tirsdag 31. august 2010

Shoppingkick!!!

Var på kurs med jobben mandag og tysdag på Karmøy, og rota meg ut på Oasen i lag med gode kollegaer mandag ettermiddag. Der var det mykje sal, noko som førte til mange posar på mine armar! Er alltid kjekt når eg finn sal på basisklede. Er i tillegg kjekt når eg har bestilt tur til Kreta, og det er sal på sommar kjole:

Den er som vanlig litt for lang til pittelille meg, men det skal me klare å fikse!

Elles vart det eit par gensrar (rart korleis det alltid er mangelvare i skapet, sjølv om skapet knakar i alle baugar og endar...). Måtte plukke med meg ein av kvar av nokre enkle tunikaer som kan brukast til det meste:


Det var ikkje sal på sko, men på økonomisko er det vanskeleg å unngå freistingane. På grunn av min kollega som viste fram sine nydelege brune støvlettar same dagen, fall eg pladask for desse:

Eg kjem nok til å ha kanten bretta ned, syns det passar meg og min høgde best.

Trur eg har fått dekka shoppoman-genet mitt for ein liten periode nå, eller???? :-D Kjem ikkje til å ha mykje på shopping-kontoen til eg skal til Kreta, men det får stå sin prøve! :-)

1 kommentar:

  1. Kjekt å kunne vere til inspirasjon!!! Og du kan fint ha den bretta opp. Kjekt å kunne variere litt!

    Takk for kjekke dagar i lag! Eg og bloggar, og er klar for rocking og Grey`s!

    SvarSlett