søndag 12. desember 2010

Kakekalas og bursdag!

I helga har det vore mykje folk inn og ut av huset! Me har ferira min 28 års dag og min sambo sin 30 års dag. Mamma bidrog uventa med ei verdens beste til oss, måtte bare ordne fyllet sjølv (sånt lika me!!!!).

Knallgod kake med eigen vri!

Skulle egentlig lage ei sjokoladekake som eg har fått oppskrift på av ein kollega, men i og med at alle kokebøkene min e vekke på besøk, vart det litt improvisasjon. Det søte liv er ei flott side med masse gode oppskrifter! Fann ei saftig og god sjokoladekake i langpanne:

Ganske vellykka prosjekt.

Eit absolutt mislykka prosjekt var gulrotkaka. Det var ein poseblanding uten egg, melk og gluten som eg hadde ståande. Sjølv om eg hadde i eksta gulrot vart det tørt og smaklaust. Ikkje til å anbefale!

Ser an god ut??

Har vore ei veldig kjekk helg med masse kjekke folk på besøk. Det som var ekstra kjekt var jo at opp til fleire av dei hadde med pakke til meg:

Masse flotte pakkar!






Mykje kjekke ting som eg må finne ut kor eg skal henge opp.. *kremt* Noko som kan ta si tid her i huset... Fekk og ein termodress som eg ikkje fekk tatt bilde av til bloggen. Den blir god å ha dersom det blir ein lik vinter i år som i fjor.

1 kommentar:

  1. du asså da va kje bare te deeeeg! :P
    Men tusen takk for kaka! Har goffla i dag. Theo holdt på å stjela ei og. Men redda i siste liten.
    Verdens beste improvisjonen va bare NOMNOM! Ska eg foreslå te desse tantene mine som lage den ofta.

    -Tove-

    SvarSlett