Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg

fredag 30. august 2013

Bloggtørke

Det har vore litt bloggtørke nå siste tida. Det har mykje å gjere med ein liten krabat som nå er komen til verda. 27 juli vart eg mamma til ein flott gut med vitale mål på 3780 g og 50 cm. Eg reknar med at dette nok vil vise igjen, anten på blogginnlegga eller i mangel på innlegg. :) Eg har ingen plan per i dag om å bli ein "mammabloggar" som legg ut ein masse bilder av babyen sin, men eg må nesten legge ut eit bilete av den nye verdensborgaren.  Her er han avbilda nokre veker gammal i vogga eg har fått låne av søstera mi. Vogga er laga av svogeren min av eit gammalt tuntre som stod på gården eg er vaksen opp på. 


Me har motteke mange flotte gåver til guten vår, men me fekk blant anna ei bleiekake som var utruleg flott. Den inneholdt masse bleier, ein drakt og ei kjempesøt jakke. 


Det vert litt andre ting som kjem på handlelista når ein har fått seg ein ny verdensborgar. Blant anna ein moby wrap til urolege sjeler sånn at mammo kan få hendene fri til å gjere fornuftige ting. 


For dei som ikkje er inne på sånt, så er ein moby wrap eit bæresjal. Mange meter med tøy som du knyt mimien fast i. Trur kanskje eg har funne ut korleis det skal knytast nå sånn at han heng fast. :) Me har kjøpt ein einsfarga moby og fått brodert på eiga skrift. :) 


Så er det bare å håpe at mimien finn ut at det er gøy å sove lenge om natta, så vert det kanskje fleire innlegg framover. :) 


mandag 11. juli 2011

Harryhandel

Andre "vanlige" folk får vel som oftast kjentfolk på harrytur til Sverige til å handle snop, brus, drikkevarer osv... Eg som cøliaker derimot, fekk søstera mi til å handle glutenfrie varer....




Ho handla fint mel, grovt mel, spagetti, makaroni, tagliatelle, havregryn osv.... Og så bare for usle 600 kr!!!! Fantastisk! :-) Sånn at eg nesten må vurdere å begynne med harryhandel!!


tirsdag 5. juli 2011

Smått og stort....

Har fått nye Dab-radioar i hus nå. Må sei eg e imponert over lyden til å være dei billigaste eg fann.... Dei overraska faktisk i forhold til utsjånad og... :-)




I dag har eg vore effektiv. Har kokt jordbærsyltetøy




og påleggssalat. Med egg, krepsehalar, remulade, majones og dill. Snadder!!!




Resten av krepsehalane vart nytta til ein lett kvelds... Ikkje så mykje som skal til før det ser fristande ut. :-)




Det er vel nokon som huskar at eg har vore på telttur i helga. Må sei eg var noko skeptisk når eg var på veg på fredag og det var meldt stiv kuling. Stiv kuling på Karmøy er noko som kjennes ganske godt. Eg såg for meg at me kom til å vakne i toppen av eit tre på laurdagsmorgon. Akkurat den biten gjekk fint, me letta ikkje. :-) Det var litt verre når det byrja regna på laurdagskveld og fortsatte gjennom heile natta. Teltet toler nok sikkert ein del vatn, men dette vart for mykje. Me var tørre når me vakna, men det var byrja regne i ytterteltet. Der alle kleda våre stod... Nedpakking av telt gjekk ganske fort og ting kasta over i bilen til foreldra mine. Imponerande haug??




Etter denne strabasiøse natta syns me at det var fortjent med ein litt betre frukost, så me inntok matsalen på MS Sandnes. Eit flott skip der ein kan overnatte i knøttsmå lugarar. Foreldra mine overnatta nokre netter på båten, og lugaren var imponerande liten. :-) Det er eit staseleg skip.




Fekk såvidt begynta på Nesbø sin serie om Harry Hole i helga. Har tenkt å få lest meg gjennom heile serien hans. Får sjå om eg kjem meg gjennom dei i løpet av sommaren... ;-)




I dag har me faktisk hatt ein fin sommarsdag, håpar me kunne fått fleire... 




torsdag 30. juni 2011

Herleg mat og snop frå hagen...

Fantastisk kjekt å ha venner som inviterer en på middag! I dag har eg fått servert jambalaya. I bunn og grunn kylling, chorizo, ris og diverse andre godsaker kokt ilag. Første gang eg har fått dette servert. Snadder!




Når eg kom heim hadde eg ein runde i hagen og sjekka busker og bær. Eg fann årets første jordbær!! Så fantastisk søtt og fullt i smak!!




Elles har fuglane vore og plukka til seg det dei likar best...




Det ser ut til å bli lite rips til saft i år, men kanskje rein solbærsaft? Solbæra er tydelegvis ikkje så populære... 




Gleder meg masse til august når desse vert modne.




Opal, ei av dei beste plommene som fins! 




onsdag 29. juni 2011

Skip-bo

I dag har eg vore og kjøpt eit nytt spel til helga, Skip-bo. Fantastisk navn!!!! :-)




Det er eit kortspel som går på å bygge seriar opp til 12. Poenget er å være førstemann som blir kvitt korta sine. 




Spelet var litt uoversiktleg i byrjinga med fire bunkar som var dine, fire bunkar som kunne byggast på i fellesskap osv, men ein kom fort inn i det. Det vert kanskje litt langdrygt, men nå var me berre to som spelte. Får sjå korleis det slår an hos tantebarna til helga. Då skal me på telttur til Skudeneshavn i forbindelse med Skudefestivalen.  




Skudefestivalen trekker mykje båtfolk og det er eit yrande folkeliv i sentrum. Det er mange boder der alt mogleg vert vist fram, frå laks til handtverk. Far min er blandt ein av utstillarane... 


Det vert spanande å sjå korleis det går når underteikna skal ut på telttur etter gammalt av. Eg har vel aldri vore nokon "campar". Eg har vore på min andel av 4H-leirar, men det har vel vore lite telting elles. Sist eg var på telttur var nok januar 2005. Då var eg i praksis på ein ungdomsinstitusjon og var med på skjermingstur med ein ungdom som hadde rusa seg. Då var det å spasere langt ut på fjellet og slå opp teltet (underteikna klarte å vri kneet så det vart kjapt avgjort kvar teltet vart slått opp)... Då me vakna dagen etter var verden rundt oss blitt kvit. Var ganske nøgdt når eg kom på at eg faktisk har vore med på ein såpass "strabasiøs" telttur som min siste erfaring (at det er svært lenge sidan den forrige, det tenker me ikkje meir på). Håpar på mindre utfordringar til helga og at me kan nyte dagane med flott ver! Kanskje på stranda som campingen reklamerer med??







søndag 5. juni 2011

Flott bryllupsfeiring!!!

Eg har hatt ferie i veka som har vore, men har vore svært lite flink til å bruke tid på bloggen. Friveka har eg unna meg fordi eg nett vart ferdig med siste oppgåva i etterutdanninga eg har teke. Nå er det bare å vente på resultatet.... I veka som har gått har eg bare slappa av heime, lest gode bøker, gått laus i hagen med gras- og kantklyppar med dødsforakt, måla vinduskarmar og lister (eine lista har stått halvmåla sidan eg kjøpte huset....), og elles prøv å rydde fram huset igjen. :-) Kjenner at det trengtes med nokre dagar for å lade opp batteria.


I går var eg i bryllup til ei god venninne av meg; Marianne som fekk sin prins. Dagen byrja med skummelt mørke skyer, men heldigvis så klarna det opp og me fekk strålande sol på kyrkjetrappa! Litt kald vind, men det tåle tøffe vestlendingar! :-) 




Kvelden vart feira som seg hør og bør med god mat, flotte talar, god musikk og god drikke! På menyen var det forret med scampi (som eg gløymde ta bilde av...), hovudretten var kalvefilet og dessert var panna cotta. Såklart med mykje god vin til! ;-)


Bordet var enkelt men nyyydeleg pynta!


Kalvefilet med fløtegratinerte poteter, kan det bli betre??

