torsdag 15. desember 2011

Halvvegs i advent...

På tysdag var eg til Haugesund og henta den nye sofaen min!!! Må sei eg vart temmeleg så nøgd! Måtte jo bli ein svart skinnsofa. :)




På turen til byn kjøpte eg cd'en til kronprinsparets fond, Vi tenner våre lykter. Satte på første sangen og hamna rett til barndomen. Det er jo introen til julebarnetv! Sangen er "Å kom nå med frihet" med Ingrid Olava. Resten av sangane på cd'en var vel ikkje mine favorittar, men er likevel nøgd då det er gode formål dei skal støtte. 




Det er rart kor fort adventstida har gått. Mange av lukene i kalenderen min er opna, og det nærmer seg julafta med stormskritt. 




Det dukkar opp gammaldagse englar i kalenderen og! :)




For min del er det pinnakjøtt som er julemiddag, men har dei siste åra forsøkt å lage til ribbe med sprø svor. I fjor gjekk ikkje dette så bra, så i år gjekk eg til innkjøpt av ribbeform. 




Hadde litt vatn i botn av forma og dekka den med aluminiumsfolie. Lot ribba stå i 45 minutt på 230 grader. Dette gjer at ribba bles seg opp, og svoren spriker. 




Etter 45 minutt tek du av folien, senkar temperaturen til 200 grader og steik videre i 1 1/2 time. Satte på grillelementet på slutten og dette gjor til at svoren vart flott og sprø! 




Det var ein enkel og grei måte å få den sprøe svoren. 




2 kommentarer:

  1. Nam nam, den ribbo såg skikkeleg god ut! Håpar du har fått kosa deg mykje i ferien din!

    Klem

    SvarSlett
  2. Oooooh kan eg komme på ribbe middag en dag Bestemor Laila!!?? Knall stilig soffa btw!!

    SvarSlett