Viser innlegg med etiketten September 2011. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten September 2011. Vis alle innlegg

torsdag 29. september 2011

Framleis rekonvalens!

Jaja, eg har forstått at rekonvalens etter å ha fjerna mandlane tek tid! Eg er ikkje særleg flink til å ligge rett ut på sofaen utan å gjere nokonting, men må jo bare innsjå at overskotet og forma ikkje er på topp. Det varierer framleis i løpet av dagane kva eg klarar å få i meg av mat. Har funne ut at utsjånad på maten er ganske viktig. Eine dagen laga eg heimelaga blomkålsuppe. Ser svært godt ut sant??



Kanskje ikkje fullt så fristande lenger etter at stavmiksaren har jobba litt??



Ein annan dag kokte eg pastaskruar, lagde kjøttsaus og hadde oppi små ildfaste former toppa med ost. Enkelt og ganske så godt! Gjekk greitt ned eine dagen, men dagen etter klarte eg ikkje svelge det ned og forma gjekk i boset...



Tenkte at ein omelett måtte være grei å svelge ned. Brukte diverse restar frå kjøleskapet: egg, melk, paprika, purre, chorizo og cherry - tomater. Den vart kanskje for salt, for den gjekk ikkje ned verken til kvelds eller lunsj dagen etter...



Middagen i dag gjekk derimot ganske så greitt å svelge ned. Potetmos, pølse og steikte tomater. Steikte tomater har eg funne ut at er grei kost etter mandelfjerning. :-)



Sjølv om forma er dårleg, er det likevel viktig å kose seg. Har testa ut ein ny dessert i dag; ovnsbakte pærer. Del pærene i to og fjern kjerna. Legg dei med snittflata ned i ei ildfast form. Strø over sukker og legg litt smør oppå. Steik i oven i omlag 15 min. på 225 grader. Serveres lune med is!






Nå krysse eg fingrane for ei god natts søvn. Håpar du og får det. :-)




lørdag 24. september 2011

Helg!

På min ørtande dag med rekonvalens (neeeeida, blir ikkje lei eg!!!!) fekk eg eit svært så kosleg besøk. Ein av mine kjære kollegaer som stakk innom med ein oppmerksomhet. Ein heilt bedårande liten orkidè! 




Middagen i dag har vore basert på svært så enkle ingrediensar. Kriteriane for tida er ikkje høgt næringsinnhald eller fancy oppskrift, men ting som sklir lett ned ein sår hals! Til min overraskelse fann eg ut at det vart svært så godt med ein "hemmeleg" ingrediens".



Byrja det enkelt med å lage ein kvit saus med kraft frå boksen, salt og pepper og den "hemmelige" ingrediensen:



Utruleg kor god sausen vart med denne buljongen oppi! Eg har vanlegvis bare hatt den "vanlege" kjøttbuljongen i hus og har ikkje hatt kjennskap til denne. Middagen vart god på smak, og lett å få ned, sjølv om den ser nokså tafatt ut! :)



Lørdagssnopet i dag ser kanskje noko meir fristande ut??? :)




Krokanis med sjokoladesaus. Eller vart det sjokoladesaus med krokanis????? Godt var det uansett! :)




fredag 23. september 2011

Rekonvalens

Då er det gått et par dagar sidan eg var under kniven, og rekonvalensen er påbegynt. Formen er vel etter forholda bra, men smertestillande er jammen ein FLOTT oppfinnelse!! Voltaren, paracet og pinex forte... Svært kjekke navn å ha i skapet! :)


Det har vore litt vanskeleg å få i meg mat siste dagane. Det har gått mykje i youghurt og "mjuke" matvarer. Hermetisert frukt fann eg ut at var ein suksess! Nå i kveld har eg mekka heimelaga blomkålsuppe! 




Ta eit blomkålhovud og del det i små bitar. Kok det opp i passeleg mengd melk. Ha oppi purreløk og vanleg løk. La det koke til blomkålen er møyr, ca ti minutt. Sidan eg er nyopperert tok eg stavmiksaren fatt og moste alt saman. Krydra med salt, pepper, muskatnøtt og pittelitt buljong. 




Suppa smakte veldig godt, men sidan den er "sjukehusmat" ser den lite delikat ut. Vanlegvis ville eg hatt heile blomkålbukettar i, og kanskje og steikt bacon! Bør serverast med godt brød med smør på! 




tirsdag 20. september 2011

By- og hotelltur med bismak...

Jaja, då har me sjekka inn på Best Western Neptun, og har vore på Egon og ete ein god middag. Best Western er ikkje kjent som noko luksushotell, men det er heilt greitt. Kunne godt lagt litt meir arbeid ned i interiøret!



Litt skuffande at det ikkje var badekar på rommet. Hadde eit stort ønske om å kunne ligge i bløyt i kveld... Det får bli på neste hotelltur.



Det som var mest imponerande var forsåvidt minibaren. Eg har aldri sett ein bar med eit sånt utval!!!



Jaja, har uansett ikkje tenkt meg så mykje inn i minibaren. Eg har med anna snop å knaske på til i morgon. 






Ibux, paracet og paralgin forte er ikkje vanlege innslag i kosten min dersom du lurer på det. Men dei kan verte svært så naudsynte i morgon. Eg skal nemleg fjerne mandlane!!! Reknar med at det ikkje vert så mange blogginnlegg dei nærmaste dagane, me snakkast nok når formen har komt seg! Wish me luck!!!  :)




onsdag 14. september 2011

Nytt maleprosjekt

For eit slit det er å male eit soverom! Nå har eg stått i omlag fire timar og måla vegger og tak. Eg kjem til å kjenne det i fleire dagar, så det bør bare bli bra!!!!! Men kva skal opp på veggen for å toppe verket???? Har du nokon gode tips??


Veggane er blitt grå...

Og taket kvitt...

I morgon vert det tuppewareparty, så det blir pause i prosjektet til helga. :-) 
Eg var til Haugesund i helga, og må bare vise denne nusselege flaska. Fann ho på coop obs bygg av alle plassar! :-)




Håpar du har hatt ein fin kveld.  :-)



tirsdag 6. september 2011

Glutenfri kyllingpai

I dag har eg prøvd meg på noko nytt og uvant; kyllingpai. Eg har fått litt tips til fyllet frå ein god kollega, pluss oppskrift på botn frå ei av mine mange kokebøker. :-)



Botn: 1oo g smør, 1 1/4 dl sukker, 120 g mel, 2 toppede ss jyttemel, 1/2 ts bakepulver og 1 egg. Smøret bør være mjukt. Hurtigmiks alle ingrediensane i ein foodprosessor. Smør deigen utover ei godt smurt paiform. Bruk gjerne slikkepott til å dra deigen utover. Steik på nederste rille i 15 minutt på 200 grader. 



Til fyll steikte eg kylling, broccoli, løk og kvitløk. Blanda litt creme fraiche og tomatpure. Ha alt oppi paiskallet, ha ost på toppen og steik i ca 15 minutt. 




Enjoy!




mandag 5. september 2011

Lettvint torskeform

I går hadde eg lettsalta torsk til middag og i dag vart restane av fisken nytta i ei lettvint fiskeform.




Som ei resteform seg hør og bør, er denne satt saman av ting frå kjøleskapet. Ei skrelt potet, kutta i smale skiver. Legg potet i botn av ei lita ildfast for. Skrell og del opp ei gulerot, hakk sjarlottløk og legg oppå potetene. Ha på salt og pepper. Hell over ein passeleg skvett med fløyte. Legg fisken oppå og topp med ost. Ein halvtime i ovnen på 200 grader. Ein smakfull og enkel middag!




Som den snille hundeeigaren eg er, var eg i dag innom dyrebutikken og kjøpte ei ny tyggeleike.  




Trur den varte i heile fem minutt før ho satt med "piparen" i munnen. Utruleg kor mykje vatt det er i ein sånn liten figur. Lure på kva tyggeleike dyret mitt kan ha ei stund...??