søndag 2. januar 2011

Godt nyttår!!!

Ønskjer godt nyttår til alle som snublar innom! :-)

Nå er nye året så smått i gang, og me gjer oss klar (?????) til jobb i morgon... Håper alle fekk ein flott fredagaskveld, vår var i alle fall kjekk! Me samla oss ein heil gjeng, elleve voksne og seks ungar! Mykje lyd og herlege ungar, fantastisk god mat og ein kosleg gjeng!

Det flotte bordet til vertinna!
Sambo hadde gjort innkjøp av rakettar heilt aleine:

Må tru han koste seg?!?!?
I går var me vekke på besøk, og fekk servert baccalao og spelte Millionær. Mitt første forsøk på Millionær gjekk veldi bra, eg knuste dei andre! :-) Baccalaoen var fantastisk god, nå som sist!

Baccalaoen til Stig!

Då skal eg begynne å strippe juletreet for pynt før me set nasa inn til Åkra på søndagsmiddag.

See ya! :-)

torsdag 30. desember 2010

Fredeleg torsdag...

I dag har eg tenkt å nyte freden i heimen! Sov dårleg i natt og er ikkje heilt i form, så får finne på noko å gjere på innandørs. Akkurat det blir vel ikkje vanskeleg då det er nok å henge fingrane i.... *sukk* Men det er viktig å ta seg tid, som Ferdinand seier, til å "just smell the flowers"...

Litt imponert over denne, har tolv knoppar! Problemet er at den er klar for rotvelting kvart øyeblikk, så den må stå å støtte seg opp etter vindauge....
Er spent på korleis denne kvite Amaryllisen blir sjåane ut...

Juleafta vart jo feira i fred og fordrageleghet i heimens lune rede. Me hadde eit vennepar på besøk som på kvar sitt vis bidrog til dagen... Louise er den kunstneriske typen:

Nokon som klarar å sjå kvar ho hentar inspirasjon frå? (kan røpe at det er ein liten gutt med ein tigerbamse som sin beste venn)
Stig derimot, han bidrog til dagens nøtt, trim og aktivisering av gjengen.... :

Piggdekk er ein fin ting.... (hihihi)
 Eg skulle prøve å få eit bilde av ei kiste som far min har laga (og reklamere litt for heimesida hans), men fekk ei linselus inn på bildet... 

Er nå ei ganske skjønn linselus...
Linselusa fekk forresten pakke av nissen i år, men trur ikkje nissen hadde tenkt så nøye over ka han gjorde. Pakken vart nemlig beslaglagt ut over kvelden grunna mykje støy...


Nasse (som matmor har døypt udyret) er framleis svært så kjekk å leke med...




Men det var jo kista til far min eg som sagt skulle få tatt bilde av:

Perfekt til mine ørten påbegynte strikkeprosjekt!

Han lagar mykje forskjellig. Alt frå sendekorger til kjøkkenhyller og vogger... Han har lagt ut ein del bilde osv på heimesida si Samson si heimeside. Kanskje ein ide til julegåver til den som har alt til neste år???

tirsdag 28. desember 2010

Snøtur!

I dag har eg og Akeela vore på ein flott tur i masse snø til Bogsnesåsen. Det vart mykje meir trim enn forventa i og med at snøen var ganske laus å gå i. Eg trur me va eit fint syn. Akeela meir under enn over snøen, og meg vaggende etter som ein småfull teletubby. Trur i alle fall eg er ganske lik i termodressen min...


























Det er så nydeleg ute nå, så kom deg ut og nyt det!! c',)

- Laila -

fredag 24. desember 2010

Julekos!

I dag er den store dagen (kvelden), som mange av oss litt barnslige sjeler gledar oss til ganske så lenge... ;-) Det er JUL, og i tillegg kvit jul! Det kan jo ikkje bli bedre!! Nå er treet pynta (med masse pakkar under), huset vaska, kakene og snopet klart til eting og ventar bare på tre nøtter til askepott!!! Life is good!!

Treet med alle pakkane under.

Diverse snop og kaker, heimelaga og kjøpt...

Utelykta mi er neste vekk!

Hagen er dekka med snø, julevakkert!

Håpe alle mine kjente og kjære får ei flott julefeiring!!!!

torsdag 16. desember 2010

Julekos!

Jula er mykje kos og mekking på kjøkken. I år har eg prøvd meg på eit nytt prosjekt: å lage pepperkakehus frå "skratch". Kjøpte eit sett på Jernia som skulle være så fantastisk. Du skal bare trykke deigen ut etter former, og så skal du kunne bygge det sammen uten liming osv... Hørres bra ut?????


Man lærer så lenge man lever, så veit at til neste gang så skal eg kjevle ut deigen, legge den på steikeplata for så å stikke ut formene. I år kjevla eg ut deigen, stakk ut formene og løfta dei så over på steikeplata. Bitane vart jo då bevegd på, så dei passa ikkje heilt saman når me skulle til med monteringa... Lika ikkje å jobbe med smelta sukker, men det måtte til... Jernia reklamerer med at eit pepperkakehus bygd med dette settet skal sjå slik ut:

Pent og pynteleg...
Vårt resultat vart meir, sånn:





Hihihihi... Ser ut som det er ein gjeng barnehagebarn som har gått amokk, men oi kor gøy me hadde det! Temaet for i år var: få mest mogleg snop til å henge fast!! :) Kanskje me vurderer å ta det meir seriøst til neste år????