mandag 20. februar 2012

Fastelavns-boller med eigen vri

Då var fastelavn passert, og fasten nærmer seg styggeleg... Fastelavn er sju veker før påska og markerer starten på fasten. (For dei som driv med sånt...) Fastelavn vert markert på forskjellig vis rundt om i verda, her heime er det mest vanleg med boller, bjørkeris og karnevalskledde ungar. Eit anna namn på fastelavn er fleskesøndag, sidan skikken var å feite seg opp før fasten. Dagen etter kalles fleskemåndag, eller blåmåndag!! Etterfølgande tysdag vert kalla feitetysdag, eller kanskje meir kjent: Mardi Gras. Mardi Gras markerer slutten på karnevalstida, og onsdagen etter innleder fasten. Har då og det noko meir nøkterne kallenamnet askeonsdag. 


Det har nok blitt bakt mange boller og piska nokre liter krem i dei norske heimar i helga. Eg har og laga boller, men med ein litt annan vri enn den klassiske "fastelavn - bolla". 


Oppskrift:
100 g smør, 500 g mel, 1 1/2 ss jyttemel, 1 pk gjær, 2 ss fiberhusk, 4 1/2 dl vatn,  2 ss sukker, 1 ts salt og 1 ts kardemomme. 


Smøret smuldres i melet. Eg nytta tørrgjær i dag og hadde difor alt det tørre i ei bolle, tilsatte så vatnet og jobba alt saman til ein jamn deig. La heve i 30 minutt. Kna deigen godt saman. Del i emner og form til ønska boller. Eg klappa dei flate og fylte dei med marsipan, sjokolade og nøtter. La heve 15-30 minutt og steik i 12 minutt på 250 grader.






Bollane vart svært gode og kan absolutt anbefalast. Oppskrifta er eigentleg til hamburgerbrød, difor lite sukker. Ut frå denne deigen kan ein lage alt mogleg: pinnebrød, hamburgerbrød, boller, pitabrød osv osv... Det er berre å ta vekk krydder eller tilsette meir sukker for søte boller. 




1 kommentar: