Det har vore litt bloggtørke nå siste tida. Det har mykje å gjere med ein liten krabat som nå er komen til verda. 27 juli vart eg mamma til ein flott gut med vitale mål på 3780 g og 50 cm. Eg reknar med at dette nok vil vise igjen, anten på blogginnlegga eller i mangel på innlegg. :) Eg har ingen plan per i dag om å bli ein "mammabloggar" som legg ut ein masse bilder av babyen sin, men eg må nesten legge ut eit bilete av den nye verdensborgaren. Her er han avbilda nokre veker gammal i vogga eg har fått låne av søstera mi. Vogga er laga av svogeren min av eit gammalt tuntre som stod på gården eg er vaksen opp på.
Me har motteke mange flotte gåver til guten vår, men me fekk blant anna ei bleiekake som var utruleg flott. Den inneholdt masse bleier, ein drakt og ei kjempesøt jakke.
Det vert litt andre ting som kjem på handlelista når ein har fått seg ein ny verdensborgar. Blant anna ein moby wrap til urolege sjeler sånn at mammo kan få hendene fri til å gjere fornuftige ting.
For dei som ikkje er inne på sånt, så er ein moby wrap eit bæresjal. Mange meter med tøy som du knyt mimien fast i. Trur kanskje eg har funne ut korleis det skal knytast nå sånn at han heng fast. :) Me har kjøpt ein einsfarga moby og fått brodert på eiga skrift. :)
Så er det bare å håpe at mimien finn ut at det er gøy å sove lenge om natta, så vert det kanskje fleire innlegg framover. :)
Gratulerer så mykje med den vesle prinsen! Det er utruleg spanande å sjå dei små vekse og utvikle seg. Lykke til - og håpar du held fram med å legge inn innlegg på gode glutenfrie oppskrifter!
SvarSlett