mandag 21. mars 2011

Kakefråtsing og ferdig oppussingsobjekt

På lørdagen var eg heim til Åkra med kake til pappen min som var 62. Kakebordet vart ganske imponerande til tre personar...




Bakerst i bildet er det Kari's kake, så suksesskake og til slutt toscakake. Alle er glutenfrie! Toscakake har alltid vore pappa si favorittkake, og den er snaddergod!




Jubilanten og dyret mitt verka til å være fornøyd med livet... Kari's kake er etter min mamma sin beskrivelse ei enkel søndagskake med appelsin og sjokolade. Er slett ingen dum byttehandel å komme med ei kake når eg reise heim med smakebitar av tre:




Pluss gevinsten frå bingoen førre helga.




Greitt å ha litt å velge i til kaffien?

Nå har eg fått mala seksjonen og tv'benken med tre strøk maling, pluss grunning. Er enda områder eg ikkje er nøgd med, men nå gidde eg rett å slett ikkje male meir!!!!!




Eg syns fargane vart veldi bra. Nå blir neste steg å finne nokon tøffe knottar å feste på skuffene!

- Laila -

2 kommentarer:

  1. Dette blei jo veldig stilig !! Send kransekake opp til meg forresten, du greier ikkje å ete opp heile den der åleine.....

    SvarSlett
  2. Hehehe.... Har mange rundt meg som hjelpe til med å ete opp kakene!! ;)

    SvarSlett