I bloggen min vil eg dele smått og stort frå kvardagen min. Alt frå glutenfrie oppskrifter, til reisetips og bøker eg har lest... Heng med! :)
lørdag 2. januar 2010
Kanel- og pizzaboller.
Dette er ein god deig som kan brukast både til pizzaboller og kanel i svingane. Må bare huske å la vær krydder dersom du skal lage pizzaboller.
50 gr gjær, 1 dl flytande margarin/smør, 5 dl mjølk, 2 ss fiberhusk, 1 egg, 1/2 dl sukker, 1 ts kardemomme, 1 ts kanel, 1 ts salt, 12-13 dl melmiks.
Smuldre gjæren i bakebolla. Bland margarin og mjølk i ein kjele, og varm det til 37 grader. Hell deigveska over gjæren, og rør til gjæren er oppløst. Bland i fiberhusken og rør om. la det stå og svelle i 10 minutter. Bland i resten av ingrediensane, og elt alt godt. La deigen heve i ca. 30 minutt på ein lun plass.
Dersom du skal lage kanelboller, deler du deigen i tre emne. Kjevle ut til firkantar og smør på mjukt margarin, strø så over sukker og kanel. Rull saman heile leiva til ei pølse, og skjær den i 2-3 cm tjukke skiver. La heve i 30 minutt. Pensle med egg og pynt med perlesukker eller strøssel.
Dersom du lagar boller med pizza fyll kan du anten gjere på same måte som med kanelbollene, eller du kan kjevle emna ut i sirklar og lage horn. La heve i 30 minutt. Pensle med egg. Dersom du har laga pizzaboller kan du godt legge ost oppå.
Steikast på 225 grader i ca. 10 minutt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar