onsdag 8. desember 2010

Trøtt onsdag!

Huff, dagen i dag er ein av dei lange... Sove dårleg, mørkt ute osv osv osv... Satser på at kvelden kjem seg med ein kopp kakao og dårleg underhaldning på tv'en. :) 

Var nesten fælt å pakke den opp!
 Fekk nett her ein dagen gevinsten som eg vann på bloggen Min Vinterverden! Pakken var så fantastisk fint innpakka, men det var verdt å opne den!

Elskar jo pakkar så var dagens (vekas)  høgdepunkt!!
Må nesten få meg ei tallerkenhylle så den fine kjøkkenduken kan komme til sin rett... :)

Elles så har eg begynta på eit nytt strikkeprosjekt; Julekuler. 

Denne laga eg i helga heime hos ho mor...
Dei er ganske enkle å strikke dersom du beherskar telling opp til ca femten, og kan auke og felle masker! :) Det er mange forskjellige oppskrifter som er henta frå boka Julekuler av Arne og Carlos.

Kanskje eit forslag til julepresangar???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar