mandag 11. oktober 2010

Hyttetur!

Var i helga på ein fantastisk tur på hytta til søstera mi. Er ei hytte som høyrer til gården eg stammar frå. Hytta er ei skikkeleg hytte med stor H, ikkje innlagt vatn eller toalett. Her er det vatn frå bekken og utedo som er standard! (Jenter frå Åkra er vant til tøffe tak! Hihi...). På fredag gjekk me inn til hytta frå Fjellhaugen, brukte om lag to timar inn. Laurdag hadde me ein flott tur opp på Ingahogg, der me brukte ein time og 45 minutt opp. Overraskelsen var stor når me nådde toppen og det var masse folk der allereie. Det viste seg at det var bubiltreff i Fjellhaugen, og dei hadde og forvilla seg opp på toppen vår... På søndagen gjekk turen heim via Fjellhaugen igjen (Rart kor mykje lettare turen heim var...)

Me hadde eit nydeleg vær heile helga, sol og blå himmel. Fekk i tillegg nyte ein utruleg stjernehimmel som spegla seg i vatnet!

Eg har etter turane i helga måtta innsjå at eg nok ikkje er på lik linje som stifinnaren Hjortefot... Eg klarde ikkje å halde oss på stien på ein einaste tur heile helga!! Me fann målet vårt for kvar tur, men me fekk og sjå ein del unyttige haugar og myr! :) Me veit i alle fall kvar me ikkje skal gå neste gang! :)

Eg gløymde ta med kamera, og hadde heller ikkje straum på mobilen, til å ta bilete med. Det får bli til ein seinare tur, men du verden kor flott det var i fjellet som nå står i fulle haustfargar! Kan i staden vise eit bilete frå eine turen eg hadde i vinter:

Nydeleg utsikt frå hytta i vinter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar