Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg

fredag 7. mars 2014

Osteiskake

Til valentines (er litt sein av meg til å få blogginnlegga ut...) fekk min kjære ei osteiskake. Oppskrifta har eg fått av ei venninne som anbefala den på det varmaste. 


Oppskrifta er som følgjer: 200 gr philadelphia, 3 eggeplommer, 2 dl sukker, 3 dl kremfløte, 1 ts vaniljesukker og digestive kjeks. I originaloppskrifta er det nytta 8-10 vanlege digestive kjeks. Eg valte å lage botnen med glutenfrie "oreo-kjeks", så eg veit ikkje kor mange glutenfrie digestive kjeks det vil tilsvare. Eg brukte ein pakke med glutenfrie "oreo-kjeks". 

Smør ei 24/26 form (som de ser nytta eg ei hjarteform). Knus nesten alle kjeksa og ha i botnen av forma (eg hadde dei i ein liten plastpose og knuste dei med botnen på eit glas). Pisk saman ost, eggeplomme, sukker og vaniljesukker. Pisk kremfløyten stiv og bland den forsiktig saman med ostekremen. Hell røra forsiktig over kjeksa. Knus nokre kjeks (bare knekk dei mellom fingrane, mine vart for fint most) og strø på toppen. Eg pynta i tillegg med melkehjarter, men det er ikkje å anbefala. Når dei har vore frosne mistar dei omtrent all smak. Sett kaka i frysen i 8-10 timar. Kaka bør takast ut av frysen omlag ein halv time før servering. 

Kaka var god på smak, men eg må nok prøve å lage den med digestive kjeks for å sjå korleis den eigentleg skal være. :) Eg vil nok og smelte smør og blande i lag med kjeksa neste gong, då botnen vart svært smuldrete. 

lørdag 8. februar 2014

Glutenfrie matmuffins

Eg testa ut ei oppskrift frå tine på matmuffins. Det er ei grunnoppskrift og forslag til forskjellige fyll på sida deira. På grunn av mangel på nokon ingrediensar vart det eit eigenkomponert fyll. :) 

Grunnoppskrift: 4 dl mel, 1/2 dl glutenfrie havregryn, 1/2 ts salt, 2 1/2 ts bakepulver, 50 g smør, 2 dl melk og 1 egg. Bland mel, havregryn, salt og bakepulver i ei bolle. Smelt smøret på svak varme, avkjøl litt før du visper inn melk og egg. Hell melkeblandinga i dei tørre ingrediensane og bland godt. Bland inn ønska fyll. Eg steikte spinat og skinka, og blanda inn fetaost. 


Eg brukte amerikanske muffinsformer, og fyllte i åtta stykk. 


Steik på 250 grader i ca femten minutt. 


Enjoy!! :)

torsdag 27. juni 2013

Glutenfri Oreo ostekake

I går sto eg i opptil lange tider på kjøkkenet (kjennes svæææært lenge ut nå som eg er tre veker frå termin) og lagde kaka. Eg har ikkje smaka "vanleg" oreokake pga cøliakien, og fann ut eg ville prøve å lage noko liknande. Min bedre halvdel hadde eit ynskje om ostekake, og eg fann ei oppskrift på Oreo ostekake. Eg har ikkje laga så mange ostekaker, men har aldri før vore borti ei som skal steikast og har eit lokk av rømme på toppen!!




Oppskrifta fann eg på detsoteliv.no:

Bunn:
25 stk Oreokjeks (eg brukte 27 Glutano Chocolate O`s) 

Fyll:
800 g Philadelfia kremost
3 dl sukker
2 ss Toro lys kakemiks
4 store egg
3 store eggeplommer
2,5 dl kremfløte
1 ts vaniljeessens (eg brukte vaniljesukker)
15 stk Oreokjeks (eg brukte 17 Glutano Chocolate O`s)

Topping:
5 dl seterrømme (eg brukte laktosefri rømme)
0,75 dl sukker

Framgangsmåte:
Ha Oreokjeks i en food processor saman med mjukt smør. Kjør på full hastighet til ei jamn masse. Trykk kjeksmassen i botnen på ei rund form (26 cm i diameter). Sett i kjøleskapet i 30 min. Sett ovnen på 220°C.

Pisk saman kremost og sukker til blandinga vert lett og kremete (tar ca 3 minutter). Bland inn melet. Pisk så inn dei heile egga, eit om gangen, og deretter eggeplommene, kremfløten og vaniljeessens.

Hell halvparten av ostemassen i forma. Steik kaka midt i ovnen ved 220°C i 15 min. Det skal da ha danna seg ei lita hinne på toppen av kaka.

Ta kaka ut av ovnen og dryss over grovt hakka Oreokjeks. Hell forsiktig over resten av ostemassen. Steik kaka vidare midt i ovnen ved 220°C i 15 min til. Skru så varmen på ovnen ned til 100°C og flytt kaka til nederste rille. Steik kaka vidare i 50 min til.

Ta kaka ut av ovnen og avkjøl ei stund i forma. Skru varmen på ovnen opp igjen til 175°C. Rør saman seterrømme og sukkeret. Fordel dette på toppen av den noko avkjølte kaka. Steik kaka vidare midt i ovnen ved 175°C i ca 7 min.

Ta kaka ut av ovnen og la den avkjøle heilt i forma i romtemperatur. Sett kaka så (fortsatt i forma) i kjøleskapet og la den stå der til dagen etter. Kaka skal då ha stivna og kjennes fast. Løsne kakeringen forsiktig før servering.


Eg konkluderte med at kaka var god, men ikkje verdt jobben med å lage ho. :)

- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 24. mars 2013

Glutenfri gulrotkake

Ei av mine favorittkaker er gulrotkake. Spesielt med litt syrleg krem laga med philadelphia-ost. Dessverre er det sjeldan eg kjem på å lage den, særleg etter eg fekk diagnosa cøliaki. Den har hatt ein tendens til å bli litt tung og nærmast rå. For å forsøke med eit betre grunnlag denne gongen søkte eg etter ei glutenfri oppskrift, og kom over ei på bloggen Otilies hus. Den vart svært bra og anbefalast på det varmaste!


Du treng:
4 egg, 2,5 dl sukker, 4 dl Semper mix, 3 ts kanel, 2 ts natron, 1/2 ts salt, 1 ts vaniljesukker, 1 dl nøytral olje og ca 4 dl revne gulrot.

Pisk egg og sukker til det er luftig. Bland alt det tørre og tilsett i eggedosisen. Bland det godt saman. Tilsett så olje og revne gulrøtter. Bland godt og hell det i ei form med bakepapir. Bruk ei lita langpanne eller rund form. Steik på 180 grader, gjerne varmluft, i ca 35-40 minutter.

Avkjøl heilt medan du lager kremen:

200 gram kremost naturell, for eksempel philadelphia. 200 gram melis. 2 ts vaniljesukker eller 1 ts vaniljeekstrakt.

Pisk dette saman og bre det over kaka. Server og nyt!!



- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 16. desember 2012

Lefsebakst

I helga har eg hatt mor mi på besøk, og me har baka forskjellige sortar lefser og kaker. Det vart ein svært så lang dag. Me laga kvite, tynne lefser (og kalla mjølkelefser), nordlandskaker og potetekaker. 


Kvite tynne lefser - og kalla mjølkelefser:
5 dl lunka mjølk, 125 gr smelta smør, 1 ts hjortesalt, 1 ts bakepulver, 2 ts xanthan gum (dette hadde eg ikkje), 1 dl sukker, 1 egg, 1/4 ts salt og 1 1/2 pakke semper fin miks. Bland alt og ha i nesten 1 1/2 pakke semper. Deigen skal være fast og løsne frå bolla. 

