torsdag 13. desember 2012

Ambrosiabrød og ostesmørbrød

I kveld har eg starta på julebaksten for i år, ambrosiabrød! 

Oppskrifta finn du her

Er litt seint ute kan du sei. :) Det har vore litt for travelt til at det har blitt baking av småkaker eller laging av snop enda. Til helga er det planar om å få bake lefser av forskjellig slag. Håpar nordlandskakene vert meir vellukka i år enn i fjor. 

Utanom ambrosiabrød vart det laga ostesmørbrød til kvelds. Det er kanskje ein litt spesiell måte å lage dei til på, så eg tenkte eg kunne dele og kanskje gje litt inspirasjon til alternative måtar å lage ostesmørbrød på. :) Du tek to ganske tynne skiver med brød. Smør på passeleg mengde med ketchup og sennep. Legg ost på begge sidene, og skinke av ein eller annan sort i mellom. Legg dette saman til eit stoooort ostesmørbrød. Kakk to egg i ein djup tallerk. Visp dei lett saman og ha i litt salt og pepper. Legg smørbrødet oppi og la det ligge eit minutt, før du snur det. 


Steik smørbrødet på middels til låg varme slik at osten fått smelte, og det er fin fagre utanpå. Eg var litt for utolmodig, og hadde for høg varme. All osten var dermed ikkje smelta inni, og dette er slikt som for meg øydelegg ein del av smaken... 


Dette er ein alt for mektig kvelds, og eg kjenner at eg nesten angrar. Men berre nesten!! :) 


onsdag 24. oktober 2012

Eple og bringebær/blåbærkake

På hausten er det greitt å kunne nytte eple og bær til å kose seg med. Denne kaka er lett å lage, men svært mektig.

- 200 g marsipan
- 4 syrlege epler
- 1 beger bringebær/blåbær
- 4 dl havregryn
- 1 dl sukker
- ca 100 g smør

Rasp marsipanen grovt oppi ei lita langpanne. Skrell epla, fjern kjernen, del i båtar og fordel i forma. Ha i bringebær/blåbær. Strø over havregryn og sukker. Høvle smøret med ostehøvel og ha oppå. 






Steik kaka midt i ovnen på 200 grader i 35 minutter. Kaka kan serverast med piska krem, vaniljesaus eller is. 

Enjoy!!






lørdag 6. oktober 2012

Første middag på gasstopp!!

Då har eg fått laga middag for første gang på gasstoppen! Den vart ferdig kopla i dag!! :D Kjenner at det vil ta tid å bli kjent med den, men trur det blir bra med tid og stunder. Det verkar i alle fall til å være god effekt av platene! Det kokar jo opp med ein gang nesten. :-) Håpar me vert nøgd med nyvinninga. :-) 


Middagen som fekk æra av å bli den første, var noko så kjedeleg som kjøttaker i brun saus. :-) Ein god gammal klassikar, med ertestuing og tytebærsyltetøy. 


For anledninga vart Toro sin nye glutenfrie brune saus testa. Den var heilt brukande. :-) Det er utruleg kjekt å kunne ha nokon lettvinte alternativ å ty til innimellom. :-)


I dag var eg og så heldig å få ei "kopptæv" av svigermor (det vil då sei ei kjøkkenfille på min dialekt....) ;-)


Den er strikka i rein bomull og skal i dagane framover få teste kva ho dug til. 


torsdag 4. oktober 2012

Nytt kjøkken

Dei siste vekene her i huset har vore fokusert på eit rom; kjøkkenet!! Det som byrja med ein plan om å få opp ny kjøkkeninnreiing, enda opp med totalrenovering av heile rommet!!

Når me fjerna dei gamle skapa måtte me legge nytt golv... I staden for å berre kunne male tapeten som allereie var i rommet, vart alle dei ørten gamle laga fjerna, veggen pussa og ny tapet hengt opp og måla.
Når vegger og golv til slutt var i boks, brukte elektrikar tre dagar på å fikse på det gamle opplegget. Den rekninga vert nok kjekk å få...

Nå er det meste på plass, og det byrjar å sjå ut som eit kjøkken!!!! Til og med vatnet er på plass, nå manglar det berre ventilator og gasstopp. :D 

På denne boksen skal ventilatoren komme.

Integrerte kvitevarer.

Dette er den mest spennande skuffa i kjøkkenet.

Det er nemleg kjøleskuffer!!

Det er forresten eit Ikea kjøkken, Ramsjø. 

Eg har oppdaga uante talent i denne prosessen og vurderer om eg heller skal slå inn på ein karriere som tapetserar... ;)

Nå spørs det berre kor lang tid det tek før listene er på plass.... Time will show!!

torsdag 6. september 2012

Kreta 2012

I august i år var eg og ei venninne til Kreta igjen. Denne gangen budde me i Agia Marina, på eit hotell som heiter Dimitra. Hotellet var enkelt og greitt. Det som var mest positivt var at det låg eit stykke opp frå vegen, slik at det ikkje vart støy frå trafikken i hovudgata. Hovudmålet vårt var å slappe i sola og gjere minst mogleg, noko me klarte svært godt!! :-) Det einaste me gav oss ut på var turen gjennom Samaria-ravinen. Det er ein tur som startar på 1250 moh og sluttar ved havnivå. Det er ei ganske krevjande nedstiging då ein tek mange av høgdemetrane i byrjinga. Turen er 18 km lang og kan ta alt frå fire til sju timar. Me brukte fem og ein halv time, noko eg syns er bra med tanke på at det var ganske varmt då me gjekk. Turen er ikkje anbefala for folk som har problem med ledd, eller folk som har hjarteproblem. For folk elles, så er det ein flott tur!!




Rassikring er ikkje nett det same som her heime. Fleire plassar var markert med fare for ras, ikkje stopp. Likevel var det ved eit tilfelle nokon som satte seg ned for ein nistepause...




Dersom du fekk problem på turen, var det ikkje mogleg for ambulansar å komme til. Du måtte ta til takke med "Tussi"...




Det var mange rare formasjonar og mønster i fjellveggane.







Det var mykje vandring i det uttørka elveleiet.




Sjølv på dei raraste plassar var det trær...




I løpet av turen kryssa ein elva mange gonger. Nokre gonger på steinar, andre gonger på "solide" bruer... ;-) Det var svært interessant å sjå på ei som krabba over ei bru på alle fire. Trur kanskje ho hadde noko høgdeskrekk....




Me møtte ikkje på så mange dyr inne i ravina, men utanfor møtte me på denne kjekkasen!! Kikka meg over skuldra nokre gonger når me gjekk vidare...




Turen var flott, men det aller beste var dukkerten i Libyiske hav i Agia Roumeli då me var ferdige.




Frå Agia Roumeli må ein ta båt til Chora Sfakion, og derifrå buss tilbake til utgangspunktet. Det er ein lang dagstur, men absolutt verdt det!!

- Posted using BlogPress from my iPad