekøyseng på soverommet.


Lite, men heilt greitt bad.


Hytta var som sagt heilt grei, men me måtte ut med 430 kr i utvask. Det var ikkje valfritt, noko eg aldri har opplevd før. Ved leige av hytter har me alltid vaska ut sjølv. Det kan være greitt å ha i bakhovudet at dette kjem i tillegg til prisen på hytta ein leiger. 

I høve glutenfri mat på Skudefestivalen så var det ganske så greitt. Det er mange forskjellige boder som sel mat, i tillegg til faste restaurantar. Me åt middag på Smiå eine dagen. Der hadde dei ein biffsnadder med heimelaga, glutenfri bernaisesaus. Andre dagen var me i ei bod der dei selde bakt potet. Dei andre bodene som selde mat var eg ikkje og sjekka. I tillegg var Widvey´s Cupcakes med ei bod der. Dei hadde glutenfrie makroner og fudge. Dei kunne og lage glutenfrie cupcakes, men på bestilling. 

I sentrum av Skudeneshavn ligg det ein Coop butikk som hadde eit ganske så bra utval av glutenfrie varer. Det var alt frå knekkebrød til vakumpakka brød, samt glutenfrie ostesnitzlar og nuggets. 


lørdag 8. juni 2013

Bergenhelg med akvariet og vil vite senter!

Sidan me snart (berre ein og ein halv månad igjen!!!!) ventar eit lite knøtt, fann me ut at me ville ha ei helg for oss sjølv. Det vart ikkje noko meir avansert enn ei helg i Bergen på hotell, med ein tur innom akvariet og vil vite senteret. Me budde på Thon hotell Bristol som ligg ved Torgallmenningen, rett ved Mcdonalds. Hotellet var veldig bra. Fine rom og svært god frukost! Det var opp til mange forskjellige sortar smothie, samt heilt greitt glutenfritt brød. :) Eg syns romma var fine, men eit minus at det var glasdør inn til badet og dermed svært lytt...


Utsikta var både og. Svært sentralt og mykje artig å sjå på, men samtidig mykje lyd og støy (særleg ut over dei små nattetimar i og med at det var festspel same helga)


Det er mange år sidan sist eg var i akvariet, og det var eit artig gjensyn. Mange forskjellige krabatar der gitt. Nokon meir kjente enn andre, Nemo f.eks.... :)


Nokon litt meir utspjåka enn andre... :)


Nokon litt skumle... 


Nokon svæææære... 


Nokon ekle (som faktisk hadde hikke)...


Min kjære har ingen problem med å skaffe seg nye venner uansett kvar me er... :)


Middag for kvelden vart nytt på Egon som ligg vegg i vegg med hotellet (som og har frukostbuffeén til hotellet).


Det vart ikkje teke særleg bilde frå Vil vite senteret, men det var absolutt ein kjekk plass med mykje å trykke og plukke på. Det vart dessverre litt mykje trakking for min del desse dagane, så det får heller gjentakast når knøtt er komen og bekkenet toler litt meir. :)

Som alltid når eg er i Bergen må eg innom chocolatiéren på Galleriet. Det vert ikkje så mange bitane, for det er såpass dyrt. Men verdt kvar einaste krona!


Den største overraskinga for min del var når me var innom Deli de luca. Eg spurte som eg pleier om dei hadde noko glutenfritt, og rekna med å få laber respons. Men stor vart overraskinga då eg fekk vete at dei i tillegg til nokre varmrettar og hadde glutenfri muffins!!


Den var svæææær, og skikkeleg snadder!! :) Kan absolutt anbefalast!!


mandag 11. oktober 2010

Hyttetur!

Var i helga på ein fantastisk tur på hytta til søstera mi. Er ei hytte som høyrer til gården eg stammar frå. Hytta er ei skikkeleg hytte med stor H, ikkje innlagt vatn eller toalett. Her er det vatn frå bekken og utedo som er standard! (Jenter frå Åkra er vant til tøffe tak! Hihi...). På fredag gjekk me inn til hytta frå Fjellhaugen, brukte om lag to timar inn. Laurdag hadde me ein flott tur opp på Ingahogg, der me brukte ein time og 45 minutt opp. Overraskelsen var stor når me nådde toppen og det var masse folk der allereie. Det viste seg at det var bubiltreff i Fjellhaugen, og dei hadde og forvilla seg opp på toppen vår... På søndagen gjekk turen heim via Fjellhaugen igjen (Rart kor mykje lettare turen heim var...)

Me hadde eit nydeleg vær heile helga, sol og blå himmel. Fekk i tillegg nyte ein utruleg stjernehimmel som spegla seg i vatnet!

Eg har etter turane i helga måtta innsjå at eg nok ikkje er på lik linje som stifinnaren Hjortefot... Eg klarde ikkje å halde oss på stien på ein einaste tur heile helga!! Me fann målet vårt for kvar tur, men me fekk og sjå ein del unyttige haugar og myr! :) Me veit i alle fall kvar me ikkje skal gå neste gang! :)

Eg gløymde ta med kamera, og hadde heller ikkje straum på mobilen, til å ta bilete med. Det får bli til ein seinare tur, men du verden kor flott det var i fjellet som nå står i fulle haustfargar! Kan i staden vise eit bilete frå eine turen eg hadde i vinter:

Nydeleg utsikt frå hytta i vinter!

lørdag 2. oktober 2010

Matutvalget på Kreta...

