torsdag 30. juni 2011

Herleg mat og snop frå hagen...

Fantastisk kjekt å ha venner som inviterer en på middag! I dag har eg fått servert jambalaya. I bunn og grunn kylling, chorizo, ris og diverse andre godsaker kokt ilag. Første gang eg har fått dette servert. Snadder!




Når eg kom heim hadde eg ein runde i hagen og sjekka busker og bær. Eg fann årets første jordbær!! Så fantastisk søtt og fullt i smak!!




Elles har fuglane vore og plukka til seg det dei likar best...




Det ser ut til å bli lite rips til saft i år, men kanskje rein solbærsaft? Solbæra er tydelegvis ikkje så populære... 




Gleder meg masse til august når desse vert modne.




Opal, ei av dei beste plommene som fins! 




onsdag 29. juni 2011

Skip-bo

I dag har eg vore og kjøpt eit nytt spel til helga, Skip-bo. Fantastisk navn!!!! :-)




Det er eit kortspel som går på å bygge seriar opp til 12. Poenget er å være førstemann som blir kvitt korta sine. 




Spelet var litt uoversiktleg i byrjinga med fire bunkar som var dine, fire bunkar som kunne byggast på i fellesskap osv, men ein kom fort inn i det. Det vert kanskje litt langdrygt, men nå var me berre to som spelte. Får sjå korleis det slår an hos tantebarna til helga. Då skal me på telttur til Skudeneshavn i forbindelse med Skudefestivalen.  




Skudefestivalen trekker mykje båtfolk og det er eit yrande folkeliv i sentrum. Det er mange boder der alt mogleg vert vist fram, frå laks til handtverk. Far min er blandt ein av utstillarane... 


Det vert spanande å sjå korleis det går når underteikna skal ut på telttur etter gammalt av. Eg har vel aldri vore nokon "campar". Eg har vore på min andel av 4H-leirar, men det har vel vore lite telting elles. Sist eg var på telttur var nok januar 2005. Då var eg i praksis på ein ungdomsinstitusjon og var med på skjermingstur med ein ungdom som hadde rusa seg. Då var det å spasere langt ut på fjellet og slå opp teltet (underteikna klarte å vri kneet så det vart kjapt avgjort kvar teltet vart slått opp)... Då me vakna dagen etter var verden rundt oss blitt kvit. Var ganske nøgdt når eg kom på at eg faktisk har vore med på ein såpass "strabasiøs" telttur som min siste erfaring (at det er svært lenge sidan den forrige, det tenker me ikkje meir på). Håpar på mindre utfordringar til helga og at me kan nyte dagane med flott ver! Kanskje på stranda som campingen reklamerer med??







onsdag 22. juni 2011

Feriepengane får bein å gå på...

Feriepengane er komt på konto og det er viktig å planlegge korleis dei best skal nyttast! Noko er allereie i hus... Støvsugar er eit viktig verktøy når ein har hund og nå har eg investert i ein Miele som verkar svært så lovande! Syns ikkje fargen var noko å skryte over, men fekk beskjed om at fargen var "heilt deg". Veit nå ikkje heilt eg... Men så lenge den suge opp alle hundehåra så er eg nøgd! :-)




Må snopa litt og??? Kan jo ikkje bare væra fornuftig???



Masse god plass til alt mulig rart, kort og penga og nøklar.... Åsså i ekta skinn så lukta så godt!! :-)




Skattepengane som snar kjem inn er allereie brukt i nye vindu til huset..... Kva skal de bruke skatte- og feriepengane dykkar på????


tirsdag 21. juni 2011

Langtur innom hytta

Då har eg gjennomført turen frå Fjellhaugen til hytta ved Steinsvatnet og vidare ned til Åkra. Ein flott tur! Bare området inn mot Fjellhaugen er flott.




Det er viktig å ta mange og lange nok pausar når ein går tur i fjellet!




Særleg når terrenget ser sånn ut:




Og du skal opp denne bakken...




Pausane kan nyttast til å studere dei vakre vekstane ein møter på...




Eller helse fint på fjellets bebuarar...




Når du først har klart å krype opp bakken, er det flott utsikt innover Børstølsvatnet.




Problemet er at det på andre sida er ei ganske bratt nedstigning til vatnet....






Det har vore mykje diskusjon i media om dei såkalla monstermastene som skal setjast opp i Hardanger. For meg er det litt uforståeleg at folk skal ha så mykje mot dei. Det har alltid vore eit naturleg syn i fjella heime og for meg har det vore eit teikn på trygghet. Frå eg var liten av har eg alltid blitt fortalt at dersom du går deg vill så føl du mastane så kjem du deg heim. Lyden av knatringa frå mastrane er ein kjent lyd som eg forbind med flotte turar.




Turen går vidare frå den vakre "skjulte" stranda ved Kristianstand. Deretter langs med, og til enden av, Børstølsvatnet.






Utsikta frå hytta ved Steinsvatnet er kjent og kjær. Ein ser rett over på Vikastølen.






Sånn som eg har forstått det er hytta påbegynt av bestefar min, bygd på av foreldra mine og nå siste åra har søster mi og mannen satt sine spor. Det vert spanande å sjå korleis hytta ser ut om 20-40 år...




Håpar ikkje bekken utanfor forandrar seg. Den har "alltid" vore ein ynda leikeplass, men nå er det tantebarna mine som utfoldar seg der.






Det er viktig med pausar på veg ned til Åkra og... Godt det er tilrettelagt med ein benk ved Stølshaugen.






Noko som eg har lært av søster mi, er at ein aldri må gå i minus når det gjeld kaloriar. Så etter ein slik dag er det svært viktig med påfyll...




Is med nonstop, peanøtter og sjokoladesaus. Snadder!!!! I dag har me kosa oss med eit litt sunnare alternativ i solglimta som dukka innom...




Heimesnekra rekebord... Blir litt tamt etter å ha vore på skalldyraften på Systrene Nilsen i Uskedalen, men godt var det uansett. Anbefalar forresten på det varmaste å ta turen innom Systrene ein kveld. Fantastisk god mat!!!!


søndag 12. juni 2011

Flott søndag

I dag har det vore ein flott dag i Langgot! Starta dagen med frukost på terassen! 




Etter frukost tok me turen inn til Feto. Flott tur i nydeleg ver!!!






Badenymfe på tur!!






Kom an då, hiv pinnen!!


Dagen har elles blitt tilbrakt i eit blomsterbed med jakt på ugras! Nå skal kvelden avsluttas med ein potensiell svært dårleg film Louise hadde med...




Blir spennande å sjå.... :-)