fredag 29. oktober 2010

Roleg fredagskveld.

I kveld har eg ein fin og roleg kveld foran tv'en med gullrekka, eller deler av den i alle fall. :) Har enda ikkje kome meg heilt etter førre helg der eg låg sjuk. Har enda ein irriterande hoste som heng igjen. Håpar at den forsvinn i løpet av helga. Er ganske nøgd med framgangen på strikkeprosjektet forresten:


Er ferdig med første foten! Syns den vart ganske bra om eg får sei det sjølv. :)


Syns fredagskosen min såg så sunn ut at det var verdt å ta bilde av! :) Må forresten få anbefale ein sort te:


Denne teen syns eg har ein veldig god og sterk smak, faktisk såpass at eg ikkje brukar sukettar eingong! Enda ein liten bonus er at den er koffeinfri for dei som er ømfintlege for sånt....  :)

Eg skal begynne på andre foten! Ha ein fortsatt fin kveld! :)

søndag 24. oktober 2010

Tur i finværet.

Helga har blitt nytta i sofaen, med feber, hovudverk og halsvondt. Syns eg har brukt opp kvota mi med sjukdom nå! Sjølv om forma har vore laber har eg klart å komme meg ut på ein liten luftetur til dagen.
















Den store prestasjonen er då ein daffetur rundt golfbana på Husnes! Er ein flat og fin tur, perfekt for "sjuklingtur"... Hadde eigentleg tenkt meg til Norefjell, men det får bli ei anna helg.

- Laila -

fredag 22. oktober 2010

Nytt håndarbeid.

Nå har eg funne meg eit nytt prosjekt. Lurer på om, og eventuelt når, eg vert ferdig med dei...

Mønsteret var ikkje så vanskeleg heller...
Eg syns det var eit ganske så stilig mønster. Har tenkt å prøve å strikke dei litt lenger enn på bildet, pluss uten fot. Skal være ei gåve dersom eg får dei ferdig, men seier ikkje kven dei er tiltenkt... :-)

Eit prosjekt eg faktisk vart ferdig med nyleg:


Det ser ut som sokkane er ekstremt store, men dei er faktisk ikkje det. På sokkane eg nå har valgt er mønsteret i stikketeknikk, ikkje i fargar, og eg håpar det vert enklare då. Det vart mykje tråd på kryss og tvers på desse, og eg syns det var "knotete" å jobbe meg gjennom mønsteret...

Har eigentleg ganske mange prosjekt liggande allereie: sokkar, hanskar, vesker, duk osv. Tenkjer alltid at dei nye prosjekta skal være så enkle og fort unnagjort... Heh, me får nå sjå.

torsdag 21. oktober 2010

Vindusshopping!

Hadde ein liten tur innom Fem høns medan me venta på båten heim. Der er julestemninga godt på plass. Alt frå dukar, pynt til treet, kakeboksar osv... Fem høns er ein butikk eg gjerne skulle hatt kunna plukka fritt frå! Det er så mykje fint eg kunne tenkt meg! Sto spesielt å såg på englane deira i dag.




Ei engel som viser godt igjen, litt 'bling, bling'??




Nydeleg lilla!




Og sist, men ikkje minst, dramatisk svart og kvit!




Er bare nokre få å velje mellom.. :)



Dette er ein serie med trefigurar som eg nett har oppdaga. Dei er utruleg flotte. Denne heiter Love.

Tenk å kunne hamstra inn alt på ein gang... Kjenne visaen svir i lomma... :)

- Laila -

tirsdag 19. oktober 2010

Min kjære!

Min kjære kan innimellom glimte til. I dag fekk eg beskjed om at han ville komme litt seint heim fra jobb, og eg antok at han skulle jobbe litt overtid... Når han kjem inn døra har han med seg ein pose... Med...


 Ein fine blom!!! Lilla blom og lilla potte! Snakk om å ha kontroll på yndlingsfarge!!