torsdag 19. mai 2011

Dagens middag og Mud cake in a mug

I dag har eg vore flink husmor og nytta litt av dei frosne restane av lammalåret eg laga til i påska til middag. Eg kokte opp potet, gulrot, løk, stangselleri og kjøt. Hadde i salt, pepper, buljong og eit ferdig lammekrydder. Steikte litt sopp og hadde oppi. Til slutt hadde eg i sukkererter og litt nykål på toppen og lot det stå i nokre minutt til kålen "datt saman". Det vart skikkeleg godt!!!



Kveldsmaten i dag var av det meir usunne slaget: Mud cake in a mug!! Enkelt sagt: du blandar ei røre i ein stor kopp, ha i mikroen og vips så har du ei herleg sjokoladekake!!! Du treng: 4 ss mel, 4 ss sukker, 2 ss kakao, 1 egg, 3 ss olje, 3 ss melk og 50 g sjokolade. Bland sammen mel, sukker og kakao i ein kopp som bør romme 3 dl. Pisk egget sammen og ha i koppen samtidig med melk og olje. Rør til du får ei glatt røre. Bland i halvparten av den grovhakka sjokoladen, ha resten på toppen. Sett koppen i mikroen på full effekt i to minutt. 




Resultatet var ikkje så imponerande å sjå på, men den smakte veeeeldi godt!!! Kan absolutt anbefalast!




2 kommentarer:

  1. Middagen såg veldiiig god ut men den kaka virka litt spooky....

    SvarSlett
  2. Som sagt: ho var ikkje så mykje å sjå på, men stagga godt søtsuget!! :)

    SvarSlett