Emna skal kjevles så tynne at du kan "sjå" benkeplata gjennom leiva. Ha godt med mel på bordet når du kjevler. Eg syns deigen var heilt grei å jobbe med, sjølv om eg ikkje hadde xanthan gum. Leiva skal berre steikast på eine sida. Den skal akkurat ha fått farge, men ikkje være brun! Dersom du ikkje smører dei med ein gang, må dei pakkast godt inn i plast. Smøres helst same dag. 

Fyll: 300 gr prim, 300 gr soft, 200 gr sukker, 200 gr raspa brunost og litt vatn. Når leivane skal smøras må dei være fuktige. Dette for å unngå at dei knekk når du brettar dei saman. Det kan være nok å legge ein fuktig klut under lefsene medan du smører dei, viss ikkje kan du smøre leivene med ein fuktig klut og la det trekke inn i nokre minutt. Dei skal ikkje være våte, berre fuktige. Smør lefsa med fyllet på den sida som var ned då du steikte, brett saman og nyt!! 


Nordlandskaker:
200 gr (2 dl) lys sirup, 200 gr margarin, 3 egg (romtempererte), 350 g (knapt 4 dl) sukker, 4 dl kefir, 4 ts hornsalt, 2 ts vaniljesukker og 3 pakkar toro lys kakemiks. 


Smelt sirup og margarin over svak varme, avkjøl til lunkent. Visp egg og sukker til eggedosis. Rør hornsaltet inn i kulturmjølka. Vend mjølka inn i eggedosisen saman med smelta sirup og margarin. Tilsett vaniljesukker iblanda litt av melet. Bland inn resten av melet. Dekk deigen til og la den stå kjølig i 2-3 timer, eller over natta. Dryss litt mel på benken. Ta nokon emne om gangen, og kjevle ut 2-3 mm tjukke leivar. Varm takke eller tørr og rein steikepanne til ca middels varme. Steik lefsene gyllenbrune på kvar side. Avkjøl på rist. 

Potetekaker:
Eg har inga oppskrift, mor mi blanda i hop etter augemål. Me kokte opp fem-seks litt små poteter med skalet på. Skrelte dei og mosa dei. Hadde i jyttemel til passe deig. Ein liten klump smør og ei klype salt. Kjevla svært så tynne og steikt på tørr takke. 



onsdag 24. oktober 2012

Eple og bringebær/blåbærkake

På hausten er det greitt å kunne nytte eple og bær til å kose seg med. Denne kaka er lett å lage, men svært mektig.

- 200 g marsipan
- 4 syrlege epler
- 1 beger bringebær/blåbær
- 4 dl havregryn
- 1 dl sukker
- ca 100 g smør

Rasp marsipanen grovt oppi ei lita langpanne. Skrell epla, fjern kjernen, del i båtar og fordel i forma. Ha i bringebær/blåbær. Strø over havregryn og sukker. Høvle smøret med ostehøvel og ha oppå. 






Steik kaka midt i ovnen på 200 grader i 35 minutter. Kaka kan serverast med piska krem, vaniljesaus eller is. 

Enjoy!!






søndag 2. oktober 2011

Nesbø, pasta med laks og blåbærpannekaker!

Whohoo! Fekk pakke frå cdon.com før helga! 



Opp til fleire av Nesbø sine bøker! Har bare fått lese dei to første i serien hans så langt. Gleder meg til å lese resten!



Har testa ut ein ny pastarett som absolutt kan anbefalast! Kok opp passelege mengder tagliatelle. Kutt opp purreløk, røkelaks og brokkoli. Steik brokkolien. Når pastaen er ferdig kokt, hell du over fløyte og lar det småkoke eit par minutt. Ha til slutt oppi resten og la det bli varmt. Server og nyt!!



I dag har me testa ei oppskrift på blåbærpannekaker. 2 egg, 2 1/2 ts bakepulver, 200 gr mel, 3 dl melk, 2 ss flytande honning, 200 gr blåbær. Skill plomma og eggekvita i egga. Bland eggeplommene, bakepulver, mel, melk og honning. La dette stå i 30 minutt. Pisk eggekvitene stive og bland dei og blåbær i røra. Steik i ei lita steikepanne. 






