mandag 29. august 2011

Kreta 2011

Då var ei veke på Kreta fort over. Skulle gjerne hatt ei til! :) Me har hatt sol og strålande vær heile veka. Hotellet vårt, Alfa, låg i Gerani. Gerani er ein liten plass ganske så langt vekk frå Chania by. Eg og søster mi er ganske så enige om at ved seinare turar til Kreta vil me bu nærmare Chania. 



Me fekk og nærkontakt med andre bebuarar i Gerani... Av litt forskjellig sort... Denne var litt skeptisk til for mykje kontakt, men ganske stilig å sjå på.



Restauranten på hotellet hadde ein flott service og kjekke folk som jobba der. Kvar kveld me bestilte middag fekk me ei "heimesnekra" blomsterspenne. Var veldig fine og ein veldig kjekk "touch".




Det vart mykje god mat. Dette er f.eks. Kelftiko, lam som er langkokt i lag med grønnsaker, poteter og toppa med fetaost. 



Det vart og nokre gode dessertar i løpet av veka! Dette er og ein typisk gresk dessert; Is og yoghurt med honning.




Gamlebyen i Chania er vel verdt besøket. Det er mange flotte snirklete gater og sjarmerande restaurantar. 



Havna er og vakker med fyrtårnet sitt. 




Måtte nesten teste noko nytt og spennande og...



Masse små fiskar som skal ete opp hard hud osv. Ein noko snodig følelse, men kan absolutt anbefalast. :)




Det vart jo og litt shopping... Man e jo tross alt på ferie!!!! Ein fin liten kjole.



Og, såklart, sko! Men blei "bare" eit par!! :)








1 kommentar:

  1. åhhh..... no lengtar til Kreta..... Sukk!!
    Ps! Fin kjole og fine sko! :))

    SvarSlett