tirsdag 21. juni 2011

Langtur innom hytta

Då har eg gjennomført turen frå Fjellhaugen til hytta ved Steinsvatnet og vidare ned til Åkra. Ein flott tur! Bare området inn mot Fjellhaugen er flott.




Det er viktig å ta mange og lange nok pausar når ein går tur i fjellet!




Særleg når terrenget ser sånn ut:




Og du skal opp denne bakken...




Pausane kan nyttast til å studere dei vakre vekstane ein møter på...




Eller helse fint på fjellets bebuarar...




Når du først har klart å krype opp bakken, er det flott utsikt innover Børstølsvatnet.




Problemet er at det på andre sida er ei ganske bratt nedstigning til vatnet....






Det har vore mykje diskusjon i media om dei såkalla monstermastene som skal setjast opp i Hardanger. For meg er det litt uforståeleg at folk skal ha så mykje mot dei. Det har alltid vore eit naturleg syn i fjella heime og for meg har det vore eit teikn på trygghet. Frå eg var liten av har eg alltid blitt fortalt at dersom du går deg vill så føl du mastane så kjem du deg heim. Lyden av knatringa frå mastrane er ein kjent lyd som eg forbind med flotte turar.




Turen går vidare frå den vakre "skjulte" stranda ved Kristianstand. Deretter langs med, og til enden av, Børstølsvatnet.






Utsikta frå hytta ved Steinsvatnet er kjent og kjær. Ein ser rett over på Vikastølen.






Sånn som eg har forstått det er hytta påbegynt av bestefar min, bygd på av foreldra mine og nå siste åra har søster mi og mannen satt sine spor. Det vert spanande å sjå korleis hytta ser ut om 20-40 år...




Håpar ikkje bekken utanfor forandrar seg. Den har "alltid" vore ein ynda leikeplass, men nå er det tantebarna mine som utfoldar seg der.






Det er viktig med pausar på veg ned til Åkra og... Godt det er tilrettelagt med ein benk ved Stølshaugen.






Noko som eg har lært av søster mi, er at ein aldri må gå i minus når det gjeld kaloriar. Så etter ein slik dag er det svært viktig med påfyll...




Is med nonstop, peanøtter og sjokoladesaus. Snadder!!!! I dag har me kosa oss med eit litt sunnare alternativ i solglimta som dukka innom...




Heimesnekra rekebord... Blir litt tamt etter å ha vore på skalldyraften på Systrene Nilsen i Uskedalen, men godt var det uansett. Anbefalar forresten på det varmaste å ta turen innom Systrene ein kveld. Fantastisk god mat!!!!


3 kommentarer:

  1. Fekk akutt heimlengsel etter å ha lest bloggen din i dag.... Me må ta samme turen ein gang eg er heime :-)

    SvarSlett
  2. Eg e med vettu!!! Huske du gamle handmiksaren? Den hadde eg alltid ute i bekken og jobba med... Hihihi... Rart kva som festar seg av småminner....

    SvarSlett
  3. Eksisterer den gamle vispen fortsatt montru ??? Den har gått nokre omdreininger for den brukte me også :-) Då får me sjå kva me frå til !

    SvarSlett