I dag har eg vore ute å ribba nokre av trea i hagen for ny dekorering i stova. Alt må nyttast, stort som smått...
Fruktre i blomst er kjempeflott!
Dersom du stussar litt over at det er noko meir enn fruktkvister, så stemmer det. Eg har framleis kristtorn med bær, så desse og vart nytta i dag! :)
Kanskje ein litt snodig samansetting, men pyttsan. Man tager hva man haver... Vart litt fascinert når eg var å klippa kvistene mine. Det er litt påtakeleg forskjell mellom treet mitt og naboen sitt.
Satsar på at forklaringa er at deira tre er eldre! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar