tirsdag 6. september 2011

Giveaway hos Trollmor og!

Trollmor har tre gaver som skal gis vekk. Ta turen innom bloggen og kikk sjølv!




Giveaway hos Anetteshus

Anetteshus feirar tre millionar besøkande i desse dagar, med ein stor giveaway med mange flotte gevinstar. Ta turen innom på bloggen og sjekk ut sjølv! :-)




Glutenfri kyllingpai

I dag har eg prøvd meg på noko nytt og uvant; kyllingpai. Eg har fått litt tips til fyllet frå ein god kollega, pluss oppskrift på botn frå ei av mine mange kokebøker. :-)



Botn: 1oo g smør, 1 1/4 dl sukker, 120 g mel, 2 toppede ss jyttemel, 1/2 ts bakepulver og 1 egg. Smøret bør være mjukt. Hurtigmiks alle ingrediensane i ein foodprosessor. Smør deigen utover ei godt smurt paiform. Bruk gjerne slikkepott til å dra deigen utover. Steik på nederste rille i 15 minutt på 200 grader. 



Til fyll steikte eg kylling, broccoli, løk og kvitløk. Blanda litt creme fraiche og tomatpure. Ha alt oppi paiskallet, ha ost på toppen og steik i ca 15 minutt. 




Enjoy!




mandag 5. september 2011

Lettvint torskeform

I går hadde eg lettsalta torsk til middag og i dag vart restane av fisken nytta i ei lettvint fiskeform.




Som ei resteform seg hør og bør, er denne satt saman av ting frå kjøleskapet. Ei skrelt potet, kutta i smale skiver. Legg potet i botn av ei lita ildfast for. Skrell og del opp ei gulerot, hakk sjarlottløk og legg oppå potetene. Ha på salt og pepper. Hell over ein passeleg skvett med fløyte. Legg fisken oppå og topp med ost. Ein halvtime i ovnen på 200 grader. Ein smakfull og enkel middag!




Som den snille hundeeigaren eg er, var eg i dag innom dyrebutikken og kjøpte ei ny tyggeleike.  




Trur den varte i heile fem minutt før ho satt med "piparen" i munnen. Utruleg kor mykje vatt det er i ein sånn liten figur. Lure på kva tyggeleike dyret mitt kan ha ei stund...??



lørdag 3. september 2011

Glutenfrie steikepannebrød

I dag er det ein sånn rolig lørdagsmorgon. Har ingen spesielle planar før seinare i dag. Har laga ein god frukost og sit med ein kopp te og ser ut på regnet. Life is good!!! :-) 


I dag slo eg til og laga steikepannebrød til frukosten. Dei er svært lette og kjappe å lage til. 



Ca. 5 dl glutenfri melmiks (bland grov og fin etter eige ønske), 2 ts bakepulver, 1 ts salt, 1/2 dl sesamfrø og 2 dl melk. 


Varm ei tørr steikepanne til middels varme. Ta melet i ei bolle og tilsett bakepulver. Rør om. Bland i resten av ingrediensane. Arbeid deigen i kjøkkenmaskin eller med handmiksar med eltekrokar. Bruk ei skjei til å ta opp passelege emner, litt større enn ein bordtennisball. Rull dei i litt mel, klapp dei flate. Steik emna på begge sider til dei er gylne. 



Så er det berre å sette seg ned og nyte ein god frukost!




Ha ei fin helg!! :-)