Fargen på røra var noko ekkel, og pannekaka såg ikkje særleg mykje bedre ut i panna. Først då dei var ferdig steik såg dei etande ut. :) Kan vel ikkje sei at dei vart ein favoritt for min det, det vart for mykje smak av honning. 




mandag 19. september 2011

Lettvint eplekake

I dag har eg plukka inn dei første epla frå treet i hagen. Nokon av dei vart nytta i ei lettvint eplekake. 



Ca 4 epler som er kutta i båtar, 2 egg, 1 1/2 dl sukker, 3 dl mel. Til topping treng du kanel, kaldt smør, mandlar og perlesukker. 


Pisk egg og sukker til eggedosis og bland melet forsiktig i. Hell røra i ei lita form kledd med bakepapir. Dytt eplebåtar nedi røra. Hakk mandler og dryss dei og kanel over. Skjær kaldt smør med ostehøvel i tynne skiver som du legg oppå. Strø perlesukker på toppen. Steik på nederste rille i ca 25 minutt. Etter halv steiketid bør du legge bakepapir oppå, elles kan kaka bli litt mørk. 




Kan absolutt anbefalast lunken med is attåt!! :)




søndag 10. juli 2011

Glutenfri krydderkake

Eg husker at eg som lita fekk servert krydderkake hos ein nabo. Den var fantastisk god, og eg fekk med meg oppskrifta. Har nok rota vekk den originale oppskrifta, men fann ei i ei kokebok hos mor mi her ein dag. Det vart ikkje heilt det samme som minnet frå svunne år, men god var den uansett.




150 g smør, ca 8 dl kultur eller kefir, 5 dl sukker, 3 ts kanel, 1 ts malt nellik, 1 ss natron og ca 10 dl mel. 


Smelt smøret og bland i melk. Rør i resten av ingrediensane. Fordel røra i ei smurd langpanne og steik kaka på 200 grader i 25-30 minutt. 



onsdag 8. juni 2011

Glutenfri marsipankake

I dag har eg laga marsipankake til venninna mi som har bursdag; Happy B-day Louise!!! :-D




Sukkerbrød: 3 egg, 1 1/4 dl sukker, 75 gr toro kakemiks eller semper melmiks, 1 ts bakepulver. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland mel og bakepulver, og rør det forsiktig med slikkepott inn i eggedosisen. Fylles i godt smurt springform, 22 cm i diameter. Stekes på nederste rille ved 180 grader i ca 30 minutter. 




Må sei at eg vart nøgd med botnen, vart høg og luftig! Delte botnen i to og dynka den med melk. Hadde eit lag med aprikossyltetøy, så eit lag med piska krem. Mor mi har vore innom i dag og det er i realiteten ho som har montert resten av kaka. La på toppen og hadde krem oppå og rundt. For å få til pynten på kaka legg ein på ein "flekk" med plastfilm på midten på kaka. 




Kjevla ut marsipan til eit lokk som skal på toppen.




Når du har komt så langt tek du ein skarp kniv og skjær eit kryss i marsipanen. Deretter snittar du to ganger til, sånn at du får åtte "kakestykker". Ta tak i tuppane og rull dei ut mot kanten. Ta tuppen på kniven og dra ut stykket med plastfilm. Pynt i midten med fersk frukt eller syltetøy. 




Bon appetit!   :-)




torsdag 19. mai 2011

Dagens middag og Mud cake in a mug

I dag har eg vore flink husmor og nytta litt av dei frosne restane av lammalåret eg laga til i påska til middag. Eg kokte opp potet, gulrot, løk, stangselleri og kjøt. Hadde i salt, pepper, buljong og eit ferdig lammekrydder. Steikte litt sopp og hadde oppi. Til slutt hadde eg i sukkererter og litt nykål på toppen og lot det stå i nokre minutt til kålen "datt saman". Det vart skikkeleg godt!!!



