fredag 5. august 2011

Ferien går mot slutten

Ferien nærmer seg styggeleg slutten nå. Kan vel ikkje skryte over at det har vore den mest imponerande sommaren eg har opplevd vèrmessig... Det har glimta til innimellom, og då må anledninga nyttast....




Eg prøvde meg jo som husmor her ein dag og kokte på saft... Syns eg var lur som tok vare på diverse flasker med forskjellig mønster.




Men det vart faktisk så mykje av den eine koka mi, at det og vart litt jakt etter brukandes flasker blant tomgodset. Ikkje fullt så lekkert, men må man så må man... :-) Nå er dei godt plassert i frysen og vente på vinteren.... :-)




Denne helga er det Etnemarknad! For dei som ikkje har fått dette med seg må dei ta turen i løpet av helga. Eg har nok eit meir nostalgisk forhold til denne marknaden enn dei fleste andre, då eg har vore der meste kvart år sidan eg var ganske lita. Det byrja med at far min hadde stand med landbruksmaskiner, nå har han eigen stand med håndtverket sitt. Det er ein ting som det er fast handel av under marknaden:




Ingenting som slår saftige, mørke kjøttmoreller! Mmmm.... Andre ting kjenner eg at har endra seg opp gjennom åra... Har f.eks. blitt meir pinglete i forhold til karusellane. Men denne her var ny av året...




Du ser rett, an går heilt rundt så du heng opp-ned. Godt eg ikkje hadde tanteungar i nærleiken som jaga meg med opp... :-) Frå eg var lita av huske eg at dei hadde mykje dyr på marknaden. Det var eit heilt bygg som det var alle moglege dyr i. Nå er dette meste vekk, og i år var dette alt av dyr.... Hest med føll,




eit par sauer og kalvar.




Men dei har faktisk vore flink til å komme med nye ting og. I fjor var første året, men då har dei laga til ein "middelalder-park". Der du kan hive med øks på blink, ha duell med plastsverd osv. 


Må nesten gje meg sjølv klapp på skuldra forresten, einaste eg kjøpte meg (utanom moreller) var ei lykt til å ha ute i hagestova når den ein gong vert ein realitet. :-) For augneblikket ligg den innpakka nede i ei bod. De skal få sjå an den dagen hagestova er ein realitet.... :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar