tirsdag 31. januar 2012

Lappeteppe

Nå er eg endeleg ferdig med lappeteppet mitt!! Det er mitt første hekleprosjekt, og eg må sei eg er svært så godt nøgd med resultatet!!!!!




Eg syns eg har hekla evigmange ruter, men det har "bare" brukt 48 ruter. Oppskrifta på rutene fann eg på Nøstebarn si nettside. Det var ei enkel og grei forklaring syns eg. I tillegg nytta eg "hekle-skolen" som eg fann på dropsdesign si nettside. Den viser enkelt kva dei forskjellige uttrykka inneber. Velg, norsk som språk og vel så fana som heiter tips & hjelp. 


Neste prosjekt blir å forsøke å lage sitteunderlag ut frå oldemorsruter. :)




onsdag 25. januar 2012

Pizzasnurrar

Eg har testa ut eit (for meg nytt og ukjent) fyll til pizzasnurrar: Pesto, tomat, chilli, spekepølse, ost og purreløk. Eg nytta oppskrifta som eg har til tjukk pizzabotn som ser slik ut: 


1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 5 dl vatn, 3 ss olje, 1 ts salt, 2 dl jyttemel og 6 dl mel (Eg pleier ofte blande både grovt og fint mel). Bland gjæren ut i lunkent vatn og ha i fiberhusk. Bland i det tørre og la heve før du kjevler den ut til eit rektangel. 


Smør pesto utover 2/3 av botnen. Legg på hakka tomater, finhakka chilli, finhakka purre, oppkutta spekepølse og ost. Ikkje gjer som meg og skjær tomatene i skiver!! Ikkje lett å rulle det fint saman då!! :) Rull det saman og skjær i skiver som er omlag 2 cm tjukke. Få dei over på steikeplate utan at alt hamnar på golvet på vegen. Dersom du lukkast med dette, steiker du dei omlag 20 minutt på 200 grader. 




Dei fekk kanskje ein litt "snodig" grønnfarge av pestoen, men dei smakte faktisk ganske godt!




søndag 22. januar 2012

Muslibrød og bagetter

Ser at det blir svært så varierande kor ofte det vert innlegg på bloggen min. I dag har eg i alle fall tenkt å legge ut to oppskrifter som eg har testa dei siste dagane. 


Muslibrød


1/2 dl Pofiber
1 dl vatn


1/2 pk gjær
5 1/2 dl melk eller vatn
1 ts fiberhusk
3 ss olje


360 g schär melmiks C
250 g jyttemel
2 dl musli
1/2 dl sesamfrø
1 ts salt. 


Lunk væska på svak varme og løys opp gjær i den. Ha i fiberhusk. Ha dette og olje opp i eltemaskina. Pofiber får svelle i lunkent vatn og has i. Tilsett alt det tørre og elt i ca fem minutt. Legg plast eller håndkle over og la deigen heve i ca 30 minutt. 
Elt deigen kort saman og ha den over i godt smurt form. La heve ca 30 minutt før steiking. Steik i ca 45-50 minutt på 190 grader. 




Eg hadde ikkje schär melmiks så eg nytta litt forskjellig som eg hadde i skapet, einaste kriteriet var at det skulle være utan kveitestivelse. Eg syns brøda utan stivelse vert veldi tunge og lite gode på smak. Det er nok dessverre min konklusjon på dette brødet og. 


Bagett


3 dl lunkent vatn, 1/2 pk gjær, 2 ts fiberhusk, 2 ts pofiber, 1 ts salt og 400-450 g Semper med fiber. 


Løys gjæren opp i lunken væske. Ha i pofiber, fiberhusk og salt. Tilsett mel og elt røra godt saman. La deigen heve om lag 30 minutt. Elt deigen godt saman igjen. Bruk så lite mel som mogleg i utbakinga. Form bagettane slik du vil: på øverste bildet har eg laga dei avlange, på nederste runde. La dei heve om lag 30 minutt. Steik midt i ovnen, 230 grader i ca 20 minutt. 




Bagettane syns eg vart svært gode, kan absolutt anbefalast! 




torsdag 5. januar 2012

Verdens beste peppernøtter (skorne peppernøtter)

Dette er ein av julekakene eg er vant med at mammo lage. Me kallar dei for peppernøtter, men eg har forstått på kollegaer at dette er det dei kallar skorne peppernøtter. Du treng: 250 gr smør, 125 gr sirup, 1/2 dl fløyte, 250 gr melis, 400 gr mel, 2 ts natron, 2 ts malt nellik, 1 ts kanel, 1/2 ts pepper og 100 gr hakka mandlar. 




På svak varme koker du opp smør, sirup, fløyte og melis. Bland i resten av ingrediensane. Trill deigen til pølser og la ligge i kjøleskap over natta. Skjær i skiver og steikes på 200 grader i 10 minutt. Eg hadde gjerne i for lite mel, for dette vart ikkje velluka. Det vart pepperflarn...




Kollegaene mine var delte på synet om dei var gode eller ikkje. Nokon meinte dei nesten smaka som karamell, andre syns ikkje dei var etande. :)




mandag 2. januar 2012

SalmaParma

I dag har eg testa ut ein ny middagsrett som eg kalla for SalmaParma. Enkelt fortalt er det salma laks, rulla med parmaskine. Eller som meg, ta den billige varianten og bruk first price si spekeskinke. Funka veldi bra. :) Du deler laksen opp i passelege bitar. Sidan spekeskinka eg brukte ikkje var i så store flak, valgte eg å skjære laksen opp i ganske små bitar. Det vart nesten som ein tapas rett. Surr eit flak med skinke rundt laksebitane. Legg dei i ei ildfast form med olivenolje i botn. Legg litt smør på bitane. Som de ser på bildet hadde eg lagt ein smørklatt på kvar einaste bit, det er nok litt for mykje av det gode når det er så mange små bitar. Det vart vela mykje smør i forma. Eg strødde over litt maldonsalt, men på grunn av skinka vert det i grunn meir enn salt nok utan noko på. Steik høgast i oven på 200 grader i ca 10 minutt. For å få skinka sprø, kan ha på grillelementa et par minutt. 




Som tilbehør laga eg ovnsbakte poteter. I dag vart det nytta mandelpoteter. Skrell, del i to og ha i ei ildfast form. Ha over litt olje og krydder, rør saman. Ha oppå nokre klattar med smør. Steik 30 minutt på 200 grader.  



Steikte broccoli som grønnsak. Kutt broccolien opp i bukettar, steik på middels høg varme med ein god klatt smør. Ha på salt og pepper. 




Slettes ingen dum middag!! :)