søndag 10. april 2011

Tur til Bremstølen og på postvegen

I helga har me hatt eit nydeleg vær som har blitt nytta på fleire flotte turar. På laurdag var eg, Akeela og ei venninne til Bremstølen. Me hadde strålande sol på turen og kosa oss storleg! Me måtte gå litt i snø siste beten, men det var absolutt ikkje noko problem. På toppen hadde me ein lang pause med snop, både til to- og firbeinte... :-)


Nøgd firbeint...

Nøgd tobeint...

Flott plass...


I dag har eg og Akeela vore med Kvinnherad kommune sitt bedriftsidrettslag på postvegen, frå¨Valen til Ølfarnes kai. Me var ein gjeng på 10-15 stykk som vart guida trygt på vår veg av Ove Tvedt, primus motor for arbeidet på postvegen. 


Eg har alltid syns at elva på Sandvoll er flott!

Vågen på Sandvoll.

Våren er komen på Sandvoll!
 Dei som kjenner til Ove, veit at han er eit oppkomme av historiar og artige fakta. Han fortalde oss blant anna at desse stoplane vart kalla Wilhelmske, etter keisar Wilhelm sin hatt... (stolpane har ein kuppel med ein tapp på som er lynavleiar) Ove kunne og fortelje kva årstal stolpane vart satt opp, og at dei står i noko som vart kalla for kar (fundamentet dei står i).


Litt vanskeleg å sjå kuppelen på toppen, men den er der.

Bruene på postvegen er flotte reisverk!

Ove i kjend positur...  :)



Om han fortel om "hankeprinsippet" (det er like langt å gå over haugen som rundt... ) som danskane fann ut av... Ikkje godt å sei...




 Kanskje det er om den "kinesiske mur", i miniatyr vel å merke, litt lenger inn på vegen....



Pausane er så absolutt interessante, det kan ingen nekte for.... Ein flott rasteplass forresten:



Den kinesiske mur i miniatyr:


Snakk om snorbeint arbeid!
 I denne eika veks det opp ei bjørk. Det er visstnok svært sjeldan!  :)



Ikkje minst er det svært eksotisk på postvegen... Det er afrikanske geiter og her! 



Den nye kaien på Ølfarnes vart nett ferdig. Den er blitt svært flott!




 Vakkert område nede på Ølfarnes!




Eg anbefalar alle å nytte seg av den flotte postvegen me har fått oss i kommunen. I dag var min første tur på vegen frå Valen mot Utåker, og det vert ikkje min siste! :-)


Ta deg ein tur, det er verdt det! :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar