tirsdag 18. oktober 2011

Tilbake til steinalderen!!!!

I dag måtte eg levere den flotte Huaweien min inn til "reparasjon". Den har nok fått eit lite hint av narkolepsi, plutselig så skrur den seg av og så må eg vekke den til liv igjen!!!! Det er litt slitsomt å ha ein partner med narkolepsi, så eg håper å få vennen min igjen "fit for fight"! Det kan visstnok ta opp til tre veker, så medan eg ventar i spenning har eg fått ein ny venn til låns. Kjenner meg litt ambivalent i forhold til den. Han kan ringe og sende sms, men ikkje så himla mykje meir! Har fått æren av å få låne ein Nokia 1616!!!




Det er faktisk ikkje kamera ein gang! Eg skal fint overleve å havne i steinalderen igjen, men det som irriterer meg er at eg har mista alle kontaktane mine! Dei var tydelegvis lagra i telefonminnet, ikkje på sim - kortet. Er ein fantastisk brukarvennleg detalj når det ikkje går an å kopiere frå telefonminnet til sim - kortet!!! *snøft* 



1 kommentar:

  1. Hahahhahaahha, ler så jeg griner og stryker varsomt på min flotte Iphone ;-) Kan jo sende røyksignaler også vet du, lille troll, om den supre Nokian din streiker ;-) Mooahahhahahahhaha :-D

    SvarSlett