Kveldsmaten i dag var av det meir usunne slaget: Mud cake in a mug!! Enkelt sagt: du blandar ei røre i ein stor kopp, ha i mikroen og vips så har du ei herleg sjokoladekake!!! Du treng: 4 ss mel, 4 ss sukker, 2 ss kakao, 1 egg, 3 ss olje, 3 ss melk og 50 g sjokolade. Bland sammen mel, sukker og kakao i ein kopp som bør romme 3 dl. Pisk egget sammen og ha i koppen samtidig med melk og olje. Rør til du får ei glatt røre. Bland i halvparten av den grovhakka sjokoladen, ha resten på toppen. Sett koppen i mikroen på full effekt i to minutt. 




Resultatet var ikkje så imponerande å sjå på, men den smakte veeeeldi godt!!! Kan absolutt anbefalast!




lørdag 7. mai 2011

Tupperwareparty, med iskake og pakke!!

I veka som var holdt eg hus for ein tupperwaredemonstrasjon. Eg terroriserte mine gode kollegaer i forkant, så det var ikkje så nøye om me "bare" vart fem stykk som høyrde på Gina. Eg hadde seks bestillingar med meg frå jobb!!! :D Må sei meg imponert over kor mykje forskjellig Gina hadde med seg i "sekken":


Sånn at eg nesten vart bekymra for om bordet mitt vart for lite... 

Ein viktig ansvar som vertinne på ein tupperwarekveld, er jo å sørge for litt å bite i medan ein studerer alle produkta:



Iskaker har ikkje vore min favoritt opp gjennom åra. Nå hadde eg jo plutselig litt uventa fløyte som burde nyttast, så då vart det ei daimiskake. 


Botn: 4 eggekviter, 2 dl sukker og 100 gr mandlar. 
Is: 5 dl fløyte, 4 eggeplommer, 150 gr sukker og 3 doble daim. 

Pisk eggekviter og sukker til stiv marengs. Mal mandklae og bland i.Ha mandeldeigen i ei rund kakeform (24 cm i diameter) med bakepapir i botnet. Steik kaka midt i ovnen ved 180 C i 30 min. Avkjøl kaka i forma. 

Pisk fløyte til krem. Pisk eggeplomme og sukker stivt/luftig. Hakk daimen (spar ein halv til pynt), og bland alt saman. Ha det oppi kakeforma, på toppen av botnen. Sett kaka i ovnen i nokre timar. Server og NYT! :)


Noko av det kjekkaste for min del denne kvelden, var svigerinna mi som hadde med ein liten ting til meg! 

Det er mange øyeblikk i livet som vil fengsle deg, men bare noen få som vil fange ditt hjerte!

Carpe Diem!


Ikkje bare det at boksen er så flott dekorert, den inneheld Toffifee!!!! Svigerinna mi lagar og fantastisk flotte kort. Til 40-års dagen hennar fekk me dette:



Gledar meg til å sjå neste produkt!



fredag 29. april 2011

Glutenfrie vafler

Toro har ein pose med glutenfrie vafler som er heilt grei. Eg syns nå det likevel er greitt å innimellom lage ei røre frå botnen, i alle fall dersom eg har litt kulturmelk ståande. Oppskrifta eg bruker har eg frå boka glutenfri mat godt og sundt, gjærbakst og kaker. 


2 egg, 3 dl rømme (eventuelt kultura), 3 ss sukker, 2 ts kardemomme, 1 ts bakepulver, 2-3 ss smør og ca 175 g lyst mel. 

Visp egg, vann, rømme, sukker og kardemomme sammen. Tilsett melet og sett røren kjølig i ca 1/2 time. Tilsett smelta smør i røra før steiking.Veldi greitt med husgjester som gjer dei kjedelege oppgåvene...


Hadde plutseleg eit hyperaktivt dyr som hadde funne fram ei gammal leike som har overvintra ute...




Dette er då pus. Pus er nå så herpa at han ikkje lenger lage lyd (noko eg eigentleg ikkje syns er så dumt). Han bur fast ute, men er svært så gjev når Akeela først huskar på han.... Eg syns ikkje det er så stor stas når ho dreg pus med inn på nyvaska golv....