torsdag 29. september 2011

Framleis rekonvalens!

Jaja, eg har forstått at rekonvalens etter å ha fjerna mandlane tek tid! Eg er ikkje særleg flink til å ligge rett ut på sofaen utan å gjere nokonting, men må jo bare innsjå at overskotet og forma ikkje er på topp. Det varierer framleis i løpet av dagane kva eg klarar å få i meg av mat. Har funne ut at utsjånad på maten er ganske viktig. Eine dagen laga eg heimelaga blomkålsuppe. Ser svært godt ut sant??



Kanskje ikkje fullt så fristande lenger etter at stavmiksaren har jobba litt??



Ein annan dag kokte eg pastaskruar, lagde kjøttsaus og hadde oppi små ildfaste former toppa med ost. Enkelt og ganske så godt! Gjekk greitt ned eine dagen, men dagen etter klarte eg ikkje svelge det ned og forma gjekk i boset...



Tenkte at ein omelett måtte være grei å svelge ned. Brukte diverse restar frå kjøleskapet: egg, melk, paprika, purre, chorizo og cherry - tomater. Den vart kanskje for salt, for den gjekk ikkje ned verken til kvelds eller lunsj dagen etter...



Middagen i dag gjekk derimot ganske så greitt å svelge ned. Potetmos, pølse og steikte tomater. Steikte tomater har eg funne ut at er grei kost etter mandelfjerning. :-)



Sjølv om forma er dårleg, er det likevel viktig å kose seg. Har testa ut ein ny dessert i dag; ovnsbakte pærer. Del pærene i to og fjern kjerna. Legg dei med snittflata ned i ei ildfast form. Strø over sukker og legg litt smør oppå. Steik i oven i omlag 15 min. på 225 grader. Serveres lune med is!






Nå krysse eg fingrane for ei god natts søvn. Håpar du og får det. :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar