mandag 17. oktober 2011

Travel helg

Det har vore lite blogging siste veka. I helga har det vore "maraton" med jobbing lørdag og søndag, og 40 - års feiring på lørdagskveld. Kjenner at eg begynne å bli for gammal til sånt, var tungt på jobb i dag ja! Feiringa var svært så kjekk, med ei salig røre av naboar, venner og slekt til både søster og svoger! Me hadde to av nevøane mine som DJ-ar, og dei klarte jobben med glans. Søster mi hadde satt saman eit fantastisk koldtbord, med alt mogleg frå kylling, til laks til spekemat. Det var bare brødet og ein pastasalat eg ikkje kunne ete ut av all maten! 


Har innsett at det ikkje er lenge igjen til jul. I alle fall ikkje mange lønningar til å handle pakkar for.... I fjor strikka eg nokre av julekulene til Arne og Carlos. 




Har funne fram oppskriftene igjen. Kanskje det vert nokre pakkar i år og? Eller kanskje det blir pynt til stova mi?? 



lørdag 8. oktober 2011

Glutenfri italiensk pizza

Eg har tidlegare syns det er amerikansk pizza med tjukk botn som er den beste, men har nå innsett at italiensk pizza og kan ha sine gode sider. :) Eg fann ei oppskrift som eg trur kan være svært god. Eg har prøvd den to ganger, og innser at den må nok kjevlast svært så tynn for at den skal bli sprø.


300 g mjøl, 2 dl vatn, 1 ss olje, 1 klype salt og 1/2 pk gjær. Løys gjæren ut i vatnet. Bland alt saman til ein jamn deig. Kjevle den ut på steikeplate med ein gang, ca 2 mm tjukk. Dekk med plastfilm og la heve i 40 minutt. Ta på ønska fyll og steik på nederste rille i 10 - 12 minutt på 250 grader. 


Oppskrifta fann eg på bloggen til bakeleder til NCF Hordaland. Bloggen hans finn du her: Intoleranse.



Vardhaugselet

I dag har me vore på ein flott fjelltur i nydeleg haustvær. Det var mykje kaldare enn forventa, så til neste tur må bekledningen bestå av ull, fleece, vindtett, vottar og hue!!! Me e bare komt til midten av oktober, men me såg snø på vegen!!



Utsikta frå Nordefjell er imponerande!




Snø på Mjelkhaug og.



God skilting takka være interesselaget for Vardhaugselet.



Flott endestasjon!



Vegen ned igjen gjekk om Olderbotnen.




Nå skal resten av kvelden nyttast i sofaen framfor tv'en. :)




onsdag 5. oktober 2011

Hjortasteik med tilbehøyr

Nå har min eldste søss og eine son vore på besøk, og då må det diskast opp med god middag! Hjortasteik med tilbehøyr er ein flott middag å servere på sånne dagar. Gjere seg nesten sjølv! :) Eg har forstått at måten me tilberede steika på gjerne er litt uvanleg?? Først gnir me steika inn med krydder; salt, pepper, rosmarin og kvitløk. Kok opp melk i ei panne. Brun steika på alle sidene og hell over melka og litt vatn. La dette stå og småkoke i et par timer til steika er mør. Snu på steika med jamne mellomrom. 



Soppstuing er eit must til steik! Hakk opp og steik MASSE sopp. Sopp krymper mykje, så det må reknast med ein del. Når soppen er steikt hell du over fløyte og let det koke til det vert tjukt. Smak til med krydder; salt, pepper, paprika, karri og buljong (kvitløk og persille). 



Steikt broccoli er og snadder til steik. Del opp i passelege betar og steik. Krydre med salt og pepper.



Testa og ut ny oppskrift på poteter; saltkokte poteter. Tok ein kilo med småpoteter og dekka dei akkurat med vatn. Tilsett om lag ein halv kilo grovt havsalt og la koke i 15-20 minutt. Hell av vatnet og server.  




Snadder!!! :)




søndag 2. oktober 2011

Nesbø, pasta med laks og blåbærpannekaker!

Whohoo! Fekk pakke frå cdon.com før helga! 



Opp til fleire av Nesbø sine bøker! Har bare fått lese dei to første i serien hans så langt. Gleder meg til å lese resten!



Har testa ut ein ny pastarett som absolutt kan anbefalast! Kok opp passelege mengder tagliatelle. Kutt opp purreløk, røkelaks og brokkoli. Steik brokkolien. Når pastaen er ferdig kokt, hell du over fløyte og lar det småkoke eit par minutt. Ha til slutt oppi resten og la det bli varmt. Server og nyt!!



I dag har me testa ei oppskrift på blåbærpannekaker. 2 egg, 2 1/2 ts bakepulver, 200 gr mel, 3 dl melk, 2 ss flytande honning, 200 gr blåbær. Skill plomma og eggekvita i egga. Bland eggeplommene, bakepulver, mel, melk og honning. La dette stå i 30 minutt. Pisk eggekvitene stive og bland dei og blåbær i røra. Steik i ei lita steikepanne. 






Fargen på røra var noko ekkel, og pannekaka såg ikkje særleg mykje bedre ut i panna. Først då dei var ferdig steik såg dei etande ut. :) Kan vel ikkje sei at dei vart ein favoritt for min det, det vart for mykje smak av honning.