fredag 29. juli 2011

Kamskjell

Det har vore lite blogging siste tida. Det er nok på grunn av at eg er midt i ferien min, og bedriv tida med å fikse opp hagen og anna småplukk heime. Lite spennande å blogge om ugrasluking....  :)


I dag har eg for første gang forsøk å tilberede ferske kamskjell. Eg gløymde å ta bilde når skalet vart opna, men eg vart veldig overraska over kor mykje som er inne i eit kamskjell! Har lært at dei, i forhold til størrelse, har eit ganske stort fordøyelsessystem. Under tilberedninga vart det nytta diverse som var i kjøleskapet. Kamskjella vart dermed dekka med Mango Curry Sauce og toppa med kvitost. Inn i steikeovnen på 200 grader i fem minutt. Det vart overraskande godt! :-)




Til forskjell fra blåskjell der ein må sjekke med giftsentralen om dei er trygge, er kamskjell alltid trygt sidan ein berre et muskelen i dei og renser vekk fordøyelsessystemet. 


Bestilte meg ny mobil i går! Ein Huawei U8800... Gledar meg som ein unge til den kjem! Håpar posten er kjapp i leveringa. Då vert det i alle fall eit nytt innlegg!! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar