mandag 25. februar 2013

Snart vår??

Det kan nesten sjå ut som det er blitt vår i stova mi!!




Kjekt med ei søster som sender blomar nedover. :-)




Me må vel vente litt på våren enda, men det nærmar seg!! Enn så lenge får me kose oss med gode middagar, gjerne med ein liten dessert etter...




Pølsegratengen ser gjerne ikkje så freistande ut, men smakar svært så godt. I denne brukte me servelatpølse som vart steikt. Kokte makaroni og laga ein kvit saus med to eggeplommer i. Blanda alt dette i ei ildfast form. Piska eggekvitene stive og la som eit lokk på toppen. Strø over ost og steik i 20-30 min på 200 grader. Dersom du vil spe på med noko sunt, kan du legge broccoli oppi forma og.




Ein annan favoritt er når sambu lagar bakt potet. Då er det kokt potet med ein saus anten med kjøttdeig eller skinke, iblanda rømme og tacokrydder.




Pastasalat er ein grei ting å lage til kveldar med vener, eller som lunsj på jobben. Då kokar eg makaroni og blandar oppi det eg har av restar, eller det eg fann i farten i grøntdisken på butikken. Denne gangen vart det skinke, sukkererter, reddik, paprika og ost (babybell). Som dressing vart det blanda chilli og kvitlauk inn i ein boks med rømme.

- Posted using BlogPress from my iPad

lørdag 9. februar 2013

Pizzabakeren

Dagens middag er lettvint, frå Pizzabakeren som nett opna på Husnes. Det er allereie andre gang eg prøver dei etter dei opna, og må sei meg svært nøgd!




*kremt* Som de ser så klarte eg å få i meg ein ganske stor del av pizzaen, heilt på eiga hand (kanskje eg kan skylde på at eg skal ete for to???)... Men konklusjonen så langt er at eg syns pizzaen frå Pizzabakeren er hakket betre enn Peppes. Dei skal forresten og ha pluss for at eg overhøyrde at dei ansatte fekk beskjed om at når dei laga glutenfri pizza så måtte dei vaske seg på henda så dei var utan "smitte" av gluten. Stor pluss!!! :-D

Ha ein fortsatt fin kveld!!

- Posted using BlogPress from my iPad