torsdag 14. juni 2012

Heimelaga hamburgerar

Det er ikkje ofte eg et hamburger lenger, og då er det som oftast på Burger King eller McDonalds. Denne gang vart det derimot laga heimelaga burgerbrød, og snekring på eige kjøkken. Det var slettes ikkje dumt!! :) Oppskrifta til hamburgerbrøda er som følgjer:


100 g margarin (kjøleskapskald), 500 g mjøl, 1 1/2 ss jyttemjøl, 1 pk (50 g) gjær, 2 ss fiberhusk, 4 dl lunka vatn, 1 ss sukker og 1 ts salt. 



Margarin smuldres i mjølet. Smuldre gjæren i ei bolle, ha i vatn og fiberhusk. La svelle. Rør sukker og salt i væska. Rør inn mjølet litt og litt. Elt deigen godt og la heve i 30 minutt. 


Trill deigen ut i passande emner. Trill til boller og trykk flate. La heve i 30 minutt. Pensle brøda og strø på sesamfrø. Steik midt i ovnen i ca 12 minutt på 250 grader. 



Prøvde for første gang å ha slottspoteter som tilbehøyr til hamburgar. Kappa poteter opp i passande bitar. Blanda forskjellige krydder i olje og hadde over. Steik på 200 grader i ca 20-30 minutt. 



Burgerane vart laga av kjøttdeig med salt og litt diverse krydder. Steik på middelshøg varme. 



Nytt det du ønskjer av tilbehøyr. Her er det berre fantasien som set grenser! :)  (Og slottspoteter er slettes ikkje dumt til hamburgar...)






3 kommentarer:

  1. Kan de varmes i mikrobølgeovn? (Intern humor) Hahahhahhaha. Men litt seriøs her, kunne tenke meg å prøve ut den oppskriften altså.

    SvarSlett
  2. Heimlaga hamburger er snytgodt ! Pleier å lage det her i heimen også, men har ikkje kommet på å ha slottspoteter til :-) Tar med ideen til neste gang...

    SvarSlett
  3. Nammis alltså!! Ka e da du har varma i microen no då???

    Kan du ta vekk da der med at vi må skriva inn den koden? E så bale. Og eg skjønne ikkje vitsen. Gjer du?

    SvarSlett