lørdag 8. juni 2013

Bergenhelg med akvariet og vil vite senter!

Sidan me snart (berre ein og ein halv månad igjen!!!!) ventar eit lite knøtt, fann me ut at me ville ha ei helg for oss sjølv. Det vart ikkje noko meir avansert enn ei helg i Bergen på hotell, med ein tur innom akvariet og vil vite senteret. Me budde på Thon hotell Bristol som ligg ved Torgallmenningen, rett ved Mcdonalds. Hotellet var veldig bra. Fine rom og svært god frukost! Det var opp til mange forskjellige sortar smothie, samt heilt greitt glutenfritt brød. :) Eg syns romma var fine, men eit minus at det var glasdør inn til badet og dermed svært lytt...


Utsikta var både og. Svært sentralt og mykje artig å sjå på, men samtidig mykje lyd og støy (særleg ut over dei små nattetimar i og med at det var festspel same helga)


Det er mange år sidan sist eg var i akvariet, og det var eit artig gjensyn. Mange forskjellige krabatar der gitt. Nokon meir kjente enn andre, Nemo f.eks.... :)


Nokon litt meir utspjåka enn andre... :)


Nokon litt skumle... 


Nokon svæææære... 


Nokon ekle (som faktisk hadde hikke)...


Min kjære har ingen problem med å skaffe seg nye venner uansett kvar me er... :)


Middag for kvelden vart nytt på Egon som ligg vegg i vegg med hotellet (som og har frukostbuffeén til hotellet).


Det vart ikkje teke særleg bilde frå Vil vite senteret, men det var absolutt ein kjekk plass med mykje å trykke og plukke på. Det vart dessverre litt mykje trakking for min del desse dagane, så det får heller gjentakast når knøtt er komen og bekkenet toler litt meir. :)

Som alltid når eg er i Bergen må eg innom chocolatiéren på Galleriet. Det vert ikkje så mange bitane, for det er såpass dyrt. Men verdt kvar einaste krona!


Den største overraskinga for min del var når me var innom Deli de luca. Eg spurte som eg pleier om dei hadde noko glutenfritt, og rekna med å få laber respons. Men stor vart overraskinga då eg fekk vete at dei i tillegg til nokre varmrettar og hadde glutenfri muffins!!


Den var svæææær, og skikkeleg snadder!! :) Kan absolutt anbefalast!!


mandag 20. mai 2013

Kjapp middag og sunn dessert!

Av og til er det kjekt å kunne ha ein kjapp (og usunn) middag. Sjølv om det er avgrensa kva som er glutenfritt av halvfabrikat, er det nokre alternativ. Coop har ganske nyleg lansert fleire glutenfrie produkt; nuggets og svinesnitzel. Den vetle blåe ringen markerer at produktet er glutenfritt. :)


Nuggetsane er i forskjellige smakar, denne med tex-med syns eg var god. Eg har berre prøvd å varme dei i steikeovnen, og syns eg må ha dei inni lenge for å få dei sprø. Svinesnitzel har eg ikkje funne dei gongane eg har vore på ein Coop, men har sett mange kommentarar frå folk som syns dei er gode.

Tilbehøyret til nuggetsane vart like enkelt som hovudretten. :) Fort og enkelt!


Nå for tida er det mykje fråtsing i frukt og grønt. Vannmelon er alltid ein slager.


Å gå forbi jordbærkorgene er ikkje alltid like enkelt! Det luktar jo sommar!!


Denne gongen hadde eg i tillegg smelta melkesjokolade som me dyppa jordbæra i. Mmmmmmm... Det må jo gå for sunt snacks sidan det er mest jordbær?? :)

Har og funne eit nytt (usunt) glutenfritt produkt frå Sætre, stratos sjoko kjeks!!


Desse syns eg var veldig gode, og kan nok erstatte kvikk lunsj på tur. Det er fem pakkar med to små kjeks-pinnar inni kvar. Vær klar over at desse kan stå i hylla med kjeks og ikkje ilag med sjokoladen. :)

- Posted using BlogPress from my iPad

mandag 6. mai 2013

Glutenfritt brød frå Norgesbakeriet

Eg har testa ut det glutenfrie havrebrødet frå Norgesbakeriet, og vart gledeleg overraska. :)




Brødet var ganske saftig til å være eit kjøpebrød, og hadde ein mild og grei smak. Meiner det kosta 39 kr, så ikkje så alt for ille pris heller, :)




Brødet er til sal på den lokale Rimi butikken!! Eg forsøkte å spørje om brødet vert levert ferskt, eller om det er fryst og tint i butikken. Det visste ikkje ho som var på jobb. Eg får prøve å hugse å spørje dei neste gong eg er innom. :)


- Posted using BlogPress from my iPad

søndag 5. mai 2013

Babyshopping

Sidan me ventar eit lite knøtt i juli er det mykje som har forandra seg for tida, til og med shoppinga!! Der det før handla om klede til meg, er det nå knøtt det handlar om... Kle til meg byrjar minne om formsydde telt, så er ikkje fullt så spennande lenger. :)


Det artige tilbehøret til meg eller huset har og endra grad...


Begge deler er ganske så artig må eg innrømme. :) Det kjekkaste eg fann på turen var stellematte, sengetøy og gardiner med uhu-er på. Eg fall heilt for dei!


Kjenner at det vert ei stund til neste bytur. Sjølv om middagen på mac'ern nesten fristar til ny tur neste helg!! :)


- Posted using BlogPress from my iPad

fredag 19. april 2013

Ny variant av nachos

Etter forslag frå eine tantejenta mi, har me testa ut ein litt ny variant av nachos. Vanlegvis har eg pleid å strø nachips i ei langpanne, ha på kjøttdeig med tacokrydder, eit glas med salsa og ost på toppen. Nå vart det ein ganske på annleis variant. I bunn av forma blanda eg rømme og Philadelphia. Eg brukte vel om lag ein og ein halv pakke Philadelphia og om lag ein og ein halv boks rømme.




Oppå denne blandinga hadde eg ein kjøttdeig som var steikt med tacokrydder.




Ein pakke med nachips vart stappa nedi i passande mønster. Det som ikkje gjekk oppi til slutt knuste eg lett og strødde imellom.




Toppast med ost. Helst masse! :)




Server med salat og nyt!




Dette var så absolutt ein variant som vil bli brukt fleire ganger her i huset! :)