lørdag 30. juli 2011

Rekeaften

I kveld har eg ete reker og kost meg i lag med familie heime i Åkra. Nesten heile gjengen av søsken samla for kvelden, pluss ei tante og onkel som eg sjeldan ser. Kosleg!!



Eg har ikkje vore så særleg glad i reker, men har byrja få litt meir sansen for det dei siste åra. Har enda ikkje komt dit at eg ser den store kosen med å sitte å rense rekene, syns det berre er klussete og "ekkelt". 


I kveld har Akeela og mor mi sin pus helst på kvarandre for første gang... Akeela brydde seg ikkje særleg om det vetle nøstet, men pus var ikkje begeistra for Akeela. Noko som gjekk ut over armen min...



Kan vel sei at eg framleis er eit hundemenneske med stor H!!!!



fredag 29. juli 2011

Kamskjell

Det har vore lite blogging siste tida. Det er nok på grunn av at eg er midt i ferien min, og bedriv tida med å fikse opp hagen og anna småplukk heime. Lite spennande å blogge om ugrasluking....  :)


I dag har eg for første gang forsøk å tilberede ferske kamskjell. Eg gløymde å ta bilde når skalet vart opna, men eg vart veldig overraska over kor mykje som er inne i eit kamskjell! Har lært at dei, i forhold til størrelse, har eit ganske stort fordøyelsessystem. Under tilberedninga vart det nytta diverse som var i kjøleskapet. Kamskjella vart dermed dekka med Mango Curry Sauce og toppa med kvitost. Inn i steikeovnen på 200 grader i fem minutt. Det vart overraskande godt! :-)




Til forskjell fra blåskjell der ein må sjekke med giftsentralen om dei er trygge, er kamskjell alltid trygt sidan ein berre et muskelen i dei og renser vekk fordøyelsessystemet. 


Bestilte meg ny mobil i går! Ein Huawei U8800... Gledar meg som ein unge til den kjem! Håpar posten er kjapp i leveringa. Då vert det i alle fall eit nytt innlegg!! :)



mandag 18. juli 2011

Bergentur

I helga har eg vore på tur til Bergen. Eg har hatt eit flott vertskap og eg har kost meg masse! Me hadde eit flott vær og kunne starte lørdagen med frukost ute i solskinn.




Lørdagen brukte me inne i Bergen by. Eg er ein dårleg vestlending og har aldri teke Fløyen... Me vurderte det, men fann ut at køen var for lang til at me orka å vente. Me gjekk heller og kikka i butikkar og kronglete gater. Ein eller annan gang komme eg meg nok på Fløyen...




Sku jo på ingen måte shoppe, men når skilta lyset mot meg med "halv pris" blir eg svaaaak... Får ALDRI for mange vesker.... Sant?





Eller toppar??




Pluss et par småting...




Me hadde oss ein pause i shoppinga på Zupperia. Dagens suppe til 59 kr. Billig og grei lunsj. Eg fekk ris til suppa i staden for brød. 




Kveldens middag var "fiskeknytter". Då legg du fisk med diverse grønnsaker og smakstilsetningar (gulrot, løk, krydder, smør, rømme, fløyte) i knytter av aluminiumsfolie. 




La dei ligge på grillen i omtrent 20 minutt. Etter ti minutt begynne det å lukte godt.



Vårt ferdige produkt:




Til dessert grilla me marshmallows. Det smake ikkje godt, bare søtt, men er ein artig ting som høyre til ein grillseanse! 




onsdag 13. juli 2011

Max Mekker, mekker og skrur...

Eg har funne ut at eg har eit skjult gen. Som handywoman!! :-) Var til Bergen i går og svinga innom Ikea på vegen heim. Såg med skrekk og gru på jobben med montering. Har fram til i går ansett meg sjølv som eit håplaust kvinnemenneske med ti tommeltottar.




Mengd deler skulle jo tilseie at det ferdige produktet var imponerande stort... Og antall skruar var jo nesten avskrekkande i seg sjølv.




Sånn at du nesten blir skuffa når du står med det ferdige produktet... Eit lite søtt nattbord.




I tillegg fekk eg og satt sammen mitt siste prosjekt som har gjennomgått ei forvandling. Frå dette....




Til dette...




Må sei eg vart nøgd med resultatet. Nå må eg bare få rydda inn i den alt rotet eg tok ut for å få malt den. :-)




mandag 11. juli 2011

Harryhandel

Andre "vanlige" folk får vel som oftast kjentfolk på harrytur til Sverige til å handle snop, brus, drikkevarer osv... Eg som cøliaker derimot, fekk søstera mi til å handle glutenfrie varer....




Ho handla fint mel, grovt mel, spagetti, makaroni, tagliatelle, havregryn osv.... Og så bare for usle 600 kr!!!! Fantastisk! :-) Sånn at eg nesten må vurdere å begynne med harryhandel!!


søndag 10. juli 2011

Glutenfri krydderkake

Eg husker at eg som lita fekk servert krydderkake hos ein nabo. Den var fantastisk god, og eg fekk med meg oppskrifta. Har nok rota vekk den originale oppskrifta, men fann ei i ei kokebok hos mor mi her ein dag. Det vart ikkje heilt det samme som minnet frå svunne år, men god var den uansett.




150 g smør, ca 8 dl kultur eller kefir, 5 dl sukker, 3 ts kanel, 1 ts malt nellik, 1 ss natron og ca 10 dl mel. 


Smelt smøret og bland i melk. Rør i resten av ingrediensane. Fordel røra i ei smurd langpanne og steik kaka på 200 grader i 25-30 minutt. 



tirsdag 5. juli 2011

Smått og stort....

Har fått nye Dab-radioar i hus nå. Må sei eg e imponert over lyden til å være dei billigaste eg fann.... Dei overraska faktisk i forhold til utsjånad og... :-)




I dag har eg vore effektiv. Har kokt jordbærsyltetøy




og påleggssalat. Med egg, krepsehalar, remulade, majones og dill. Snadder!!!




Resten av krepsehalane vart nytta til ein lett kvelds... Ikkje så mykje som skal til før det ser fristande ut. :-)




Det er vel nokon som huskar at eg har vore på telttur i helga. Må sei eg var noko skeptisk når eg var på veg på fredag og det var meldt stiv kuling. Stiv kuling på Karmøy er noko som kjennes ganske godt. Eg såg for meg at me kom til å vakne i toppen av eit tre på laurdagsmorgon. Akkurat den biten gjekk fint, me letta ikkje. :-) Det var litt verre når det byrja regna på laurdagskveld og fortsatte gjennom heile natta. Teltet toler nok sikkert ein del vatn, men dette vart for mykje. Me var tørre når me vakna, men det var byrja regne i ytterteltet. Der alle kleda våre stod... Nedpakking av telt gjekk ganske fort og ting kasta over i bilen til foreldra mine. Imponerande haug??




Etter denne strabasiøse natta syns me at det var fortjent med ein litt betre frukost, så me inntok matsalen på MS Sandnes. Eit flott skip der ein kan overnatte i knøttsmå lugarar. Foreldra mine overnatta nokre netter på båten, og lugaren var imponerande liten. :-) Det er eit staseleg skip.




Fekk såvidt begynta på Nesbø sin serie om Harry Hole i helga. Har tenkt å få lest meg gjennom heile serien hans. Får sjå om eg kjem meg gjennom dei i løpet av sommaren... ;-)




I dag har me faktisk hatt ein fin sommarsdag, håpar me kunne fått fleire...