lørdag 29. januar 2011

Giveaway!

Då skal eg prøve meg på min første giveaway..... :) Gevinsten er ein spanande pose, der innhaldet er hemmeleg.... 


 De får eit lodd for å kommentere innlegget, og enda eit for å linke til eigen blogg (dersom de har).  Trekninga vert fredag 4 februar!

Lykke til!

fredag 28. januar 2011

Ferdige strikkeprosjekt!

Nå har eg faktisk klart å gjere ferdig tre av mine uendelige strikkeprosjekt. "Dessverre" var alle tre såkalla småprosjekt som eigentleg ikkje tek lang tid å gjere ferdig...


Ei enkel hue til Louise...


Lika enkel hals til meg sjølv...


Eit sokkepar...
Har dessverre enda ein god del prosjekt som ligg halvferdige.

I dag har eg vore flink student og lest på engelsk forskningsartikkel til oppgåva eg skal skrive. Kvifor må forskarar gjers på å skrive eit unødvendig vanskeleg språk??? Eg måtte krype til korset å finne med ei engelsk ordbok!!!! Burde vore heilt unødvendig!


onsdag 26. januar 2011

Vår, eller kanskje ikkje heilt enda??

I dag var eg innom blomsterbutikken på vei heim. Der var vårblomane på plass og eg drog med meg opp til fleire heim! 

Tulipanar i fine fargar!

Fine primulaer.

Fall pladask for denne nusselege "tekoppen". Gledar meg til det kjem fine gule blomar! 

Beste vårteiknet!

Eg kunne nesten tru det var vår heilt til eg gjekk utanfor døra:






Nå har eg satt meg i godkroken og fyrt i ovnen! :)



-Laila-

tirsdag 25. januar 2011

Etterlengta pakke!!!

ENDELEG kom pakken eg har venta på. Alt tar så lang tid når du går å ventar! Me kjøpte oss ein Dolce Gusto for eit par veker sidan, og var kjapt inne på nett for å bestille fleire sortar kaffi, iste og kakao. Me tok kanskje litt av???  *kremt*


Måtte jo bare ha ein holdar til å ha alle kapslane oppi...


Problemet var jo bare at den kun tar fira sortar kaffi, og ikkje så mange av kvar sort....


Så hylla vart ikkje mykje ryddigare akkurat!! :) Så nå er det mange nye sortar og smakar som må testas, eg gledar meg!!! :)

onsdag 19. januar 2011

Onsdagskveld...

For nokre dagar sidan fekk me ein ny venn i huset: Dolce Gusto Piccolo frå DeLonghi!

Den billigaste maskina, men lita og søt!

Latte Macchiato!

Sjølv om eg grein meg til maskina, var det sambo som gjekk amokk blant dei forskjellige sortane kaffi!

Etter at eg fekk servert ein kaffe hos Silje (gratulerer atter ein gong med prinsessa!!) har eg gått å kjent på lysta etter ei lik maskin sjølv. Då eg til slutt hadde samla opp mange gode argument, fekk eg sambo med på ideen! :) Så langt er maskina flittig i bruk og det er bestilt kapselholdar og fleire sortar kaffi (og iste) på nett! :) Eg syns det er veldi kjekt at ein kan lage både kaffi og iste på maskina! 

Eg får av og til tatt nokre gullkorn av Akeela som eg syns vert fantastisk skildrane:




Det er vel ikkje tvil om kven som eig sofaen?? Sjølv om ho "bare" er ein hund har ho eit fantastisk talande kroppsspråk som viser tydeleg når ho føler seg som "kongen på haugen", eller  rett og slett er fornærma. Sistnemnde er lett å sjå når ho må gå med kløv og dermed ikkje får springe laus i det heile tatt i løpet av turen. Snakk om furting! ;)
 

fredag 14. januar 2011

Fredagskos!

I kveld har det ikkje blitt mange stega på skritteljaren! Er sikker på at det regnar vannrett ute, så etter ein bedre middag har eg heller kosa meg inne foran tv'en... 




