mandag 1. august 2011

Variert fangst


Eg og far min har trekt garn i dag. Det var ganske variert fangst. Alt frå sjøstjerner, brennmanet, krabbe og fisk.... :) Sjøstjerna fekk ta turen ut i sjøen igjen.


Langa er delt opp i passande stykker til kokefisk. Berggylta vart kokt og skal frysast til fiskegrateng. 



Det var og tre krabbar i garnet. Den største var faktisk ganske stor! 


Akeela syns krabbane var ganske spennande....



Det vart ikkje så mykje av fisken og krabbane, men nok til nokre middagar til meg. Har funne ut at eg nok treng kurs i korleis eg skal nytte krabbane. Einaste plassen eg fann noko mat å ta vare på var i klørna... :)



I tillegg til prosjekt sjømat, har eg og kokt saft i dag. Plukka med rips frå foreldra mine sine busker i går. Mine har fuglane renska... Ser ut som eg har fått meg nokre litrar med saft. Ingenting som slår heimelaga saft! :)



Har fått malt ferdig skjenken og bært den opp i gangen! Nå må eg bare finne ut kva eg skal ha inni, og oppå... :) Vart svært så fornøyd med det ferdige resultatet, men var litt skeptisk etter første strøket. Det såg ikkje ut som malinga ville henge på bakveggen, men etter fire strøk ser det jamt ut.






3 kommentarer:

  1. Eg kan læra deg renska krabbe. da e masse mat i kroppen og. der som beina e festa :) får jaffal vert med på morroa å rense krabben sjøl om eg ikkje kan ete den :)

    -Tove-

    SvarSlett
  2. Du må prøve og lage gelé av ripsa :) NYDELIG :D

    SvarSlett
  3. Tove: Det ska eg huske til neste gang ein krabbe rote seg inn i garnet!

    Kent Are: Meir glad i safta eg, lettare å lage... :D

    SvarSlett