tirsdag 21. juni 2011

Langtur innom hytta

Då har eg gjennomført turen frå Fjellhaugen til hytta ved Steinsvatnet og vidare ned til Åkra. Ein flott tur! Bare området inn mot Fjellhaugen er flott.




Det er viktig å ta mange og lange nok pausar når ein går tur i fjellet!




Særleg når terrenget ser sånn ut:




Og du skal opp denne bakken...




Pausane kan nyttast til å studere dei vakre vekstane ein møter på...




Eller helse fint på fjellets bebuarar...




Når du først har klart å krype opp bakken, er det flott utsikt innover Børstølsvatnet.




Problemet er at det på andre sida er ei ganske bratt nedstigning til vatnet....






Det har vore mykje diskusjon i media om dei såkalla monstermastene som skal setjast opp i Hardanger. For meg er det litt uforståeleg at folk skal ha så mykje mot dei. Det har alltid vore eit naturleg syn i fjella heime og for meg har det vore eit teikn på trygghet. Frå eg var liten av har eg alltid blitt fortalt at dersom du går deg vill så føl du mastane så kjem du deg heim. Lyden av knatringa frå mastrane er ein kjent lyd som eg forbind med flotte turar.




Turen går vidare frå den vakre "skjulte" stranda ved Kristianstand. Deretter langs med, og til enden av, Børstølsvatnet.






Utsikta frå hytta ved Steinsvatnet er kjent og kjær. Ein ser rett over på Vikastølen.






Sånn som eg har forstått det er hytta påbegynt av bestefar min, bygd på av foreldra mine og nå siste åra har søster mi og mannen satt sine spor. Det vert spanande å sjå korleis hytta ser ut om 20-40 år...




Håpar ikkje bekken utanfor forandrar seg. Den har "alltid" vore ein ynda leikeplass, men nå er det tantebarna mine som utfoldar seg der.






Det er viktig med pausar på veg ned til Åkra og... Godt det er tilrettelagt med ein benk ved Stølshaugen.






Noko som eg har lært av søster mi, er at ein aldri må gå i minus når det gjeld kaloriar. Så etter ein slik dag er det svært viktig med påfyll...




Is med nonstop, peanøtter og sjokoladesaus. Snadder!!!! I dag har me kosa oss med eit litt sunnare alternativ i solglimta som dukka innom...




Heimesnekra rekebord... Blir litt tamt etter å ha vore på skalldyraften på Systrene Nilsen i Uskedalen, men godt var det uansett. Anbefalar forresten på det varmaste å ta turen innom Systrene ein kveld. Fantastisk god mat!!!!


søndag 12. juni 2011

Flott søndag

I dag har det vore ein flott dag i Langgot! Starta dagen med frukost på terassen! 




Etter frukost tok me turen inn til Feto. Flott tur i nydeleg ver!!!






Badenymfe på tur!!






Kom an då, hiv pinnen!!


Dagen har elles blitt tilbrakt i eit blomsterbed med jakt på ugras! Nå skal kvelden avsluttas med ein potensiell svært dårleg film Louise hadde med...




Blir spennande å sjå.... :-)




onsdag 8. juni 2011

Glutenfri marsipankake

I dag har eg laga marsipankake til venninna mi som har bursdag; Happy B-day Louise!!! :-D




Sukkerbrød: 3 egg, 1 1/4 dl sukker, 75 gr toro kakemiks eller semper melmiks, 1 ts bakepulver. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland mel og bakepulver, og rør det forsiktig med slikkepott inn i eggedosisen. Fylles i godt smurt springform, 22 cm i diameter. Stekes på nederste rille ved 180 grader i ca 30 minutter. 




Må sei at eg vart nøgd med botnen, vart høg og luftig! Delte botnen i to og dynka den med melk. Hadde eit lag med aprikossyltetøy, så eit lag med piska krem. Mor mi har vore innom i dag og det er i realiteten ho som har montert resten av kaka. La på toppen og hadde krem oppå og rundt. For å få til pynten på kaka legg ein på ein "flekk" med plastfilm på midten på kaka. 




Kjevla ut marsipan til eit lokk som skal på toppen.




Når du har komt så langt tek du ein skarp kniv og skjær eit kryss i marsipanen. Deretter snittar du to ganger til, sånn at du får åtte "kakestykker". Ta tak i tuppane og rull dei ut mot kanten. Ta tuppen på kniven og dra ut stykket med plastfilm. Pynt i midten med fersk frukt eller syltetøy. 




Bon appetit!   :-)




tirsdag 7. juni 2011

Trøstebilde

Etter å ha hatt litt fint vær før og i helga, har me nå hatt nokre våte, grå og triste dagar... Eg har funne fram nokre "trøstebilde" frå turar før og i helga i fint, vårleg vær. Postvegen kan by på mange naturskjønne bilde...







Ein tur til Husnes viste forskjellige måtar å tilbringe ein flott søndag på...    :-)









Korleis var din søndag???



søndag 5. juni 2011

Flott bryllupsfeiring!!!

Eg har hatt ferie i veka som har vore, men har vore svært lite flink til å bruke tid på bloggen. Friveka har eg unna meg fordi eg nett vart ferdig med siste oppgåva i etterutdanninga eg har teke. Nå er det bare å vente på resultatet.... I veka som har gått har eg bare slappa av heime, lest gode bøker, gått laus i hagen med gras- og kantklyppar med dødsforakt, måla vinduskarmar og lister (eine lista har stått halvmåla sidan eg kjøpte huset....), og elles prøv å rydde fram huset igjen. :-) Kjenner at det trengtes med nokre dagar for å lade opp batteria.


I går var eg i bryllup til ei god venninne av meg; Marianne som fekk sin prins. Dagen byrja med skummelt mørke skyer, men heldigvis så klarna det opp og me fekk strålande sol på kyrkjetrappa! Litt kald vind, men det tåle tøffe vestlendingar! :-) 




Kvelden vart feira som seg hør og bør med god mat, flotte talar, god musikk og god drikke! På menyen var det forret med scampi (som eg gløymde ta bilde av...), hovudretten var kalvefilet og dessert var panna cotta. Såklart med mykje god vin til! ;-)


Bordet var enkelt men nyyydeleg pynta!


Kalvefilet med fløtegratinerte poteter, kan det bli betre??

Herleg panna cotta med jordbærsaus


Brura var jo såklart nydeleg i sin flotte kjole, ho hadde og ein vakker bukett:




Gleder meg storleg til nestemann i gjengen skal smi seg i hymnens lenkjer.... Kven vert det, og kva tid???