fredag 27. juli 2012

Familietreff på turistforeningshytte!

I fjor hadde me familietreff på camping på Seljord, i år derimot er vi på Utsira. Utsira er ei lita øy uti havgapet. Du tek ferje frå Garpaskjærkaien på Risøya i Haugesund. Turen tek i overkant av ein time og du endar opp midt ute på havet. :-) Hytta er ei av den norske turistforeninga sine hytter, Nordvikgården. Nordvikgården opna i 2009, då den gamle brant ned eit par år før. Det er ei stor og flott hytte med sengeplasser til 36 personer. Det er spesialnøkkel til hytta, og ein må ringe Haugesund turistforening for å bestille overnatting. I stua er det to langbord og to sofagrupper.




Kjøkkenet er stort og godt utstyrt. Det er blant anna dobbelt med kokeplater og steamer til å vaske opp med.




Kjøleskap, fryseskap, steikeovn og mikro.







Utforbi stova er det laga til ein fin platting med sitteplass og grill.




På plassen framfor hytta har dei laga til ei grillbu. Der er det plass til mange med grillspyd! :-)




Oppi bakken fann vi ein badestamp, men dessverre utan vatn. :-(





På informasjonen om hytta på ut.no står det at det ikkje er spesielt tilpassa å ha hund på hytta, men det skulle være eit hundehus bortenfor hytta. Eg måtte kikke litt før eg fann det...




Det har nok gjerne ikkje vore i bruk særleg ofte??? :-) Nå kjem snart resten av familien og då stig nok støynivået her ein del.

Ha ei fin helg!! :-)

-Laila-

onsdag 25. juli 2012

Testing testing....

I dag har eg fått ein ny venn i hus, ein Ipad!!!! :-) Eg håpar eg kan få til å blogge gjennom ein app på den, då vert det kanskje litt meir blogging frametter. :-) I det siste har det vore ganske travelt sjølv om eg har hatt ferie. Eg har nemleg nytta ferien min til å flytte! Eg har solgt hus med eit måls tomt og kjøpt ein rekkeleilegheit i staden. Trur nok dette vil passe meg betre. Eg er nok ikkje akkurat kjent for å ha grønne fingrar.... Eg har nesten fått ting på plass nå, men ser at det enda er ein veg å gå. Her blant anna vore å kjøpt meg ny grasklyppar som for tida er parkert i inngangen...




Jadda, flott med flytting du!!

Har nå fått "pynta" litt ved inngangsdøra (ser vel kanskje tendensar til kor dårlege dei grøne fingrane mine er..?).





- Posted using BlogPress from my iPad

torsdag 14. juni 2012

Heimelaga hamburgerar

Det er ikkje ofte eg et hamburger lenger, og då er det som oftast på Burger King eller McDonalds. Denne gang vart det derimot laga heimelaga burgerbrød, og snekring på eige kjøkken. Det var slettes ikkje dumt!! :) Oppskrifta til hamburgerbrøda er som følgjer:


100 g margarin (kjøleskapskald), 500 g mjøl, 1 1/2 ss jyttemjøl, 1 pk (50 g) gjær, 2 ss fiberhusk, 4 dl lunka vatn, 1 ss sukker og 1 ts salt. 



Margarin smuldres i mjølet. Smuldre gjæren i ei bolle, ha i vatn og fiberhusk. La svelle. Rør sukker og salt i væska. Rør inn mjølet litt og litt. Elt deigen godt og la heve i 30 minutt. 


Trill deigen ut i passande emner. Trill til boller og trykk flate. La heve i 30 minutt. Pensle brøda og strø på sesamfrø. Steik midt i ovnen i ca 12 minutt på 250 grader. 



Prøvde for første gang å ha slottspoteter som tilbehøyr til hamburgar. Kappa poteter opp i passande bitar. Blanda forskjellige krydder i olje og hadde over. Steik på 200 grader i ca 20-30 minutt. 



Burgerane vart laga av kjøttdeig med salt og litt diverse krydder. Steik på middelshøg varme. 



Nytt det du ønskjer av tilbehøyr. Her er det berre fantasien som set grenser! :)  (Og slottspoteter er slettes ikkje dumt til hamburgar...)






mandag 12. mars 2012

Laksemiddag

I dag har eg laga ein god og enkel laksemiddag: steikt laks med grønnsaker og potetmos.




Først skrelte eg poteter, kutta i småbitar og kokte i 10-15 minutt. Medan dei kokte la eg skinnfri laksefilet til steiking. Lett krydra med fiskekrydder. Grønnsakene fekk eit lite oppkok. Helte av vatnet og hadde så oppi litt smør og salt. Når potetene var ferdig kokte helte eg av vatnet, hadde oppi litt smør, melk og krydder (salt, pepper og muskatnøtt) og mos alt saman. 


Dander alt fint saman på tallerken, og nyt!! :)




lørdag 10. mars 2012

Ny almanakk

Nå har eg fått nye almanakken min for 2012/2013. Må sei eg vart godt nøgd! Den er bestilt på personligalmanakk side web-sider. 



Sida er genial. Du kan velge alt frå farge og stil utanpå, til forskjellige element inni. Om du vil ha lister, linjer, ruter, vær osv... Absolutt anbefalt! 



Føles nesten som eg har fått litt vår inn i stova nå. Ein flott bukett med tulipanar, 



og ein ny og fin begonia! Blir spennande å sjå kor lenge den står med blomar (og kva tid eg tar livet av den...)




Håper de alle har ei fin helg. Eg har store planar om å berre slappe av, sove og lade batteria! :)