Middagen i dag var entrecote, røsti poteter, fløtesteikt sopp og broccoli og steikte tomater. Sidan det er helg har det jo og blitt litt kos, både sunt og meir sukkerhaldig:




Frukt, nøtter og sjokolade med vaniljekesam er verkeleg snadder! :-)


Etter litt påtrykk frå forskjellig hald, har eg latt meg overtale til å legge ut nokre bilder etter at eg jobba på eigahand på kjøkkenet for nokre dagar sidan. Eg skulle lage ein ny porsjon med påleggssalat, noko som eg har gjort opp til fleire gonger før utan problem... Det vert sagt at bilder seier meir enn tusen ord.....


Bortsett frå rotet, er det noko som ikkje skulle vore i bildet??


Kva med i håret mitt???


Sjølv kor svak eg er, så har eg for første gong i mitt liv klart å få ein tube med remulade til å opne seg i feil ende og leke fontene! Reaksjonen var eit ganske så ukultivert, høgt og langt ul! Sambo sto tvekroka og lo til tårene trilla! *hrmpf*


Jaja, håpar du fekk deg ein god latter. Når eg hadde fått tørka opp det verste såg eg og det komiske i situasjonen... ;-)


Ha ei god helg!

Award!

Whooho!!! Eg har fått tildelt min første award: "The Stylish Blog Award"!! Det er kollega Solveig med bloggen Kvardagsgleder som har gitt den til meg! Tusen, tusen takk! :)

The Stylish Blogger Award er en stafettpinne-utnevnelse.  Eg må nå:  fortelle 7 ting om meg sjølv, velge ut 15 frå min eigen bloggroll og gje "The Stylish Blog Award" videre til dei, linke ei takk tilbake til ho eg fikk "The Stylish Blog Award" av, og gje beskjed til dei 15 eg velge om at dei har fått en award.

Oki, mine sju punkt:
  • Eg har gode forsett om å bli flinkare til å gå tur.
  • Eg er veeeeeeeldi glad i Quality street!
  • Avhengig av mentholatum lipsylen du får kjøpe på apoteket.
  • Har ein hyperaktiv hund på snart tre år som er eit høgt skatta familiemedlem.
  • Er glad i håndarbeid som strikking, hekling og hardangersaum, men er ikkje fullt så flink til å gjere ferdig dei forskjellige påbegynte prosjekta. *kremt*
  • Har lyst på sånn fancy kaffimaskin, sånn med kapslar vettu. ;)
  • Eg er til tider ein lesehest!

Eg gjer "The Stylish Blog Award" vidare til:

Elisabeth's hus <3 <3 
Min vinterverden 
Emmelines blogg 
fryd&forandring 
Frk. Wickstrøm 
A bit (ch) shy 
Lenes Kakeverden 
Home by Virginia 
Noe på Hjertet <3 
Amatør kokken Tove! 

Håpar opp til fleire tar imot utfordringa! :)

torsdag 13. januar 2011

Pakke!!

I dag fekk eg pakke i posten!! weee!

Nøkkelskap! :)


Fleire med gode forsett for 2011??

Nå kan regnet bare komma!

Tenkte eg måtte vise eit skrytebilde av eit babyteppe eg strikka til ei venninne. Ho har fått teppet, men me ventar enda i spenning på knøttet som skal komma!



Teppet vart strikka i lilla fordi det er ho mor sin yndlingsfarge. :) Flott mønster? Var faktisk ikkje særleg vanskeleg heller.

Det vart ein enkel middag i dag:


Frossen lapskausblanding med laksefilet frå butikken sin frysar på toppen. Eg hadde kappa opp litt broccoli i tillegg til lapskausblandinga. Helte over litt fløyte og satte forma i ovnen i ca ein halvtime på 200 grader. Ikkje dumt! :)

onsdag 12. januar 2011

Onsdagstur...

Var eit fantastisk vintervær på turen min i dag.











Eg og Akeela tok turen opp Onarheimslia etter gammalt av. Trur det var ei på fire bein som og syns det var kjekt!




Utsikta på toppen:


Det var ein flott, men tung tur i masse snø! Denne turen kjem eg til å kjenne godt i morgon!

søndag 9. januar 2011

Travel helg

På fredag hadde eg besøk av bror min og ungane hans. Dei fekk spagettiform til middag, men minste frøkna syns ikkje det var noko godt! :) Ungar kan fort syns forma er rar, er for mykje rømme i toppen...
Før dei gjekk fekk dei knuse pepperkakehuset mitt:

Klar??

