søndag 16. desember 2012

Lefsebakst

I helga har eg hatt mor mi på besøk, og me har baka forskjellige sortar lefser og kaker. Det vart ein svært så lang dag. Me laga kvite, tynne lefser (og kalla mjølkelefser), nordlandskaker og potetekaker. 


Kvite tynne lefser - og kalla mjølkelefser:
5 dl lunka mjølk, 125 gr smelta smør, 1 ts hjortesalt, 1 ts bakepulver, 2 ts xanthan gum (dette hadde eg ikkje), 1 dl sukker, 1 egg, 1/4 ts salt og 1 1/2 pakke semper fin miks. Bland alt og ha i nesten 1 1/2 pakke semper. Deigen skal være fast og løsne frå bolla. 

Emna skal kjevles så tynne at du kan "sjå" benkeplata gjennom leiva. Ha godt med mel på bordet når du kjevler. Eg syns deigen var heilt grei å jobbe med, sjølv om eg ikkje hadde xanthan gum. Leiva skal berre steikast på eine sida. Den skal akkurat ha fått farge, men ikkje være brun! Dersom du ikkje smører dei med ein gang, må dei pakkast godt inn i plast. Smøres helst same dag. 

Fyll: 300 gr prim, 300 gr soft, 200 gr sukker, 200 gr raspa brunost og litt vatn. Når leivane skal smøras må dei være fuktige. Dette for å unngå at dei knekk når du brettar dei saman. Det kan være nok å legge ein fuktig klut under lefsene medan du smører dei, viss ikkje kan du smøre leivene med ein fuktig klut og la det trekke inn i nokre minutt. Dei skal ikkje være våte, berre fuktige. Smør lefsa med fyllet på den sida som var ned då du steikte, brett saman og nyt!! 


Nordlandskaker:
200 gr (2 dl) lys sirup, 200 gr margarin, 3 egg (romtempererte), 350 g (knapt 4 dl) sukker, 4 dl kefir, 4 ts hornsalt, 2 ts vaniljesukker og 3 pakkar toro lys kakemiks. 


Smelt sirup og margarin over svak varme, avkjøl til lunkent. Visp egg og sukker til eggedosis. Rør hornsaltet inn i kulturmjølka. Vend mjølka inn i eggedosisen saman med smelta sirup og margarin. Tilsett vaniljesukker iblanda litt av melet. Bland inn resten av melet. Dekk deigen til og la den stå kjølig i 2-3 timer, eller over natta. Dryss litt mel på benken. Ta nokon emne om gangen, og kjevle ut 2-3 mm tjukke leivar. Varm takke eller tørr og rein steikepanne til ca middels varme. Steik lefsene gyllenbrune på kvar side. Avkjøl på rist. 

Potetekaker:
Eg har inga oppskrift, mor mi blanda i hop etter augemål. Me kokte opp fem-seks litt små poteter med skalet på. Skrelte dei og mosa dei. Hadde i jyttemel til passe deig. Ein liten klump smør og ei klype salt. Kjevla svært så tynne og steikt på tørr takke. 



torsdag 13. desember 2012

Ambrosiabrød og ostesmørbrød

I kveld har eg starta på julebaksten for i år, ambrosiabrød! 

Oppskrifta finn du her

Er litt seint ute kan du sei. :) Det har vore litt for travelt til at det har blitt baking av småkaker eller laging av snop enda. Til helga er det planar om å få bake lefser av forskjellig slag. Håpar nordlandskakene vert meir vellukka i år enn i fjor. 

Utanom ambrosiabrød vart det laga ostesmørbrød til kvelds. Det er kanskje ein litt spesiell måte å lage dei til på, så eg tenkte eg kunne dele og kanskje gje litt inspirasjon til alternative måtar å lage ostesmørbrød på. :) Du tek to ganske tynne skiver med brød. Smør på passeleg mengde med ketchup og sennep. Legg ost på begge sidene, og skinke av ein eller annan sort i mellom. Legg dette saman til eit stoooort ostesmørbrød. Kakk to egg i ein djup tallerk. Visp dei lett saman og ha i litt salt og pepper. Legg smørbrødet oppi og la det ligge eit minutt, før du snur det. 


Steik smørbrødet på middels til låg varme slik at osten fått smelte, og det er fin fagre utanpå. Eg var litt for utolmodig, og hadde for høg varme. All osten var dermed ikkje smelta inni, og dette er slikt som for meg øydelegg ein del av smaken... 


Dette er ein alt for mektig kvelds, og eg kjenner at eg nesten angrar. Men berre nesten!! :) 


onsdag 24. oktober 2012

Eple og bringebær/blåbærkake

På hausten er det greitt å kunne nytte eple og bær til å kose seg med. Denne kaka er lett å lage, men svært mektig.

- 200 g marsipan
- 4 syrlege epler
- 1 beger bringebær/blåbær
- 4 dl havregryn
- 1 dl sukker
- ca 100 g smør

Rasp marsipanen grovt oppi ei lita langpanne. Skrell epla, fjern kjernen, del i båtar og fordel i forma. Ha i bringebær/blåbær. Strø over havregryn og sukker. Høvle smøret med ostehøvel og ha oppå. 






Steik kaka midt i ovnen på 200 grader i 35 minutter. Kaka kan serverast med piska krem, vaniljesaus eller is. 

Enjoy!!






lørdag 6. oktober 2012

Første middag på gasstopp!!

Då har eg fått laga middag for første gang på gasstoppen! Den vart ferdig kopla i dag!! :D Kjenner at det vil ta tid å bli kjent med den, men trur det blir bra med tid og stunder. Det verkar i alle fall til å være god effekt av platene! Det kokar jo opp med ein gang nesten. :-) Håpar me vert nøgd med nyvinninga. :-) 


Middagen som fekk æra av å bli den første, var noko så kjedeleg som kjøttaker i brun saus. :-) Ein god gammal klassikar, med ertestuing og tytebærsyltetøy. 


For anledninga vart Toro sin nye glutenfrie brune saus testa. Den var heilt brukande. :-) Det er utruleg kjekt å kunne ha nokon lettvinte alternativ å ty til innimellom. :-)


I dag var eg og så heldig å få ei "kopptæv" av svigermor (det vil då sei ei kjøkkenfille på min dialekt....) ;-)


Den er strikka i rein bomull og skal i dagane framover få teste kva ho dug til. 


torsdag 4. oktober 2012

Nytt kjøkken

Dei siste vekene her i huset har vore fokusert på eit rom; kjøkkenet!! Det som byrja med ein plan om å få opp ny kjøkkeninnreiing, enda opp med totalrenovering av heile rommet!!

Når me fjerna dei gamle skapa måtte me legge nytt golv... I staden for å berre kunne male tapeten som allereie var i rommet, vart alle dei ørten gamle laga fjerna, veggen pussa og ny tapet hengt opp og måla.
Når vegger og golv til slutt var i boks, brukte elektrikar tre dagar på å fikse på det gamle opplegget. Den rekninga vert nok kjekk å få...

Nå er det meste på plass, og det byrjar å sjå ut som eit kjøkken!!!! Til og med vatnet er på plass, nå manglar det berre ventilator og gasstopp. :D 

På denne boksen skal ventilatoren komme.

Integrerte kvitevarer.

Dette er den mest spennande skuffa i kjøkkenet.

Det er nemleg kjøleskuffer!!

Det er forresten eit Ikea kjøkken, Ramsjø. 

Eg har oppdaga uante talent i denne prosessen og vurderer om eg heller skal slå inn på ein karriere som tapetserar... ;)

Nå spørs det berre kor lang tid det tek før listene er på plass.... Time will show!!