Sit å ser ut på dei kvite toppane på sjøen og drøymer meg tilbake til Kreta! Er så surt ute at ingenting er betre enn å sitte inne med fyr i ovnen.

Elsker peiskos, ingenting som slår den varmen!
Kom plutseleg på at eg ikkje har skrive om maten og restaurantbesøka etter turen til Kreta! Eg var til Kreta august i fjor så må jo innrømme at eg kun gjekk på restaurantar som eg har testa ut... Me var fleire gonger på Zorba, Nymfi og Aksios, men var og innom Irida. Det er nok framleis Nymfi som tronar på toppen av lista! Er nok ingen over eller ved sida. Dei har fantastisk mat, god service og dyktig trubadur.
 
Lam kleftiko på Nymfi.
Pastitsio på Nymfi.
Tortilla med skinke, salat og rømme på Aksios.
Chicken ala cream på Zorba.
Breaded chicken på Aksios.
 Ikkje alle måltida va like vellukka, som f.eks. den siste middagen på Zorba:

Chicken curry.
Den siste middagen var skuffelsen på turen. Det var ganske tydeleg at det var ein ferdig saus som bare var helt oppå kyllingen. Dette er den einaste middagen eg ikkje syns var god, så på ei heil veke får det være eit bra resultat med ein mislykka middag...

Gleder meg til neste tur! :)

fredag 27. august 2010

Ferietur.

Åhhh, kor gla eg er! Eg og ei venninne har bestilt oss tur til Kreta! :D Hit, til Kato Daratso:


Reiser torsdag 9 september, så er ikkje lenge til ein gang! Det som er litt morsomt, er at me faktisk skal til samme gata som eg og Øystein budde i sist.. :) Så eg veit akkurat kvar me skal gå for å ete middag, kjøpe bussbillett osv osv... Hotellet me skal bu på blir skildra sånn: Eldre, velholdt leilighetshotell i frodige omgivelser. Gangavstand til stranden. Liten hage med bassengområde.


Oi kor eg gler meg!!!!! :)


- Laila -

lørdag 21. august 2010

Kreta!

Sitte å drømme meg vekk i dag (som de sikkert ser på bakgrunnen på bloggen...). Var til Kreta med min kjære to veker i august i fjor. Var ein fantastisk tur, men litt for varmt for min del. Me budde på Chania-kysten, kor det er mange kjente reisemål, f.eks. Agia Marina og Platanias. Me budde i Kato Stalos, ganske nærme Chania by. Me prøvde å gå inn til sentrum eine dagen, men det blei for langt i varmen!

Den venetianske havna i Chania by er fantastisk fin! Mange smale gater med flott utforma dører og inngangar.
I løpet av oppholdet lånte me scooter ein dag og sulla rundt i nærområdet, artig! Me leigde og bil to dagar. Eine dagen kjørte me nesten tvers over heile Kypros, til Elafonissi. Det er ei veldig kjent, stor strand. Veit ikkje heilt om det var verdt turen, for det var mange timar i bil. Forresten, ein liten advarsel. På sånne turar må ein være litt forsiktig med kvar ein går inn for å ete. Det er ikkje alle små taverna'er som er like hygieniske! Trur ikkje eg vil fortelle meir om vår oppleving, men ikkje stopp på det første og beste!

Andre dagen i bil så kjørte me forbi Rethymnon, mot Heraklion og til Knossos. Knossos er et svært kjent turistmål, og det merktes. Det var masse folk og lang kø. Må vel innrømme at dette heller ikkje imponerte meg særleg, då eg hadde håpa på at det skulle være meir heile rom/hus til å gå inn i. Min kjære blei forresten særs nøgd når me fekk ein Alfa Romeo som leigebil, i staden for Hyundai ET'en me skulle ha.

Den største opplevelsen for meg på denne turen var eine restauranten me fant i Agia Marina, Nymfi! Dei hadde ein fantastisk service i forhold til cøliaki. Dei hadde glutenfri pasta! Kunne lage glutenfri moussaka dersom dei fekk beskjed ein dag i forkant! Pluss at alle servitørane visste kva cøliaki var, og dei fleste snakka svensk! Her er link til heimesida deira:  http://www.nymfi-restaurant.gr/main_en.html

 
Ellers blei eg skuffa når eg skulle prøve å få tak i glutenfrie produkt. Eg hadde sjekka i forkant og funne ut at det skulle gå greitt å finne brød og andre produkt på supermarkedene. Eg trur eg var innom alle supermarkenda eg fann, men ingen kunne hjelpe meg. Eg spurte guidene om hjelp, og dei kjente til ein restaurant i Chania by, i den venetianske havna: Aksios. Aksios var eigd av eit finsk par som faktisk hadde merka glutenfritt og melkefritt i menyen sin. Middagane hennas var kjempegode. Ho solgte og brød, pizzaboller og pai. Paien og pizzabollene var veldi gode, men eg likte så absolutt ikkje brødet.
http://kafeneioaksios.com/  Aksios ligg i ei av gatene i den venetianske havna inne i Chania by.


Eg fann til slutt nokon glutenfrie produkt på ein helsekost inne i Chania by. Eg kjøpte med meg ei frukostblanding, men vil anbefale at ein tek med brød sjølv dersom ein er avhengig av brødmat.
Eg vil absolutt anbefale ein tur til Kreta! Flott mat og flotte folk!