fredag 29. oktober 2010

Roleg fredagskveld.

I kveld har eg ein fin og roleg kveld foran tv'en med gullrekka, eller deler av den i alle fall. :) Har enda ikkje kome meg heilt etter førre helg der eg låg sjuk. Har enda ein irriterande hoste som heng igjen. Håpar at den forsvinn i løpet av helga. Er ganske nøgd med framgangen på strikkeprosjektet forresten:


Er ferdig med første foten! Syns den vart ganske bra om eg får sei det sjølv. :)


Syns fredagskosen min såg så sunn ut at det var verdt å ta bilde av! :) Må forresten få anbefale ein sort te:


Denne teen syns eg har ein veldig god og sterk smak, faktisk såpass at eg ikkje brukar sukettar eingong! Enda ein liten bonus er at den er koffeinfri for dei som er ømfintlege for sånt....  :)

Eg skal begynne på andre foten! Ha ein fortsatt fin kveld! :)

2 kommentarer:

  1. Så bra at du har frisknet til. Den teen er kjempegod, jeg har brukt den i flere år, og synes den er så frisk og god. Nydelig strikketøy, gleder meg til å se det ferdige resulatet.

    Ønsker deg en flott helg, klem.

    SvarSlett
  2. Forbaska så sunn fredagskos du hadde da. Tør ikke si hva som pleier å være i godisbollene her, men det er i hvertfall ikke frukt og grønnsaker :-)

    SvarSlett