Viser innlegg med etiketten Håndarbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Håndarbeid. Vis alle innlegg

tirsdag 31. januar 2012

Lappeteppe

Nå er eg endeleg ferdig med lappeteppet mitt!! Det er mitt første hekleprosjekt, og eg må sei eg er svært så godt nøgd med resultatet!!!!!




Eg syns eg har hekla evigmange ruter, men det har "bare" brukt 48 ruter. Oppskrifta på rutene fann eg på Nøstebarn si nettside. Det var ei enkel og grei forklaring syns eg. I tillegg nytta eg "hekle-skolen" som eg fann på dropsdesign si nettside. Den viser enkelt kva dei forskjellige uttrykka inneber. Velg, norsk som språk og vel så fana som heiter tips & hjelp. 


Neste prosjekt blir å forsøke å lage sitteunderlag ut frå oldemorsruter. :)




tirsdag 8. november 2011

Test av nytt snop og ferdig håndarbeid...

Nå er det alt for lenge siden forrige innlegg! Beklage så mykje, men har ikkje hatt "blogger-ånden" over meg siste tida. Det har ikkje blitt uttesting av nye oppskrifter heller, men har fått testa ut noko nytt snop som eg plutseleg snubla over i butikken; Sjokolade-egg! Me har vel alle eit forhold til Påske-egga??? 



Sjokolade-egga har ein litt annan layout enn påske-egga, og har sjokoladekrem i staden for smørkrem. Slettes ikkje dumt, men må nok sei at påske-egga framleis er favoritten! 



Har faktisk gjort ferdig eit lite håndarbeidsprosjekt sidan sist! Legg opp 35 masker, strikk rillestrikk passeleg lenge...



Sy saman med eit lite opphald, og du har pulsvarmarar! Enkelt og fort gjort! 




Det er av og til fascinerande kva resultat min firbeinte venn klare å få, f.eks. ut av ein tom tennbrikett-boks med litt tørrfor oppi... Syns nesten eg måtte vise bildet av total kaos! :)






fredag 22. oktober 2010

Nytt håndarbeid.

Nå har eg funne meg eit nytt prosjekt. Lurer på om, og eventuelt når, eg vert ferdig med dei...

Mønsteret var ikkje så vanskeleg heller...
Eg syns det var eit ganske så stilig mønster. Har tenkt å prøve å strikke dei litt lenger enn på bildet, pluss uten fot. Skal være ei gåve dersom eg får dei ferdig, men seier ikkje kven dei er tiltenkt... :-)

Eit prosjekt eg faktisk vart ferdig med nyleg:


Det ser ut som sokkane er ekstremt store, men dei er faktisk ikkje det. På sokkane eg nå har valgt er mønsteret i stikketeknikk, ikkje i fargar, og eg håpar det vert enklare då. Det vart mykje tråd på kryss og tvers på desse, og eg syns det var "knotete" å jobbe meg gjennom mønsteret...

Har eigentleg ganske mange prosjekt liggande allereie: sokkar, hanskar, vesker, duk osv. Tenkjer alltid at dei nye prosjekta skal være så enkle og fort unnagjort... Heh, me får nå sjå.