Må gjera jobben skikkeleg!

Nok knust?

Alt kan etast...

Noko heng kanskje meir fast enn anna...

Trur det kjekkaste for Sofie var å herje med Akeela:





Det kan til tider sjå litt skummelt ut, men desse to "kompar" svært godt i hop.

Ellers har eg hatt jobbehelg på Valen så helga har forsvunne på 1-2-3!! Satsar på å få meir ut av neste helg! :)

onsdag 5. januar 2011

Diverse ein onsdagskveld...

*sniff, sniff* Det er lyden som har følgt meg i heile dag. Huet kjennes meir ut som det inneheld bomull meir enn noko anna, og nasa smårenn jamt og trutt...  Trur sambo flykta ned på "spillrommet" etter å ha høyrt på *sniff, sniff* opp til fleire gonger i minuttet... :) Ispedd noko nysing, må ikkje gløyme nysinga!!!! Har laga meg eit "bol" i sofaen:

Pleddet ligg klart i korga...

 Det er viktig med god underhaldning, og ingen kan sei at eg ikkje kan kose meg i sofaen!!




Sunn & slank, er det noko overraskande overskrift nå i januar? Fleire med gode intensjonar? Me fekk skrittellar på jobb av sjefen, og skal ha konkurranse innad i etaten vår. Eg er redd for at den i dag ikkje vil passere 4000 steg eingong *rødme*. Eg får komme sterkare tilbake når forma kjem seg! :) Strikket skal forresten bli ei hue til ei venninne som har rota vekk den førre ho fekk... 

Som alltid når ein er sjuk har ein lov å kose seg:


Den bakerste skåla inneholdt på eit tidspunkt Quality street....

Eg og ei venninne laga trøfflar til jul (i den fremste skåla). Det var mykje enklare å lage enn me trudde i forkant, men vart ikkje min favoritt då eg ikkje er så glad i mørk sjokolade... Oppskrift som følger: 225 g mørk sjokolade, 1 ½ dl kremfløte, 1 ss konjakk (kan sløyfes), 100 g (1 ¾ dl) Dansukker Melis, 1 ss sterk, kald kaffe, Kakaopulver. Ha fløyten og sjokoladen i ei rustfri kasserolle og kok opp. Rør til sjokoladen er smelta og blandinga er jevn. Avkjøles til romtemperatur. Rør inn kaffen, konjakken og melisen. Rør til det blir ei jamn masse. Dekk til og sett kjølig i 2 timer. Form til boller som rulles i kakaopulver. Legg i papirformer. Oppbevar kjølig.

Til slutt vil eg dele oppskrifta mi på ein fantastisk god, og enkel, påleggssalat:



Kok fem-seks egg og del opp. Ha i ein boks reker eller krepsehaler (eller halvt om halvt), ein pakke majones, ein halv pakke remulade, hakka rødløk og dill. Bland alt og la det stå å "safte seg". Snadder!! :)

tirsdag 4. januar 2011

Vanlig tirsdag?


Er dette eit vanleg syn å møte når du kjem heim frå jobb??



Trur kanskje østlendingen "min" komme til å investera i piggdekk til neste vinter... Hihihi.... Syns me var veldi flinke som fekk bilen laus og ned i ein bit!

I dag hadde me kjøttpudding til middag. Testa å lage kjøttpudding ut frå stuffinga eg lagar til kalkun.





Kjøttpuddingen består av ein kjøttdeig, løk, egg, steikt bacon og sopp, ein boks rømme, salt og pepper. Bland alt (gjerne i foodprocessor), ha det i ei brødform med papir i bunn og steik i 45 minutt på 180 grader.

Server med poteter, kålstuing og tomatsaus.

Tomatsausen laga me av seks tomater som vart snitta og kokt før ein fjerna skinnet. Kjør dei i ein blender eller foodprocessor for å få ein glatt saus. Kok opp med løk, krydre med salt, pepper og sukker.

Abolutt ein rett å anbefala!!!

- Laila -