Herleg panna cotta med jordbærsaus


Brura var jo såklart nydeleg i sin flotte kjole, ho hadde og ein vakker bukett:




Gleder meg storleg til nestemann i gjengen skal smi seg i hymnens lenkjer.... Kven vert det, og kva tid???


lørdag 21. mai 2011

Temmeleg einsformig helg

Denne helga har vore temmeleg einsformig...


Har blitt mange koppar te!!

Det går i oppgåveskriving... Skal levera ei siste oppgåve på onsdag, og då er eg ferdig med mine år på etterutdanninga. Kjenner at det skal bli godt å bli ferdig og lenge til neste gong (trur eg....)! Det er uansett viktig med påfyll når ein jobbar med tunge tak:


Blodsukkeret er viktig!!!

Er litt problematisk med forstyrrande moment... I alle fall sånne som har egen vilje....


Lek med meg!!!


Eg har eit dyr som er veldig tydeleg på når ho meinar eg skal gje ho merksemd. :) Ho var veldig fredelig ei god stund.... Leika fint med McSquiky og alt...


Men ho var nok litt snurt.... For McSquiky mangle nå øyrene sine og er blitt McSilent!!!




På ein måte ikkje så veldig trist at det er blitt stille, får jo meir arbeidsro.... Trur McSquiky varte ei heil veke før ho knekte han! ;)


søndag 15. mai 2011

Tuppewarene mine!!

Då har eg endeleg fått "tuppewarene" mine! Wohooo! Eg blir nett som ein unge når eg får ein pakke som skal opnast! Va jo så masse og!



I tillegg til dei tinga eg hadde bestilt, var det og ein pose med overraskelsar:

Det var ei lett blanding av forskjellige småting, noko meir praktisk enn andre...

Men må sei at den eine tingen forsto eg ikkje heilt hensikta med. Er det nokon av dykk som kanskje kan forklare meg kva denne skal kunne brukast til???

Elles så har denne helga vore særs travel, med både utdrikningslag og konfirmasjon! Eg vel å ikkje legge ut bilde frå desse arrangemanga, då eg ville fått problem frå fleire hold i så fall... ;-)

Ha ein fin kveld!!!

lørdag 7. mai 2011

Tupperwareparty, med iskake og pakke!!

I veka som var holdt eg hus for ein tupperwaredemonstrasjon. Eg terroriserte mine gode kollegaer i forkant, så det var ikkje så nøye om me "bare" vart fem stykk som høyrde på Gina. Eg hadde seks bestillingar med meg frå jobb!!! :D Må sei meg imponert over kor mykje forskjellig Gina hadde med seg i "sekken":


Sånn at eg nesten vart bekymra for om bordet mitt vart for lite... 

Ein viktig ansvar som vertinne på ein tupperwarekveld, er jo å sørge for litt å bite i medan ein studerer alle produkta:



Iskaker har ikkje vore min favoritt opp gjennom åra. Nå hadde eg jo plutselig litt uventa fløyte som burde nyttast, så då vart det ei daimiskake. 


Botn: 4 eggekviter, 2 dl sukker og 100 gr mandlar. 
Is: 5 dl fløyte, 4 eggeplommer, 150 gr sukker og 3 doble daim. 

Pisk eggekviter og sukker til stiv marengs. Mal mandklae og bland i.Ha mandeldeigen i ei rund kakeform (24 cm i diameter) med bakepapir i botnet. Steik kaka midt i ovnen ved 180 C i 30 min. Avkjøl kaka i forma. 

Pisk fløyte til krem. Pisk eggeplomme og sukker stivt/luftig. Hakk daimen (spar ein halv til pynt), og bland alt saman. Ha det oppi kakeforma, på toppen av botnen. Sett kaka i ovnen i nokre timar. Server og NYT! :)


Noko av det kjekkaste for min del denne kvelden, var svigerinna mi som hadde med ein liten ting til meg! 

Det er mange øyeblikk i livet som vil fengsle deg, men bare noen få som vil fange ditt hjerte!

Carpe Diem!


Ikkje bare det at boksen er så flott dekorert, den inneheld Toffifee!!!! Svigerinna mi lagar og fantastisk flotte kort. Til 40-års dagen hennar fekk me dette:



Gledar meg til å sjå neste produkt!