tirsdag 26. november 2013

Shopping og vinter!

Sist eg var i Haugesund kjøpte eg Newborn stolen til Stokke. Var først innom Barnashus, men dei hadde den ikkje inne. Gjekk innom Sampson og fekk kjøpe eit der. Eg var ikkje klar over at Sampson hadde ei avdeling med barneklede og utstyr, men den var ganske så stor.  

Det er veldig kjekt at det er med eit oppheng til leike på stolen. Det fall i god smak hos småen i alle fall. :)


Mykje rart dei treng desse små. Eg har og slått til på eit tilbod på nett, og kjøpt ei sportsvogn/trille. Det er eit merke eg ikkje har høyrt om før, Knorr-baby, men satsar på at det er ei god vogn. :) Viktig å ha ei lita vogn når ein skal på shoppingtur til byn eller på ferie. 


Og plutseleg vart det vinter ute!! :o Den forsvant heldigvis fort igjen, men kjem vel kanskje tilbake igjen før jul?? Må jo snart begynne å tenkje på julebakst! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar