onsdag 7. mars 2012

Glutenfritt lavkarbobrød

Eg har i ein periode forsøkt å ete mest mogleg uten kveitestivelse for å sjå om det kan føre til ei betring for magen min. Eg fann til slutt ut at eit brød basert på ei oppskrift på eit lavkarbo brød, var eit ganske godt alternativ. Denne oppskrifta her er ikkje heilt lavkarbo, då må du bytte ut sukker med splenda osv. 


Bland først ein base som består av 1 beger cottage cheese, 5 egg og ca 1/2 dl olje. Kjør det glatt med ein stavmiksar. Bland så sammen det tørre: 3 ts bakepulver, 3 ts sukker, 2 ts salt, 2 ts fiberhusk, 2 ts mandelmel, 30 gr pofiber, 30 gr sukkerroefiber, 4 ss jyttemel, 40 gr linfrø, 40 gr hakka valnøtter, 40 gr solsikkefrø og 40 gr sesamfrø. Rør alt saman. Ha oppi ei form kledd med bakepapir. 


Det er ein litt omfattande steikeprosess, men det er verdt jobben for smaken sin del! Steik brødet først 25 min på 180 grader. Steik det så i 40 minutt på 150 grader. Ta brødet ut av ovnen, ta det ut av forma og fjern bakepapiret. Legg brødet på rist og steik i 20 minutt på 180 grader. 





Som sagt var brødet så absoultt eit godt alternativ, og anbefalast til utprøving! 




1 kommentar: